Innlegg arkivert under ‘Vekas plate’



Vladimir Vysotskij

17. May 2009

  

Spalten heiter vekas album, men ingen regel utan unnatak. I høve MGP i Moskva gjer eg unnatak for å hylle ein av det forrige hundreårets største artistar og låtskrivar, som aldri fekk gitt ut eit album i si levetid (1938-1980).

Vladimir Vysotskij var kanskje den sterkaste og mest populære stemmen i Sovjet på 70-talet og i åra etter sin død. Songar og diktar. Politisk aktør og kvardagsskildrar. Vaken men alkoholisert. Han skildra den russiske mentaliteten og det absurde samfunnssystemet som ingen andre. Han er politisk, men på den subtile måten som var mogelg. Tekstane hans er små poetiske forteljingar, filosofiske og kvardagslege på same tid.  “Stemmen min er som et skrik” har han sagt. Det er treffande. Han skrik ikkje (vel, innimellom), men framfører songane med eit indre skrik som når gjennom skjermen.

Han blei møtt på paradoksalt vis. Den sovjetiske staten nekta han adgang til platestudio, men han fekk samstundes verke som visesongar. Han reiste og spelte. Det vart teke opp kasettar som vart kopiert, kopiert igjen og igjen og igjen… Han var kjent over heile landet, men det finst ikkje nedskrivne songar eller offisielle innspelingar etter han.

Eg kom over han via Jørn Simen Øverli si flotte plate med musikk og gjendikta tekstar av Vysotskij. Alle bør sjekke ut den, ikkje minst for å forstå tekstane. Den har berre eit problem. Den bleiknar litt når du har høyrd orginalen. Eg har sett at han vert kalla Russlands Bob Dylan. Det er ei nedvurdering. Han treng inga samanlikning. Og eg trur hans innverknad på russisk musikk og samfunnsliv er vel så stor som Dylans innverknad i USA. Det kan ikkje vere tvil om at han er ein av dei viktigaste musikarane og låtskrivarane i det forrige hundreåret.

 Her er ein versjon av Ohota Na Volkov (Ulvejakta), som skal vere skrive rundt Sovjets invasjon av Tsjekkoslovakia og er ein analogi til eit tøffare politisk klima.

 

Her syng han Cupola (kuplane) i det som skal vere det siste opptaket med han.



Hanne Hukkelberg: Blood From a Stone

10. May 2009

Endeleg er den her, Hanne Hukkelbergs tredje. Og for ei plate. Dette er ein kandidat til årets album. Eg vil seie at den går rett i teten (i eit så langt særs sterkt felt av Fever Ray, Yeah Yeah Yeahs, Jenny Wilson, Camera Obscura og sikkert andre).

Hanne Hukkelberg debuterte i 2004 med Little Things. Ei nydeleg og litt ustrukturert innspeling fyllt av mange fine melodiar, rare lydar frå ting og tang ho hadde spelt inn og lyden av den tynne men distinkte stemma. Albumet er litt ujamnt, men veldig forfriskande. Ein dose Björk, ein dose Anja Garbarek, ein dose knitring og ein dose jazzpop. Rykestrasse 68 var spela inn i Berlin (i Rykestrasse 68?), og den høyrdes Berlin ut. Ho tok elementa frå den forrige plata, men la på ein dose Kurrt Weill og litt fleire vanlege analoge instrument. Den er eit hakk betre, men framleis litt ujamn.

Den nye er enno eit par hakk betre. Denne plata er visstnok skrive (og spela inn?) på Senja i Troms. Det kan ikkje eg høyre, men det var sikkert flott der. I alle fall synest eg Hanne H har løfta seg ein divisjon.

Det er ti flotte melodiar, det er ei moden stemme, eit analogt og vakkert lydbilete. Det er alle dei kjende ingrediensane, men (som eg har lese i avisa) ein dose Pixies og ein stor dose Sonic Youth har inspirert materialet. Det kunne gått heilt gale, men det blir motsatt. Kjensla av at ho er ein unik artist er aldri truga, det er meir som om ho har kome heim frå ei leit etter opphavet.

