Innlegg arkivert under ‘Nettet’



StoppDLD + sprut

11. April 2010

I går heldt eg appell på Stopp DLD (datalagringsdirektivet) sitt arrangement i Oslo. Dette er ei sak som engasjerer meg meir og meir må eg seie, difor var eg der til trass for at det var litt komplisert logistikk for meg i å få det til. Dei som har meir erfaring med å telle enn meg hevdar det var om lag 450 menneske der. Under ser du appellen min, meir  om dette finn du til dømes på bloggen Frank Eivins verden

Denne saka splittar både regjeringspartia og opposisjonen; AP er for, medan SVog SP er mot. KrF, V og truleg FrP er mot (men delt) medan H er delt (men leiinga verkar å vere for). Den går såleis inn i eit mønster av saker der regjeringspartia har ulikt syn, og der opposisjonen gjerne også har det. Dette erikkje nytt, vi hadde mange i forrige periode også. Dei kjem gjerne på miljø- og energi, i innvandringspolitikken og i ulike verdispørsmål, sjølv om det også erandre døme.

Mange skriv om dette om dagen. Dei ramsar typisk opp alle problemsakene for regjeringa (sjå til dømes i Dagsavisen), og hevdar at dette svekkar den og at den kan sprekke. Eg meiner dei bommar nokså fundamentalt, og erlitt overraska over at erfarne kommentatorarar og journalistar ikkje har lært. Og har meir fantasi.

Det er business asusual foross å handtere vanskelege saker. Det er det fleirtalsregjeringar med ulike parti gjer. Vi har gjort det i fire og eit halvt år. Eg forstår godt at mange var spent på om vi var førebudd på det dei første åra, men ikkje no.

I den grad noko trugar den raudgrøne regjeringa, erdet om vi ikkje klarer å vise veljarane at vi har eit klart politisk prosjekt, og står for ei anna retning enn høgresida (og for SVs del – noko anna enn om det berre var AP). Folk forventar noko heilt basic; At ei raudgrøn regjering skal vere grøn og raud. Den må ha på Noreg leiartrøya internasjonalt i miljøpolitikken, og den må ta tak i miljøproblem her heime. Den må omfordele, og den må bygge ut – ikkje bygge ned – velferden.

Eg kjende meg att i Kristin Halvorsen sin kommentar om at vi manglar “sprut” om dagen. Like fullt, det store biletet er annleis. Her argumenterer eg for kva vi i SV har fått til i eit innlegg som stod i Dagsavisen på fredag. Det var eit svar til ein som hevda at vi måtte trekke oss frå regjeringa fordi alt var mislukka.

Omsorg for venstresida  

Det er ei særleg form for omsorg dette. Ein mann som ikkje ville stemt SV med ein pistol mot tinningen vil ha oss ut av regjering for å redde demokratiet.

Svein Tore Marthinsen har dei siste åra slått seg opp som valanalytikar i media. Han er samstundes ein mann som blandar analyse med sterke politiske meiningar frå høgre. I Dagsavisen 6. april slaktar Marthinsen SV. Eller rettare sagt; han vil ha oss ut av regjeringa og forkler det som ein analyse: SV bør vere eit korrektiv til Ap (ikkje eit styringsparti), vi burde snakka om å avskaffe kapitalismen (i staden for å redde arbeidsplassar) under finanskrisa og vi bør vere venstreopposisjon i staden for å sitte i regjering. Om SV ikkje går ut av regjeringa og finn tilbake til denne rolla (som venstreopposisjon) «har noe fundamentalt gått tapt i vårt demokrati». Intet mindre.

Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattformen i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.

Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølga som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.

Dette er resultat av at SV sit i regjering. Både vi sjølv og våre venner på den europeiske venstresida skulle ønske vi kunne fått til enno meir. Mange er også kritisk til innstramminga i innvandringspolitikken som er gjennomført det siste halve året. Tilbakegongen ved valet gjorde at SV fekk mindre gjennomslag på dette viktige feltet. Men oppsummeringa er likevel eintydig positiv, noko som best kan dokumenterast ved å sjå på kva som faktisk skjer: I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.

SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet. Og her sviktar Marthinsen fordi han driv politisk ønsketenking i staden for analyse. Han finn opp store mengder frustrerte SV-veljarar som er misnøgde med regjeringsdeltakinga. Problemet er at dei ikkje finst når vi går til talmaterialet. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Rødt (dit frustrerte anti-regjeringsstemmer kunne tenkast å gå), men til Ap, som i langt større grad står for den politikken Marthinsen hevdar det vert protestert mot.

Med andre ord; SVs veljarar er nøgd med regjeringa og dei vil ha oss med der. Men vi må vise dei at SV er naudsynt for at resultatet skal bli bra. Målingane frå valet viser også at SV har halde på tilliten i miljøpolitikken, og at vi har auka tilliten på skulepolitikken etter eit stort fall under og etter valkampen i 2005. Tilbakegongen kom til trass for det, ikkje på grunn av det. Vegen vidare for SV går ikkje ut av regjering og tilbake i tid, men framover:

* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg.

* Vi må styrke barnevern og forebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.

* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.

* Vi må bli flinkare til å få fram resultata i regjering som halvfulle beger i staden for halvtomme krus.

For eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Høgresida sine sympatisørar som vil ha SV ut av regjering skal i staden få sjå SVs comeback.



Bloggarar i 16.etasje

5. March 2010

Fem bloggarar har blitt invitert til eit møte med statsministeren om sosiale medier og regjeringas bruk av det, melder Nettavisen. Det heile skjer i samband med prosjektet Samarbeid for arbeid.

Nokre av dei fem kjenner eg godt frå nettet; Ingunn Kjøl Wiig var ein av dei eg følgde tettast som kunnskapsminister. Ho stod også bak nettverket “Del og bruk”. Bente Kalsnes har vore lite aktiv i det siste, men er ein reflektert og kunnskapsrik bloggar og kommentator. Knut Johannessen kjem frå Flora og har bloggen Vox Populi, medan Børge kjenner eg best som forteller frå Twitter. Sjefsengel kjenner eg ikkje til frå før.

Det er moro å lese kommentarane deira om besøket på min gamle arbeidsplass. Eg kjenner igjen den sitrande kjensla ved å ta heisen opp første gong, og å gå inn på møterommet med statsministeren. Det er også veldig bra at regjeringa no gjer ein framstøyt for å bruke sosiale medier meir aktivt. Sindre Fossum Beyer har blitt rådgjevar der, noko som nok må få mykje av æra for det. Som infosjef i AP viste han at han er god på korleis sosiale medier skal brukast til å drive kampanje og profilering.

Det gjev også håp om fleire og fleire i det offisielle Noreg vil ta det neste steget også. Det neste steget er at desse mediene ikkje blir nok ein kanal for informasjon ut, men grunnlaget for ein reell dialog. Eg har skrive meir utdjupande om dette før, mellom anna her.

Skal dette skje må vi politikarar delta på dei arenaane der debatten foregår, sette av tid til det (som vi set av tid til intervju i dag), opne oss for spørsmål og kritikk, svare og bruke mediet til å få tilbakemeldingar i saker. Til å begynne med.

Det er utruleg langt igjen for både politikk og forvaltning, men vi har hatt demokrati i 2500 år og sosiale medier i mindre enn 10 år så vi får gje det litt meir tid. Og det er ein del gode døme om dagen, som UDI-sjefen på twitter og bloggen til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys gjorde også ein viktig grunnlagsjobb med IKT-satsing og open kjeldekode.

I mellomtida gratulerer eg SMK med å invitere bloggarar inn, og dei inviterte med det som sikkert var ei flott og lærerik oppleving.



