Innlegg arkivert under ‘Politikk’



Retorikk

17. March 2010

I går var eg med på å opne eit nytt retorikkstudium ved Universitetet i Oslo. Det var ein morosam seanse, med mange entusiastiske og glade menneske som er opptekne av språk. I daglegtale tenker vi ofte at retorikk betyr å vere veltalande. Det gjer det, men det breiare perspektivet på faget er at det er læra om å overtale andre ved språk og kommunikasjon. Like så mykje som å lære oss å overbevise andre, er det fagets oppgåve å avsløre kva vi gjer for å overbevise eller overtale andre. Ikkje minst vi politikarar.

Ein av Noregs framståande ekspertar på retorikk, danske Jens E Kjeldsen, skriv om det her.



Torbjørnrud

12. March 2010

I det helga startar har eg sett meg grundig inn i materialet til Torbjørnrud, sjølv om det gjenstår ein del arbeid med det. Torbjørnrud er kallenamnet på regjeringas første budsjettkonferanse av to. Eg skreiv ein post i fjor som gjer ei kort oppdatering på kva som skjer her, og korleis budsjettprosessen er.

I år er det mykje merksemd om denne fordi den ekspansive politikken frå i fjor og i år gjer at statens pengebruk dei neste år må ned (gradvis). Sigbjørn Johnsen argumenterer for det her. Det inneber også at det oppstår alle slags spekulasjonar om kutt, og at det dessutan har kome opp ein debatt om det er naudsynt for regjeringa å velge mellom målsettingane om å auke satsinga på velferd og å halde skatte- og avgiftsnivået uendra.

På konferansen vert alle sider ved norsk økonomi diskutert, både pengebruken, renta og skatt, men ikkje minst kva område det er behov for å satse på dei neste åra.

På biletet ser du regjeringa i samband med budsjettkonferansen for 2009-budsjettet, i mars 2008.



Gratulerer!

8. March 2010

Eg orkar ikkje kommentere ho Nabintu Herland, eller andre av dei meir kuriøse utspela på denne dagen, men nøyer meg med to ting:

Det eine er å gratulere med dagen.

Det andre er å seie at Yssen og Simonsen jo sjølvsagt tar feil i si spissformulering om at kvinner ikkje bør få barn (det er jo ei spissformulering) men har rett i mykje av det som ligg bak formuleringa. Kvinner som får barn taper i snitt økonomisk og karrieremessig. I tillegg verkar mange av forventningane til rollen negativt; I den offentlege forestillinga er det mor, ikkje far, som er dårleg dersom noko er galt med ungane.

Både harde økonomiske realitetar og rollar må endrast om vi skal kome vidare på dette feltet.



1000 år i eit hopp

3. March 2010

Vi snakkar om å “hoppe etter Wirkola”. Det betyr å kome etter noko stort.

No blir det “å hoppe før Anette Sagen” . Det betyr å gjere noko småleg og nedlatande.

Så skjedde det. Nokre staute mannfolk skulle sjekke at bakken var i orden før vi slapp utfor den skjøre lille fuglen Anette Sagen. Det er 1000 års likestillingskamp oppsummert i eit hopp. Usynleggjort, umyndighjort og nedvurdert. Folk rasar, faren til Anette rasar.

Forsøka på å bortforklare verkar unekteleg ganske søkte. Det er som du kan høyre dei stå og humre og seie til kvarandre at det vart ei ordning på det til sist.

Eller kanskje tek eg feil. Kanskje er det ein god grunn til det heile, eller kanskje er det ein serie feil og dårlege vurderingar? Ikkje veit eg, men eg synast vi bør få vite. Eg meiner ofte at vi politikarar legg oss borti mykje rart vi bør ligge unna, og at den politiske debatten kan handle om små symbol framfor stor substans.

Men ingen regel utan unnatak. Og i denne symboltunge saka synest eg kulturminister Anniken Huitfeldt skal kalle norsk idrett inn på teppet og kreve at saka vert undersøkt til botnen, og at det vert gjort grep for å stoppe den undertonen av diskriminering og usynleggjering som av og til poppar opp. Norsk idrett får til mykje, men har openbart ein veg å gå når det gjeld likestilling.



Trykk teikningane

7. January 2010

Det nye året byrja med nok eit alvorleg angrep på ytringsfridomen. Den danske teiknaren Kurt Westergård, mannen bak dei etterkvart så berømte Muhammed-karikaturane, vart utsett for eit brutalt angrep.

