Innlegg arkivert under ‘Nettet’



Digital spørretime 11.august kl 12.30

10. August 2009

 Audun Lysbakken og eg inviterer i dag til digital spørretime kl 12.30

SV har valkampopning i dag. Etter den vil vi følge opp pressekonferansen på Parkteateret med ei digital valgkampopning. Allereie no kan du stille spørsmål til Audun og meg på http://rettvenstre.no og http://bardvegar.no. Skriv  i kommentarfeltet til denne posten. Hugs å skrive spørsmålet ditt på bloggen til den du vil skal svare. Dei 5 mest populære spørsmåla frå kvar blogg vil bli besvart mellom 12.30 og 13.30 i morgon. For å stemme kan du lage ein profil her.

I tillegg til at innsendte spørsmål vil få svar, vil det også foregå ei livesending i Cover It Live der alle er invitert til å stille spørsmål om SVs valkamp og politikk. Dette kan du gjere direkte i Cover It Live vinduet eller via twitter med hashtagen #SVlive.

Vi prøver oss med denne kombinasjonen no, så får vi sjå korleis det går. Eg trur det kan skape litt meir system i dei innsendte spørsmåla, samstundes som ein faktisk kan kommentere og forhalde seg til det som skjer på opninga.

Her kan du følge spørretimen:

http://bardvegar.no

http://rettvenstre.no

http://sv.no



Nytt kommentarsystem

29. June 2009

I dag har eg installert eit nytt system for kommentarar på bloggen. Tanken er at det skal bli lettare å halde i gang dei diskusjonane som er her og som gjer meg mykje spennande input.

 

Tanken er også at det skal gjere det enklare å halde digital spørretime framover, ved at dokke skal kunne stemme fram dei spørsmåla dokke (først) vil ha svar på. I tillegg skal det bli lettare å følge tråden mellom spørsmål og svar. Eg vil gjerne ha innspill og synspunkt på korleis dokke trur dette vil fungere.



Valgprat.no

17. June 2009

Valgprat.no er eit nytt og spennande konsept, der dei samlar bloggar du kan følge i valkampen. Dei har inngått eit samarbeid med Aftenposten om dette. Sjekk den ut.

Eg skal på tur til Romerike i dag!



Iran og IFPI

16. June 2009

I Iran held den politiske krisa fram, og det vert tala om dei største demonstrasjonane og mest alvorlege politiske krisa sidan revolusjonen for tre tiår sidan. Voktarrådet har avvist nyval, men dei har opna for ei ny opptelling av valet. I går skreiv eg at det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen. Andreas Halse sin blogg er imidlertid ein god inngang til meir oversikt.

Journalistar vert no utsett for press og oppfordra om å dra frå landet. Det er fort eit teikn på at det kan gå verkeleg ille.

Framleis er sosiale medier best på den raske oppdateringa på det som skjer, og viktige for å få informasjon ut. På NRK Beta skriv dei i dag om mitt tema frå i går, Twitter og valet i Iran. Men journalistar er sjølvsagt uunnværlege for kvalitet, nyansar og djupne i dekninga.

Her heime har IFPI og andre organisasjonar i dag tatt internettleverandøren Telenor til retten. Same dag kjem det fram at bokbransjen også engasjerer seg for at advokatfirmaet Simonsen skal få forlenga sin konsesjon til å overvake og kartlegge ulovlege fildelarar.

Det er fleire trekk som tydar på at norske bransjeinteresser vel ein strategi med overvaking og privat rettshandheving mot ulovleg fildeling. Eg er mot ulovleg fildeling, men dette er feil strategi slik eg tidlegare har skrive. NTNU-professor Arne Krokan har gode poeng om det same.

I staden må vi følge det sporet som nestleiarkollega Audun skildrar i dag. Det dreier seg om vi skal følge den norske kulturpolitiske tradisjonen med å finne ei kollektiv vederlagsordning som sikrar opphavsmenn, gjer tilgang til kultur for mange og utnyttar føremonene ved spreiing av kultur. Biblioteka, NRK-lisens, kasettavgiftsfondet og TONO-avgift er ulike døme på at denne tenkinga har dominert norsk kulturpolitikk.



Internett viktigare enn TV i 2013?

9. June 2009

Eg trur at stortingsvalet i 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn nett, og at framtidas politikarar må vere like gode på nett som på TV.

På torsdag og fredag snakka eg på semniar arrangert av NRK og Institutt for Journalistikk, begge stader saman med mellom andre Jodi Williams. Williams deltok i kampanjen til Barack Obama der ho arbeidde med sosiale medier. Ho har også jobba i kampanjen til Howard Dean, som eg har omtalt før her.

Eg hevda i mitt innlegg at valet i 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn internett. Det har eg fått enkelte reaksjonar på, frå “jaha?” via “folk likar TV” til “ja, du har rett!”. La meg difor begrunne påstanden litt meir.

I Noreg i 2005 var internett den minst viktige av ei rekke kjelder til informasjon om valet. Guro Stavn refererte på twitter resultat frå spørsmål til veljarane om dette frå Aardal 2007 (som eg for så vidt også har lese sjølv). Rekkefølga er der 1. TV 2. Avis 3.Diskusjon 4. Regionaviser 5. Radio 6. Nettaviser 7. Internett.

I USA i 2004 var biletet det same. TV dominerte stort, internett var lite. I nominasjonsfasen før 2004-valet var TV størst som informasjonskjelde til valet. 45% hadde TV, 40% aviser og 13% internett som viktigaste kjelde til informasjon. I 2008 var dette sterkt endra i den same fasen. 32% hadde TV som viktigaste kanal, 31% aviser og 24% internett. I gruppa 18-29 år internett viktigast for 42%.

I innspurten veks TV, og er viktigast for 62% (ned frå 68% i 2004). Aviser blir verande på same nivå (31%), medan eg ikkje sit på direkte samanliknabare tal for internett (altså kor mange som har det som viktigaste kjelde). Kjelda mi her er ein presentasjon av Diane Owen, Professor i statsvitskap ved Georgetown University. Ho framhevar imidlertid at auken i bruk av nettet er robust gjennom heile valkampen, og gjennom ulike typar bruk.

Det finnast anna informasjon som understøttar dette. The Pew Internet sin rapport The Internet’s Role in Campaign 2008, som eg vart merksam på via Bente Kalsnes sin blogg, viser at 55% av alle vaksne brukte nettet til å skaffe informasjon eller delta i den politisk prosessen ifm valet. Eg saksar nokre utdjupingar frå rapporten:

  • Nearly one in five (18%) internet users posted their thoughts, comments or questions about the campaign on an online forum such as a blog or social networking site.
  • Fully 45% of internet users went online to watch a video related to the campaign.
  • One in three internet users forwarded political content to others. Indeed, the sharing of political content (whether writing and commentary or audio and video clips) increased notably over the course of the 2008 election cycle. While young adults led the way in many political activities, seniors were highly engaged in forwarding political content to their friends and family members.
  • Young voters continued to engage heavily in the political debate on social networking sites. Fully 83% of those age 18-24 have a social networking profile, and two-thirds of young profile owners took part in some form of political activity on these sites in 2008.
  • Det finst ingen automatikk i at dette skal skje i Noreg også. Men det finst nokre argument for. Vi har mange nettbrukarar. Om lag 70% av alle nordmenn er daglege nett-brukarar, og bruken er stor (meir enn 60%) på tvers av kjønn og alder opp til pensjonsalder. Den er skeivare fordelt etter utdanning, men for alle med vdg. utdanning eller meir ligg den over 60%. Nordmenn er også aktive i sosiale nettverk. Eit stort fleirtal av unge deltek.

    Det avgjerande spørsmålet for om dette vil skje er likevel om det er vilje, engasjement og påtrykk for at politikarar må gå på nett. Eg meiner vi bør fordi det kan demokratisere politikken, slik eg har argumentert for før. Eg trur også vi vil føle oss nødt til det. Eg trur framtidas politikarar blir like avhengige av å vere nettkyndige som å vere TV-kyndige. Om det skjer står på om veljarane krever det av oss, og det står på om vi i partia ser føremonene. Det står også på om vi vil bruke nettet sitt potensiale for deling og dialog, eller om vi vil bruke det mest som ein ein-vegs kanal.