1 år med blogg

22. November 2009

Den 17.november var det eit år sidan eg starta å blogge. Eg har i den samanheng tenkt litt på vegen vidare for bloggen og bruk av sosiale medier, og har tenkt å invitere til diskusjonar og innspel om det.

Men først; ei lita oppsummering. Diverre er kommentarane til innlegga mine  borte på nokre tidlege innlegg, truleg pga nytt kommentarsystem.

Mitt første blogginnlegg var også ei slags programerklæring og forklaring på kva eg ville. Den står seg bra framleis. Det viktigaste tillegget er at eg i dag har eit langt meir utvikla syn på sosiale medier og bruken av desse.

Den første månaden lanserte eg også vekas plate, ein spalte eg veit at mange har hatt mykje glede av (meg inkludert). Den første posten som genererte ein del presseomtale og trafikk var min hyllest til The Black Sheeps.

Den 1.februar starta eg å bygge opp eit register over skulebloggar, altså bloggar som skriv om og frå skulen. Det vart etterkvart utvida til barnehagen.

Den fremste bruken av bloggen min har vore og er politiske innlegg om ulike saker. Eg har naturleg nok skrive mange innlegg om utdanning, men eg har også skrive om andre tema som engasjerer med som internasjonal politikk, klima, finanskrise og teknologi. Eg har dessutan lansert forslag – til dømes om organdonasjon.

Innlegget frå februar der eg lanserte ein ny måte å tenke rundt fildeling på førte til meir enn 60 kommentarar, omtale i ei rekke internasjonale aviser og masse debatt i meir enn eit halvt år etterpå.

I april/mai skjedde to ting som var …vel, ikkje banebrytande, men litt nyskapande i bloggverda.

VGnett sin redaktør la igjen ei årsaking i kommentarfeltet på bloggen min etter at eg hadde skrive dette innlegget (kommentaren frå han ligg eit stykke nedi posten). Eg gjennomførte også den første digitale spørretimen av ein politikar, med om lag 250 spørsmål og i periodar dobbelt så mange som fulgte den på nettet.

I juni ba eg om råd til utforming av den nye vurderingsforskrifta. Eg fekk over 30 råd, og den vart endra som følge av denne runden.

Valkampen var hektisk, men eg rakk ein ny digital spørretime (denne gongen strema live) i samband med SV si valkampopning, samt eit sjakkparti mot Magnus Carlsen.

120 råd (sånn ca) kom det inn då eg ba om innspel til Soria Moria 2. Mange vart fulgt opp, andre vart det ikkje.

Dette var enkelte korte høgdepunkt frå året som gjekk. No skal eg snart i pappaperm, og det vil nok prege innhaldet her på bloggen. Som sagt over har eg tenkt litt på vegen vidare, og vil ikkje minst involvere fleire i det. Følge med på meir om det framover, men legg allereie no igjen ditt synspunkt her.



StoppDLD.no

4. November 2009

Kampanjen Stopp Datalagringsdirektivet er stifta. Vellukka stiftelsesmøte i går vil eg seie. Mykje folk, politisk breidde, mediemerksemd og velorganisert. Dette kan bli spennande.

Her kan du skrive under på oppropet slik mellom anna eg har gjort.

Den vidare prosessen no er truleg at Regjeringa vil sende på høyring eit framlegg om implementering i norsk lov før jul. Så vil dette kome til Stortinget ein gong neste år.



Datalagringsdirektivet

2. November 2009

I morgon vert kampanjen Stopp Datalagringsdirektivet lansert i Fritt Ord sine lokale i Oslo. Ei rekke personar og organisasjonar frå venstre til høgre står bak. Eg skal dit å snakke på opningsarrangementet.

Datalagringsdirektivet er blitt aktualisert i det siste fordi det står for tur til godkjenning (eller avvising) av Stortinget for å bli norsk lov, og fordi Soria Moria 2 opnar for at regjeringspartia vil stille seg ulikt.

Det kan høyrest tungt og kjedeleg ut, men er viktig. Direktivet vil pålegge teleoperatørar og nettleverandørar å lagre informasjon som trafikkdata om oss over ei viss tid. Etter visse vilkår kan desse så bli utlevert og teke i bruk i kampen mot kriminalitet. Ei god hensikt, men er det eit godt middel?

Vi som brukar mobil, kort, PC og andre elektroniske verktøy etterlet oss ei mengde spor i dag. Dette er spor som kan dokumenterast og lagrast på eit heilt anna vis enn dei fysiske spora etter oss på gata eller i marka. Samstundes er mange av spora private. Dei er uttrykk for bruk av viktige og daglegdagse reiskapar. Vi seier mykje privat med nettbruken vår, kanskje og med kortbruken. Mobiltelefonen vert av mange i dag brukt like personleg som ein samtale der den andre er til stades?

Vil vi at slike data skal lagrast og brukast meir? Eg meiner dette er eit stort spørsmål. Det dreier seg om daglegdags og privat informasjon som i framtida kan takast i bruk, men også spreiast og misbrukast på eit heilt anna vis enn i dag. Vi veit lite om kva bruk det kan vere sterke argument for om kort tid, eller kva unnatak for utlevering som kan bli aktuelle.

Eg er mot datalagringsdirektivet.

1) Fordi eg ikkje ønskjer denne utviklinga, og eg ser ikje at dei personvernmessige problema er tilbakevist på ein god måte. Tvert om, potensialet for feil og bruk og seinare endra bruk verkar å vere der.

2) Eg kan ikkje sjå at det er dokumentert at kampen mot kriminalitet vil bli klårt styrka av direktivet, og at dei gode motforestillingane difor må vike. Eg meiner behovet for slik lagring og utlevering av data ikkje er godt nok dokumentert.

3) Datatilsynet, personvernkommisjonen samt ei rekke sentrale personar og aktørar i inn- og utland er kritiske (Vampus har godt gjennom det på ein bra måte). Det vil eg seie gjer bevisbyrda særleg stor for å innføre direktivet.

4) Det er ingen ting som tydar på at EØS-avtalen vil bli truga eller sett ut av spel av eit nei til direktivet. Tvert om meiner to sentrale ekspertar på EØS-rett

AP er, i følge Soria Moria 2, for direktivet dersom det ikkje har negative konsekvensar for personvernet. Då vert det vår oppgåve å overbevise dei om at desse konsekvensane finst.

Med Høgre er det litt annleis. Dei er skeptiske til direktivet, men meiner dei kan påverke det ved å seie ja. For det første vil eg jo seie at det ligg i Høgres konservative grunnhaldning å seie nei til dette. Det erlike naturleg at Høgre skal vere mot som SV. For det andre er det jo slik at Høgre verkeleg kan påverke i denne saka. Ikkje litt, men heilt og fullt. Det kan bli den einaste saka opposisjonspartiet Høgre avgjer i denne stortingsperioden. Ved å seie nei kan dei påverke, ja avgjere saka. Og følge sin eigen ideologi. Dei treng berre å vere det dei er, opposisjonspartiet Høgre.

No treng vi ein grundig debatt om ei sak som er særs viktig. Min nestleiarkollega Audun Lysbakken har tidlegare skrive om det. Vår nye stortingsrepresentant Snorre Valen går truleg inn i styret for kampanjen. Og eg vil gjerne ha synspunkt, hjelp med argument og råd om korleis vi bør gå fram i denne saka.



Digital spørretime 11.august kl 12.30

10. August 2009

 Audun Lysbakken og eg inviterer i dag til digital spørretime kl 12.30

SV har valkampopning i dag. Etter den vil vi følge opp pressekonferansen på Parkteateret med ei digital valgkampopning. Allereie no kan du stille spørsmål til Audun og meg på http://rettvenstre.no og http://bardvegar.no. Skriv  i kommentarfeltet til denne posten. Hugs å skrive spørsmålet ditt på bloggen til den du vil skal svare. Dei 5 mest populære spørsmåla frå kvar blogg vil bli besvart mellom 12.30 og 13.30 i morgon. For å stemme kan du lage ein profil her.

I tillegg til at innsendte spørsmål vil få svar, vil det også foregå ei livesending i Cover It Live der alle er invitert til å stille spørsmål om SVs valkamp og politikk. Dette kan du gjere direkte i Cover It Live vinduet eller via twitter med hashtagen #SVlive.

Vi prøver oss med denne kombinasjonen no, så får vi sjå korleis det går. Eg trur det kan skape litt meir system i dei innsendte spørsmåla, samstundes som ein faktisk kan kommentere og forhalde seg til det som skjer på opninga.

Her kan du følge spørretimen:

http://bardvegar.no

http://rettvenstre.no

http://sv.no



Nytt kommentarsystem

29. June 2009

I dag har eg installert eit nytt system for kommentarar på bloggen. Tanken er at det skal bli lettare å halde i gang dei diskusjonane som er her og som gjer meg mykje spennande input.

 

Tanken er også at det skal gjere det enklare å halde digital spørretime framover, ved at dokke skal kunne stemme fram dei spørsmåla dokke (først) vil ha svar på. I tillegg skal det bli lettare å følge tråden mellom spørsmål og svar. Eg vil gjerne ha innspill og synspunkt på korleis dokke trur dette vil fungere.



Valgprat.no

17. June 2009

Valgprat.no er eit nytt og spennande konsept, der dei samlar bloggar du kan følge i valkampen. Dei har inngått eit samarbeid med Aftenposten om dette. Sjekk den ut.

Eg skal på tur til Romerike i dag!



Iran og IFPI

16. June 2009

I Iran held den politiske krisa fram, og det vert tala om dei største demonstrasjonane og mest alvorlege politiske krisa sidan revolusjonen for tre tiår sidan. Voktarrådet har avvist nyval, men dei har opna for ei ny opptelling av valet. I går skreiv eg at det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen. Andreas Halse sin blogg er imidlertid ein god inngang til meir oversikt.

Journalistar vert no utsett for press og oppfordra om å dra frå landet. Det er fort eit teikn på at det kan gå verkeleg ille.

Framleis er sosiale medier best på den raske oppdateringa på det som skjer, og viktige for å få informasjon ut. På NRK Beta skriv dei i dag om mitt tema frå i går, Twitter og valet i Iran. Men journalistar er sjølvsagt uunnværlege for kvalitet, nyansar og djupne i dekninga.

Her heime har IFPI og andre organisasjonar i dag tatt internettleverandøren Telenor til retten. Same dag kjem det fram at bokbransjen også engasjerer seg for at advokatfirmaet Simonsen skal få forlenga sin konsesjon til å overvake og kartlegge ulovlege fildelarar.

Det er fleire trekk som tydar på at norske bransjeinteresser vel ein strategi med overvaking og privat rettshandheving mot ulovleg fildeling. Eg er mot ulovleg fildeling, men dette er feil strategi slik eg tidlegare har skrive. NTNU-professor Arne Krokan har gode poeng om det same.

I staden må vi følge det sporet som nestleiarkollega Audun skildrar i dag. Det dreier seg om vi skal følge den norske kulturpolitiske tradisjonen med å finne ei kollektiv vederlagsordning som sikrar opphavsmenn, gjer tilgang til kultur for mange og utnyttar føremonene ved spreiing av kultur. Biblioteka, NRK-lisens, kasettavgiftsfondet og TONO-avgift er ulike døme på at denne tenkinga har dominert norsk kulturpolitikk.



Internett viktigare enn TV i 2013?

9. June 2009

Eg trur at stortingsvalet i 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn nett, og at framtidas politikarar må vere like gode på nett som på TV.

På torsdag og fredag snakka eg på semniar arrangert av NRK og Institutt for Journalistikk, begge stader saman med mellom andre Jodi Williams. Williams deltok i kampanjen til Barack Obama der ho arbeidde med sosiale medier. Ho har også jobba i kampanjen til Howard Dean, som eg har omtalt før her.

Eg hevda i mitt innlegg at valet i 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn internett. Det har eg fått enkelte reaksjonar på, frå “jaha?” via “folk likar TV” til “ja, du har rett!”. La meg difor begrunne påstanden litt meir.

I Noreg i 2005 var internett den minst viktige av ei rekke kjelder til informasjon om valet. Guro Stavn refererte på twitter resultat frå spørsmål til veljarane om dette frå Aardal 2007 (som eg for så vidt også har lese sjølv). Rekkefølga er der 1. TV 2. Avis 3.Diskusjon 4. Regionaviser 5. Radio 6. Nettaviser 7. Internett.

I USA i 2004 var biletet det same. TV dominerte stort, internett var lite. I nominasjonsfasen før 2004-valet var TV størst som informasjonskjelde til valet. 45% hadde TV, 40% aviser og 13% internett som viktigaste kjelde til informasjon. I 2008 var dette sterkt endra i den same fasen. 32% hadde TV som viktigaste kanal, 31% aviser og 24% internett. I gruppa 18-29 år internett viktigast for 42%.

I innspurten veks TV, og er viktigast for 62% (ned frå 68% i 2004). Aviser blir verande på same nivå (31%), medan eg ikkje sit på direkte samanliknabare tal for internett (altså kor mange som har det som viktigaste kjelde). Kjelda mi her er ein presentasjon av Diane Owen, Professor i statsvitskap ved Georgetown University. Ho framhevar imidlertid at auken i bruk av nettet er robust gjennom heile valkampen, og gjennom ulike typar bruk.

Det finnast anna informasjon som understøttar dette. The Pew Internet sin rapport The Internet’s Role in Campaign 2008, som eg vart merksam på via Bente Kalsnes sin blogg, viser at 55% av alle vaksne brukte nettet til å skaffe informasjon eller delta i den politisk prosessen ifm valet. Eg saksar nokre utdjupingar frå rapporten:

  • Nearly one in five (18%) internet users posted their thoughts, comments or questions about the campaign on an online forum such as a blog or social networking site.
  • Fully 45% of internet users went online to watch a video related to the campaign.
  • One in three internet users forwarded political content to others. Indeed, the sharing of political content (whether writing and commentary or audio and video clips) increased notably over the course of the 2008 election cycle. While young adults led the way in many political activities, seniors were highly engaged in forwarding political content to their friends and family members.
  • Young voters continued to engage heavily in the political debate on social networking sites. Fully 83% of those age 18-24 have a social networking profile, and two-thirds of young profile owners took part in some form of political activity on these sites in 2008.
  • Det finst ingen automatikk i at dette skal skje i Noreg også. Men det finst nokre argument for. Vi har mange nettbrukarar. Om lag 70% av alle nordmenn er daglege nett-brukarar, og bruken er stor (meir enn 60%) på tvers av kjønn og alder opp til pensjonsalder. Den er skeivare fordelt etter utdanning, men for alle med vdg. utdanning eller meir ligg den over 60%. Nordmenn er også aktive i sosiale nettverk. Eit stort fleirtal av unge deltek.

    Det avgjerande spørsmålet for om dette vil skje er likevel om det er vilje, engasjement og påtrykk for at politikarar må gå på nett. Eg meiner vi bør fordi det kan demokratisere politikken, slik eg har argumentert for før. Eg trur også vi vil føle oss nødt til det. Eg trur framtidas politikarar blir like avhengige av å vere nettkyndige som å vere TV-kyndige. Om det skjer står på om veljarane krever det av oss, og det står på om vi i partia ser føremonene. Det står også på om vi vil bruke nettet sitt potensiale for deling og dialog, eller om vi vil bruke det mest som ein ein-vegs kanal.

    Difor seier eg at valet 2009 kan vere det siste der TV er viktigare enn nett. Det kan vere det, og det bør vere det.