Eg har i fleire år meint at det rette for norske aviser må vere å trykke teikningane når det er nyhenderelevant. Eg har også sakna politiske stemmer i debatten som seier at dei bør trykkast. Eg har imidlertid ikkje gjort noko med det sjølv, eg har skugga banen.

Eg synest ikkje lenger eg kan la vere å seie kva eg meiner, fordi eg meiner det er viktig. Det sentrale er ikkje kva ein avisredaktør gjer med ei teikning, og det er til di grader ikkje eg som skal bestemme det – eg får vel snarare kritikk av redaktørane for å meine noko om det. Det sentrale er ein større debatt om religion og ytringsfridom. Det er også ein politisk debatt for politikarar, og den er aktualisert av debatten om karikaturane.

Det finst argument i ulik retning. Martin Grüner Larsen og SVs Akhtar Chaudry argumenterer begge (på ulikt vis) godt for seg.  Akhtar får elles heilt urimeleg kritikk i dagens Aftenposten, og vert stempla som ein konservativ muslim. Dei som kjenner det må kjenne han dårleg, og har heller ikkje fulgt med på hans arbeid for likestilling og respekt for homofile. Han er liberal, som dei som kritiserer han er. Hans vurderingar i denne saka er då heller ikkje konservative; Han er tydeleg på ytringsfridomen og at det er greit å publisere teikningane, men konkluderer annleis om klokskapen i det.

La meg også seie dette: Det er ikkje openbart lett å sjå kvifor Jyllandsposten i første omgang trykte teikningane. Ytringsfridomen gjev høve til det, men inga plikt eller oppfordring om å trykke harsellas. Det skal gode grunnar til for å kritisere andre på eit vis dei kan finne krenkande. Konteksten er også viktig her. Den danske debatten om det fleirkulturelle samfunnet har hatt sterke trekk av demonisering av Islam, og som Martin Grüner Larsen i Klassekampen argumenterer for  går teikningane inn i dette biletet.

Men dei er sett på trykk. Og det skal sjølvsagt vere lov å krenke andre på trykk. Ikkje minst skal det vere lov å krenke ein religion. Spørsmålet no er eit heilt anna.  Å trykke teikningane i dag – eller under bråket rett etter publiseringa – er ikkje ein måte å uttrykke støtte til bodskapen i dei på (med mindre ein aktivt presenterer det slik). Det er å vise dei for å illustrere ei aktuell sak. Eller det kan vere eit “statement” for ytringsfridomen.

Eg meiner medier bør setje dei på trykk av begge grunnar. Det er openbart at det å setje dei på trykk no er del av ein ordinær journalistikk. Det å ikkje trykke dei krev grunngjeving no. Dei argumenta som då kjem held ikkje meiner eg. Kva er desse?

Det er ikkje nyhenderelevant, hevdar enkelte. Det er ikkje mitt bord og eg kan for lite om det. Det er den enkelte redaktør som skal bestemme det. Men eg slit med å forstå det. Kor mange trivielle bilete og teikningar vert ikkje trykt i aviser og på nettet dagleg? Kva er nyhenderelevant om ikkje desse omtalte karikaturane er det?

Så er det fleire som argumenterer med at dei ikkje vil krenke muslimar eller religionen Islam. For det første; ein religion er ikkje eit menneske, det er eit livssyn/ideologi/tankesett. Det er avgjerande skilnad på å harsellere med eit menneske sin medfødte eigenskap som kropp eller hudfarge og ein person sine tileigna meiningar. Men det er først og fremst ein avgjerande skilnad mellom enkeltmenneske og religionar.

Det er faktisk særs viktig at politiske ideologiar, religionar, statar og andre delar av maktapparatet skal utsetjast for kritikk og harsellas. Islam er ikkje ein sårbar fugl som treng å voktast mot ytringsfridomen, det er ein religion som har makt over menneske. Slik kristendomen har det. Maktapparat må kritiserast, det bør særleg vi sosialistar vere bevisst på. Muslimar i Danmark (og Noreg) er ei anna sak, mange av dei opplever krenkingar som dei skal ha vern mot.

Dette skiljet må vi halde på. Det kan ikkje vere slik at den som føler seg krenka ved at ein ideologi eller religion får kritikk kan definere ytringsfridomen sine grenser i kritikken av den. SV har i Noreg vore den leiiande forkjemparane for likebehandling av religionar. Vi er for eit livssynsnøytralt samfunn, vi var mot kristen formålsparagraf, vi er mot statskyrkja og vi er for ein likeverdig rett til å uttøve sin religion. Vi (og andre) må også vere religionskritiske mot alle religionar.