    Difor seier eg at valet 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn nett. Det kan vere det, og det bør vere det.



    Bloggcamp09

    7. June 2009

    Eg var invitert til Bloggcamp 09 i Kristiansand helga 19-21.juni. Arrangementet er Noregs første bloggfestival, og det er bloggar og gründer Thomas Moen som står bak. Ei rekke profilerte bloggarar er påmeldt, og kjente personar frå nett- og teknologimiljø skal halde foredrag.

    Det at eg sjølv måtte seie nei til å dra hindrar meg ikkje i å tilrå arrangementet, som ser veldig spennande ut. Prøv det ut!



    Three Strikes – Politiske parti må svare

    14. May 2009

    I følge Dagbladet har Frankrike vedteke den omdiskuterte “Three strikes” lova på tirsdag (PS: det er ikkje eit fikenblad Sarkozy viser størrelsen på på biletet). Denne lova er omtalt og omdiskutert også i Noreg. Frankrike er truleg det landet som har gått lengst i privatisere forfølging av fildelarar og straffe lovbrot strengt.

    Denne lova pålegg nettleverandørar å gjennomføre tiltak mot personar som deler opphavsrettsbeskytta materiale med andre. Kundar skal etter tre advarslar stengast ute frå nettilgang i 2-12 månedar, i følge Jan Omdahl sin artikkel på Dagbladet.no (sjå link over). Du kan heller ikkje få tilgang via ein annan nettleverandør. Dette kan skje utan ei rettsleg handsaming i kvart enkelt tilfelle. Torgeir Waterhouse i IKT-Norge argumenterer sterkt mot tiltaket i denne artikkelen. I følge same artikkel er det franske vedtaket stikk i strid med eit vedtak i EU-parlamentet i forrige veke!

    Eg fryktar at denne typen tiltak vil få oppslutning også i Noreg. Nabolandet vårt Sverige har vedteke den såkalla Ipred-lova, og i Noreg pressar platebransjen på for liknande tiltak.

    Dette må bli ein politisk debatt før valet. Alle nettbrukarar bør kreve av oss politikarar og våre parti at vi klargjer nokre sentrale punkt:

    - Skal nettet openheit og nøytralitet trugast av utestenging utan dom?

    - Er det aktuelt å tillate at private aktørarar kan overta oppgåver som normalt politi og påtalemyndigheit har i jakt på fildelarar?

    - vil vi ha intensivert overvaking av nettet for å ta fildelarar?

    SV og mine svar på spørsmåla er nei. Det er imidlertid interessant å få svar frå alle parti, ikkje minst dei som no seier at vi bør slå hardare ned på fildeling. Kva er det dei vil gjere?



    Evaluering av digital spørretime

    7. May 2009

    Takk igjen for mange gode spørsmål i digital spørretime. Eg må innrømme at det var utruleg morosamt. Litt leit at over halvparten av spørsmåla var ubesvart, men det er også eit sikkert teikn på at eg må gjere det igjen.

    Det var fleire ting som ikkje fungerte så godt som det burde, og vi må sjå etter forbetringar til neste runde. Eg treng hjelp av dokke til det. Difor, evaluering fase 1; Kommenter her. Skriv inn di oppleving av møtet, med særleg vekt på kva som må fungere betre. Kom også med framlegg til kva vi skal gjere med det.

    Oppdatering 22.25; Til dei eg ikkje fekk svart; Eg synest det er dumt, eg hugsar at eg nesten hadde dårleg samvit for det der eg sat og svarte. Men ser no at eg faktisk svarte på 46 spørsmål, ikkje verst. Trur det er eit nesten uløyseleg problem. Er det mange nok spørsmål får du ikkje svart på alle.



    Velkommen til digital spørretime

    6. May 2009



    Digital spørretime – spørsmål frå 13.00 onsdag

    5. May 2009

    Ser at dei del har sendt tweets med spørsmål på #spørSolhjell allereie. Eg må skuffe med at berre dei som sender inn spørsmål mellom 13-15 vil kome med i sjølve spørretimen. Vi har gjort det slik denne gongen, eg berre minner om det. Vi sjåast i morgon!