Utruleg flott gjennom heile plata, eg kan ikkje få sagt kor varmt eg tilrår denne. Må få sett ho live ein gong. Her er Salt of the Earth frå Lydverket:



Cinematic Orchestra: Every Day

3. May 2009

Nokre band får alle delar av uttrykket sitt til å passe perfekt saman. Cinematic Orchestra har eit namn som skildrar musikken perfekt, og eit platecover og ein video (sjå nederst) som set bilete til den.

Orkesteret er J Swinscoe, multiinstrumentalist og låtskrivar, sitt verk. Han har med seg eit jazzoppsett av bass, trommer sax og litt piano. Ut av dette tryllar han eit saktmodig og bildesterkt lydbilete. Det er drøymande lydlandskap, men også pop med ein jazzfølelse. Det meste er instrumentalt, men han krydrar med vokalistar innimellom.

På denne, nummer to av tre plater, har han med seg soulsongar Fontella Bass på eit par spor. Ho bygger opp under stemninga på plata, slik også harpespel gjer. Det er lange introar, jazzrytmar og fine melodilinjer. Eit spor skiljer seg ut. Det er ei av mine favorittlåtar frå denne sida av årtusenskiftet.

Englands kanskje beste MC, Roots Manouva, er med på sporet “All Things to All Men”. Den snik seg på deg. Eg lar vere å skrive meir, men lov meg at du høyrer på heile denne:



Maskindans: Norsk Synth 1980-1988

26. April 2009

For nokre månedar sidan kom denne gullgruva for oss musikkinteresserte med eit godt auge til 80-talet. Det mykje utskjelte 80-talet har vore gjennom ei rehabilitering dei siste åra. Internasjonalt var synthmusikken stor gjennom heile tiåret, ein skal ikkje lenger enn til Sverige for å sjå det. I Noreg nådde den ikkje same kommersielle suksess, og det var langt færre store artistar ein kan karakterisere som reine synth-band.

Denne samlinga viser at det eksisterte ei stor og tildels veldig bra undergrunnsscene, og det det minner oss på nokre klassikarar. Her er låtar frå rimeleg kjende synth-baserte ting som Beranek, Holy Toy og Ole I’Dole (eg hadde gløymd kor utruleg tøff Space, Action, Sex og Blod var) har gjort. Her er ukjente spor av Fra Lippo Lippi, Bel Canto og The Cut. Her er undergrunnsklassikarar som Svart Klovn, Johnny Yen og White Lord Jesus. Her er det som kanskje – kanskje – er den beste singelen som kom ut i Noreg på 80-talet, Sensation Boys av Clockwork Orange.

Det er dessutan masse eg ikkje kjenner frå før. Ulf Knudsen, Torbjørn Grønning, Headcleaners, Adrian Cox, Bearburger. Og mykje anna. Ei rekke av desse låtane er utgitt på kassettar eller obskure 7″. Eller dei er aldri utgitt. Difor er denne samlinga ei gullgruve for norsk musikk. I tillegg fungerer den som ei fin samling av mykje av det beste frå stilen og perioden.

Det er Hommage Records som står bak. Plata er bra for alle som er glad i 80-tals pop av det elektroniske slaget, men også for alle som vil leite etter elektroniske raritetar frå same periode. Denne klassiske undergrunnsplata kan vere eit døme:



Deus: Worst Case Scenario

19. April 2009

Det beste rockebandet frå Belgia (og det einaste eg kjenner til, eigentleg) er langt på veg vokalist og låtskrivar Tom Barman. Oppsettet rundt han har skifta gjennom åra, det flotte gitarspelet på denne plata er til dømes frå ein gitarist som raskt forsvann ut av bandet. Barman er stor nok til å bere eit spennande og tøft band. Det er likvel ingen tvil om at denne første plata står fram som den beste.

Deus er definitivt eit rockeband. Den tette rytmeseksjonen, gitarøset, stemmen til Barman. Om du skulle vere i tvil hyllar dei seg inn i klede, platecover og eit image fullt av referansar til rockemyter.