Den mest kjende karikaturen viser Mohammed med ein dynamittgubbe på hovudet. Om den er eit angrep på religion eller korleis religion blir brukt av terroristar er tvetydig. Det er uansett krenkande for mange muslimar (men langt frå alle) å avbilde profeten sitt ansikt. Men vi må ikkje akseptere at eit angrep på ein religion (tvetydig eller ikkje) er eit angrep på dei som uttøver den. Vi må heller ikkje akseptere at det ikkje kan trykkast på grunn av at mange religiøse vil kjenne seg støtt.

Men det er også ein politisk begrunnelse eg meiner er viktig. Det å trykke karikaturane i dag er å ta stilling for ytringsfridomen foran omsynet til ikkje å splitte eller krenke. Det er å vise støtte til ytringsfridomen.

Det er i dette tilfellet ikkje slik at ytringsfridomen er formelt truga. Det er derimot eit problem dersom ein legg band på seg i sakleg og journalistisk begrunna kritikk, på grunn av konsekvensane eller på grunn av omsynet til ikkje å krenke enkeltpersonar.

Dette er dessutan ei av fleire saker som utfordrar ytringsfridomen og ser på den som relativ eller opnar for at den skal ta særlege omsyn, slik Kenan Malik argumenterer for. Frå “Sataniske vers” og framover går det ei linje mot at ein legg band på seg i kritikk av religionar for ikkje å støyte menneske. Fleire land har foreslått og innført lovgjeving som har som hensikt å avgrense medlemskap i organisasjonar eller ytringar som kan koblast til terrorisme. I Noreg har vi hatt diskusjonen om blasfemiparagraf. Dette er ulike saker, men dei har det til felles at dei relativiserer ytringsfridomen.

Eg trur det spelar ein rolle for støtten til Kurt Westergård at mange trykkar teikningane med ei eksplisitt grunngjeving i ytringsfridomen, og ei like eksplisitt forklåring som understrekar at dei er for eit inkluderande samfunn og ikkje vil ramme muslimar. Eg trur det spelar ein rolle om politikarar engasjerer seg i denne debatten. Difor gjer eg det no.

Andre som har argumentert i ulike retningar med dei same og andre argument finn du i Dagsavisen her og her, i Aftenposten,  i Stavanger Aftenblad og i det konservative Minerva



før finansdebatten; klima

25. November 2009

I dag kom nyheita om at Obama vil dukke opp under klimatoppmøtet i København i desember. Det er veldig viktig for den politiske prosessen med å få til ein avtale, og det vil sette heile verdas merksemd mot klimatoppmøtet.

Her heime trur eg finansdebatten, som går i heile morgon, vil ha klima som eit hovudtema. Det er sjølvsagt på grunn av biodiesel-saka som har dominert totalt den siste tida. Biodiesel skal vere, i tilfelle nokon har gløymd det, eit klimatiltak. Men det er også på grunn av at opposisjonen grunnlaust hevdar vi har gravlagd klimaforliket. Dersom opposisjonen bestemer seg for å sette politisk spel framfor klimaforliket er det sjølvsagt ingenting vi kan gjere for å hindre at det døyr. Men det er ikkje brote, lista til Venstre heldganske enkelt ikkje mål. Det vil bli fulgt opp så godt det lar seg gjere av oss, og vi har dialog med opposisjonen om det.

Så vil sjølvsagt finansdebatten handle om klima fordi det er få veker til København, og fodi det er den viktigaste utfordringa for menneska i vår tid.



1 år med blogg

22. November 2009

Den 17.november var det eit år sidan eg starta å blogge. Eg har i den samanheng tenkt litt på vegen vidare for bloggen og bruk av sosiale medier, og har tenkt å invitere til diskusjonar og innspel om det.

Men først; ei lita oppsummering. Diverre er kommentarane til innlegga mine  borte på nokre tidlege innlegg, truleg pga nytt kommentarsystem.

Mitt første blogginnlegg var også ei slags programerklæring og forklaring på kva eg ville. Den står seg bra framleis. Det viktigaste tillegget er at eg i dag har eit langt meir utvikla syn på sosiale medier og bruken av desse.

Den første månaden lanserte eg også vekas plate, ein spalte eg veit at mange har hatt mykje glede av (meg inkludert). Den første posten som genererte ein del presseomtale og trafikk var min hyllest til The Black Sheeps.

Den 1.februar starta eg å bygge opp eit register over skulebloggar, altså bloggar som skriv om og frå skulen. Det vart etterkvart utvida til barnehagen.

Den fremste bruken av bloggen min har vore og er politiske innlegg om ulike saker. Eg har naturleg nok skrive mange innlegg om utdanning, men eg har også skrive om andre tema som engasjerer med som internasjonal politikk, klima, finanskrise og teknologi. Eg har dessutan lansert forslag – til dømes om organdonasjon.

Innlegget frå februar der eg lanserte ein ny måte å tenke rundt fildeling på førte til meir enn 60 kommentarar, omtale i ei rekke internasjonale aviser og masse debatt i meir enn eit halvt år etterpå.

I april/mai skjedde to ting som var …vel, ikkje banebrytande, men litt nyskapande i bloggverda.

VGnett sin redaktør la igjen ei årsaking i kommentarfeltet på bloggen min etter at eg hadde skrive dette innlegget (kommentaren frå han ligg eit stykke nedi posten). Eg gjennomførte også den første digitale spørretimen av ein politikar, med om lag 250 spørsmål og i periodar dobbelt så mange som fulgte den på nettet.

I juni ba eg om råd til utforming av den nye vurderingsforskrifta. Eg fekk over 30 råd, og den vart endra som følge av denne runden.

Valkampen var hektisk, men eg rakk ein ny digital spørretime (denne gongen strema live) i samband med SV si valkampopning, samt eit sjakkparti mot Magnus Carlsen.

120 råd (sånn ca) kom det inn då eg ba om innspel til Soria Moria 2. Mange vart fulgt opp, andre vart det ikkje.

Dette var enkelte korte høgdepunkt frå året som gjekk. No skal eg snart i pappaperm, og det vil nok prege innhaldet her på bloggen. Som sagt over har eg tenkt litt på vegen vidare, og vil ikkje minst involvere fleire i det. Følge med på meir om det framover, men legg allereie no igjen ditt synspunkt her.



StoppDLD.no

4. November 2009

Kampanjen Stopp Datalagringsdirektivet er stifta. Vellukka stiftelsesmøte i går vil eg seie. Mykje folk, politisk breidde, mediemerksemd og velorganisert. Dette kan bli spennande.

Her kan du skrive under på oppropet slik mellom anna eg har gjort.

Den vidare prosessen no er truleg at Regjeringa vil sende på høyring eit framlegg om implementering i norsk lov før jul. Så vil dette kome til Stortinget ein gong neste år.



Datalagringsdirektivet

2. November 2009

I morgon vert kampanjen Stopp Datalagringsdirektivet lansert i Fritt Ord sine lokale i Oslo. Ei rekke personar og organisasjonar frå venstre til høgre står bak. Eg skal dit å snakke på opningsarrangementet.

Datalagringsdirektivet er blitt aktualisert i det siste fordi det står for tur til godkjenning (eller avvising) av Stortinget for å bli norsk lov, og fordi Soria Moria 2 opnar for at regjeringspartia vil stille seg ulikt.

Det kan høyrest tungt og kjedeleg ut, men er viktig. Direktivet vil pålegge teleoperatørar og nettleverandørar å lagre informasjon som trafikkdata om oss over ei viss tid. Etter visse vilkår kan desse så bli utlevert og teke i bruk i kampen mot kriminalitet. Ei god hensikt, men er det eit godt middel?

Vi som brukar mobil, kort, PC og andre elektroniske verktøy etterlet oss ei mengde spor i dag. Dette er spor som kan dokumenterast og lagrast på eit heilt anna vis enn dei fysiske spora etter oss på gata eller i marka. Samstundes er mange av spora private. Dei er uttrykk for bruk av viktige og daglegdagse reiskapar. Vi seier mykje privat med nettbruken vår, kanskje og med kortbruken. Mobiltelefonen vert av mange i dag brukt like personleg som ein samtale der den andre er til stades?

Vil vi at slike data skal lagrast og brukast meir? Eg meiner dette er eit stort spørsmål. Det dreier seg om daglegdags og privat informasjon som i framtida kan takast i bruk, men også spreiast og misbrukast på eit heilt anna vis enn i dag. Vi veit lite om kva bruk det kan vere sterke argument for om kort tid, eller kva unnatak for utlevering som kan bli aktuelle.

Eg er mot datalagringsdirektivet.

1) Fordi eg ikkje ønskjer denne utviklinga, og eg ser ikje at dei personvernmessige problema er tilbakevist på ein god måte. Tvert om, potensialet for feil og bruk og seinare endra bruk verkar å vere der.

2) Eg kan ikkje sjå at det er dokumentert at kampen mot kriminalitet vil bli klårt styrka av direktivet, og at dei gode motforestillingane difor må vike. Eg meiner behovet for slik lagring og utlevering av data ikkje er godt nok dokumentert.

3) Datatilsynet, personvernkommisjonen samt ei rekke sentrale personar og aktørar i inn- og utland er kritiske (Vampus har godt gjennom det på ein bra måte). Det vil eg seie gjer bevisbyrda særleg stor for å innføre direktivet.

4) Det er ingen ting som tydar på at EØS-avtalen vil bli truga eller sett ut av spel av eit nei til direktivet. Tvert om meiner to sentrale ekspertar på EØS-rett

AP er, i følge Soria Moria 2, for direktivet dersom det ikkje har negative konsekvensar for personvernet. Då vert det vår oppgåve å overbevise dei om at desse konsekvensane finst.

Med Høgre er det litt annleis. Dei er skeptiske til direktivet, men meiner dei kan påverke det ved å seie ja. For det første vil eg jo seie at det ligg i Høgres konservative grunnhaldning å seie nei til dette. Det erlike naturleg at Høgre skal vere mot som SV. For det andre er det jo slik at Høgre verkeleg kan påverke i denne saka. Ikkje litt, men heilt og fullt. Det kan bli den einaste saka opposisjonspartiet Høgre avgjer i denne stortingsperioden. Ved å seie nei kan dei påverke, ja avgjere saka. Og følge sin eigen ideologi. Dei treng berre å vere det dei er, opposisjonspartiet Høgre.

No treng vi ein grundig debatt om ei sak som er særs viktig. Min nestleiarkollega Audun Lysbakken har tidlegare skrive om det. Vår nye stortingsrepresentant Snorre Valen går truleg inn i styret for kampanjen. Og eg vil gjerne ha synspunkt, hjelp med argument og råd om korleis vi bør gå fram i denne saka.



Monarki eller republikk?

15. October 2009

Dette er ikkje det mest dagsaktuelle spørsmålet i norsk politikk. Det er heller ikkje det som vil påverke  folks daglegliv mest.

Det er imidlertid eit av dei store prinsippielle spørsmåla som fortener å bli diskutert med jamne mellomrom. Det er grunnen til at SV ein gong kvar stortingsperiode legg inn eit grunnlovsforslag om å endre statsform. Vi veit vi ikkje får fleirtal, men vi meiner forslaget skal reisast.

Debatten blussar også opp i mediene med jamne mellomrom. NRK2 sitt program Spekter har også sett det på dagsorden, og eg medverkar saman med ei rekke andre politikarar.

Det er eit godt argument for monarki: Det vi har verkar bra. Vi har eit bra kongehus, og det er få problem med monarkiet. Noreg er eit demokrati uansett om vi kallar oss monarki eller republikk. Kvifor endre på noko som fungerer? Det er nok også grunnen til at debatten er så lite oppe.

Andre argumenterer med at det står så sterkt i folket, at det representerer tradisjon og historie og at det er samlande. Det synest eg ikkje er så gode argument. Tradisjonen og historia knytt til Kongehuset ville vere der sjølv om vi endra statsform. Samlande symbol og verdiar er ikkje berre noko land med Kongehus har. Eg meiner dessutan at ein politikar skal seie korleis ting bør vere. Kva vi vil ha, ikkje berre kva vi har og kva folk vil ha.

Då meiner eg svaret er openbart. Det prinsipielt riktige er at vi skal velje vårt statsoverhode, ikkje at funksjonen skal gå i arv.

Enkelte seier at vi aldri vil få endra dette. Det trur eg kan vere feil. Det same sa alle om statskyrkja for eit tiår eller to sidan. No er den i ferd med å bli avvikla, sakte men sikkert.

Ei avvikling av monarkiet ligg langt, langt  fram i tid. Det må ha rimeleg brei støtte, det må skje gjennom ei folkerøysting og ein styrt prosess. Dersom det skal skje. Eg trur mitt syn vil vinne meir og meir støtte. Den største hindringa for det er nok at vi har eit kongehus som er dyktige, folkelege og som mange respekterer og ser opp til.