Det er eit tungt, nesten heavy,  element i botn på siglane “Suds and Soda” og “Via”. Det som gjer bandet unikt er blandingsoppskrifta. Ein dose jazz, ein dose Beefheart og Waitz, masse kjellarbarfølelse. Eit element som tilfører noko spesielt er fiolinen til Klaas Janzoons, sjekk den fantastiske introen på “Suds and Soda”. Denne plata er også full av flotte melodiar med sterke tekstar. Mange gode plater har det ved seg at dei er jamnt sterke og i tillegg har eit par verkelege klassikarar. Slik er det på Worst Case Scenario. Eit par er nevnt, ein annan favoritt er Hotellounge:



Curve: Pubic Fruit

12. April 2009

I popmusikken snakkar ein gjerne om gyldne år, år med særleg mange gode plater og med eit viktig omslag i musikken. 1967 og 1977 er slike. Eg meiner at 1991 kan vere eit slikt år. Det kan sterkast representere perioden ca 88-92 då dansemusikk og rock for alvor smelta saman. I tillegg er 1991 året der den nye gitarmusikken (shoegazing, grunge) og det vi kan kalle trip hop (Massive Attack) for alvor slår inn, og enkelte held Slint’s Spiderland for å vere det første postrock albumet.

I skuggen av alt dette debuterer Curve med tre fantastiske EP’ar. Dei gjer ut fleire album seinare, men toppar aldri desse. Eg har sett musikken skildra som å få ryggen skrapa sakte om av spisse neglar. Sjølv synest eg tidleg Curve minner meir om å bli utsett for eit frontalangrep – av lag på lag av fuzzgitar, tung bass og skarp synth. Oppå dette angrepet kvilar ein luftig og mjuk vokal, som skal mildne angrepet. Hardrock møter dansemusikk, med ein særeigen vokalprestasjon.

Alle tre 12″ platene er bra, med den siste (Cherry) som den sterkaste og mest varierte. Dei er samla på plata Pubic Fruit. Her får du også med ein versjon av “Fait Accompli”, første singelen frå debutalbumet som kom i 92. Under høyrer du “Clipped”:



The Residents: The 13th Anniversary Show. Live in Holland

6. April 2009

Vi er i Oslo i 2003 (eller 2002?), på restauranten Arakataka rett ved Rockefeller. Kona mi og eg et middag med nokre vener før ein konsert eg gler meg enormt til. Jakka glir ned frå stolen kona sit på, og ein amerikanar på nabobordet lener seg ned og plukkar den opp. Eg blir merksam på dei 4-5 halvfeite 50-noko amerikanarane som sit der i lag med eit par unge nordmenn. Snakkar dei ikkje om ein konsert dei skal spele? Alderen kan stemme. Er det…

The Residents er kanskje det mest myteomspunne og mystiske bandet i rockehistorien. Dei har gjennom heile sin 35-40 årige karriere opptredd i ulike masker. Mest kjent er dei store augeballane som du kan sjå på klippet under. Eg kjenner eit par stykker som kjenner eit par stykker som har høyrt om nokon som har sett dei uten masker. Så er det eg, som faktisk trur eg har sett dei.

Maskene har nok bidratt til mystikken, men det er musikken som har gitt popularitet og status. Det er eit av dei mest orginale banda i rocken, med ein enorm produskjon sidan 1974. Sjekk denne imponerande diskografien. Det er stor variasjon. Uforståeleg kunstmusikk, skrudd pop, episke forteljingar, skrik og gitarstøy er blant ingrediensane. Dei har covra Stones, James Brown, Hank Williams, Elvis Presley, George Gershwin, John Phillip Sousa og mange andre. Høyrest sprøtt ut? Ja, men samstundes fengande og orginalt, både i lyd og opptreden. Du må sjekke opp The Residents. Kor skal du starte?

Kanskje med “Live in Holland – The 13th Anniversary Show” frå den store 1987-turneen. Denne finst i ulike versjonar, og er ei liveinnspeling frå høgda av karrieren. Mykje av det beste dei har gjort finst her, mange av innspelingane har noko ekstra i høve til orginalen. Deira faste følgesvenn, gitaristen Snakefinger, er også med her.

PS! Dei spelte i Noreg også på denne turneen. På mi utgåve står det “special thanks to the people of Tromsoe, Norway” på innercoveret. Eg har alltid lurt på kvifor. Nokon som kan hjelpe meg? Om nokon kan stadfeste om eg såg Residents eller ikkje på restaurant  Oslo blir eg glad for det og!

Under er “Cry for the Fire” frå denne turneen og ein video av “It’s a Man’s Man’s Man’s World” som er på plata. Det er spesielt, også veldig flott.



Leslie Winer: Witch

29. March 2009

 

Det har alltid vore begrensa med informasjon om både plata og dama bak den. Den er eit heilt spesielt eksemplar som eg er veldig glad i, den liknar på lite anna. Snakkande vokal, tørre rytmar, samplingar, ein dose trip hop følelse og ein del fin akustisk gitar. Det spesielle med plata er likevel ei stemning, ei skummel kjensle, som beatet  og stemmen skapar saman med nøye utvalde samplingar og gode tekstar. Det er vanskeleg å samanlikne med noko, det finst kanskje inga direkte samanlikning.

Leslie Winer var visstnok ein velkjent modell i NewYork på 80-talet. Ho hadde ei kobling til Willian S Boroughs, noko ein finn att i formen på tekstane. Ho er ein sterkt politisk tekstforfattar, med både ein feministisk og antiautoritær bodskap. Dette er såvidt eg veit den einaste plata ho har gitt ut. Leslie Winer er navnet, men plata er strengt tatt gitt ut under eit slags kunstnarnavn; det C-symbolet som du kan sjå på coveret over. På plata har ho med seg folk som Tim Simenon, Kevin Mooney og Jah Wobble. Kva skjedde? Kvifor ikkje noko meir? Eg veit ikkje, men la oss nyte den vi har.

Plata er anmeldt her, og eit par spor har eg lagt ut her.



Life Without Builldings: Live at the Annandale Hotel

22. March 2009

Oppkalla etter ei Japan (fantastiske Japan, eg skal kome attende til dei) b-side. Det seier lite om musikken, men treff på kva periode dei hentar inspirasjon frå. Dette er post-punk. Life Without Buildings var eit av dei første banda i den post-punk revivalen som kom på byrjinga av dette tiåret. Og eit av dei beste.

Dei gav diverre berre ut eit ordinært album før dei vart oppløyst. Dette er ei live-plate frå 2007. Låtana er i hovudsak dei same som på studioalbumet. Det er hakkete gitarar, tøffe melodiar, rytmisk tungt og med Sue Tomkins sin sang/snakking på toppen. Det er rock med eit deilig driv i musikken og gitar sentralt i lybiletet. Denne skil seg ut:

 

På plata kan ein høyre ein usikker og litt ubestemt vokalist snakke med publikum. Ho ler og spørker, men høyrest ikkje heilt komfortabel ut. Ei fin innspilling med eit flott og alt for kortliva band. Denne høyrest ut som han er stelt frå Suser avgårde.



Billy Mackenzie: Beyond the Sun

16. March 2009

Det er kanskje å ta hardt i, men eg kastar påstanden fram. Vi har å gjere med den største stemma i populærmusikken. Han har eit enormt register, ein gjennomtrengande kraft i stemma og ein nesten mystisk klang. Dessutan skriv han flotte låtar, som i hovudsak utgjer materialet her.

Skotske Billy Mackenzie (frå Dundee) tok livet sitt vinteren 1997, rett før han vart 40 år. Han var i ferd med å sluttføre denne plata, som seinare vart produsert ferdig av musikalske vener. Mackenzie var alltid ein sær person. Han var eit mareritt i studioet med sin ubestemte perfeksjonisme, og opptråde lite på grunn av sceneangst. Det var som om han dukka for popularitet kvar gong den nesten traff han (særleg med the Associates på 80-talet). Meir om det kan du lese på denne nettsida eller i ei bra bok om livet hans.

Han var imidlertid ein fantastisk sangar. Han slo gjennom med melankolsk 80-tals pop, og gjekk gradvis over til ein crooner-aktig stil. Duetten med Shirley Bassey på ei Yello-låt er ein fantastisk klassikar.  Han såg opp til både Scott Walker og Sparks.

Beyond the Sun går frå heftig elektropop til dramatiske balladar, men den er på sitt beste når vakre popmelodiar lar Billy si stemme dominere. Det er få opptak av materialet frå plata, av naturlege grunnar, men høyr på denne og sjekk straks ein platebutikk på nett: