Det amerikanske strykeensemblet Kronos Quartet har spelt inn masse musikk, ein opp gjennom åra. Mykje jazz, ein del moderne klassisk og litt avantgarde. Og litt av kvart anna. Noko av det utruleg fint og orginalt, resten har eg ikkje høyrt.
Dette er i kategorien litt av kvart anna. I 2005 slo dei seg saman med ei av Indias store stemmer, om lag 70 år gamle Asha Bhosle. Ho er kjend frå indisk populærmusikk og låtar til Bollywood-filmar.
Dei spelar så inn ei rekke indiske låtar med sit eige arranegment, og Bhosle på vokal. Resultatet er til å juble over. Flott pop som kjem i hakket meir rytmisk drakt enn orginalen. Eg får lyst til å danse straks eg høyrer dette.
Arrangementa er jo prega av strykarane som spelar, men dei set også eit rytmisk trykk på. Stemmen til Bhosle er innsmigrande. Likevel er det slåande kor mykje låtmaterialet har å seie for resultatet. Det er rett og slett fine og smektande popmelodiar. Kronos Quartet er flinke til å bevare melodiane, berre sette ei ny ramme rundt.
Her er første sporet frå plata “Dum Maro Dum”, og så same spor frå ein film med Asha Bhosle:
Finst omgrepet “Softprog”? Eg googla det, og fekk berre diverse programvare- og nettaktige treff. Eg introduserer herved sjangeren Softprog. Norske “Ping” er eit softprog-band. Det er det du får når du tar progmusikk, blandar med ein dose Stereolab, ein dose Ween og erstattar det harde prog-utrykket frå 70-talet med ei lettare innpakning.
La meg først advare. Gitarist, opphavsmann og coverfotograf Mattis Janitz bur saman med søstera mi. Eg er likevel 100% nøytral og objektiv når eg seier at dette er ei av dei finaste norske platene så langt i år.
Eg har høyrd ein av Ping før. Det har vore småpent og morosamt. Og veldig Prog, med sine opp- og nedgongar episke kvalitetar. Men musikk skal ikkje vere småpent eller morosamt. Det skal gjere inntrykk og vere alvorleg. Slik denne plata er. Discotheque of Darknes er veldig bra. Og framleis veldig prog.
Ping har verkeleg teke eit stort steg. Det er samspelt og tett, til trass for det avanserte uttrykket. Dei fleste små raritetane og tullelydbiletet som har prega dei før er borte. Det som likevel imponerer mest er låtmaterialet.
Det mystiske bassdrivne opningssporet, todelte “Brothers”, tøffe “Yes Means Yes” og nydelege “A Day In the Soup”. Og mange andre. Det er spennande. Eg hadde stadig meir lyst til å høyre neste song ved første gjennomspeling. Det er variert. Ingen songar er like.
Eit par morsomheiter (som å svinge innom Prøyssens pengegallopp) er igjen. Eg kan styre meg for det, men eg kan ikkje styre meg for det som samla sett er blitt ei strålande plate. Høyr musikken på heimesida, MySpace-sida eller Spotify. Dette er Softprog!
Jenny Wilson har absolutt ingenting med brødrene frå California å gjere, anna enn at eg likar å spele dei alle om sommaren.
I serien om Wilson og sommaren er vi kome til svenske Jenny Wilson. Ho har vore frontfigur i eit band før ho gjekk solo. “Love and Youth” frå 2005 fekk positiv merksemd, men dette er enno betre. Det er kanskje det beste så langt i 2009. “Hardships” er ei lang plate som gjer meg glad og berørt frå byrjinga til slutten. Det er ikkje ofte det skjer.
Ho har blitt mor sidan sist, noko som pregar plata. Tekstane handlar om balansen mellom det positivt og slitsamt altoppslukande ved det. Først og fremst er det likevel popmusikk. Fin, vuggande, harmonisk og melankolsk popmusikk som er genuint orginal. Denne plata går nok bra heile året, men har likevel mange klare sommarkvalitetar.
Her er først videoen til “Like a Fading Rainbow”, deretter eit live opptak med “Clattering Hooves”
Neste Wilson ut er den openbart minst talentfulle frå Beach Boys, Dennis. At han skulle bli den første Wilson til å gje ut eit soloalbum var ei overrasking. At han har kome med det klårt beste Wilson-albumet er ein sensasjon.
Pacific Ocean Blue – det einaste han rakk å gje ut før han drukna som 39-åring – er ei strålande trist sommarplate.
Dennis Wilson var mellomste bror, og hadde visstnok det mest konfliktfylte tilhøvet til den autoritære faren. Han hadde rollen som kvinnebedårar og opprørar i Beach Boys. Utover 70-talet slo han seg ned, arbeidde seriøst med musikk og spelte inn ein god del (t.d er opptaka til ein oppfølgar tilgjengelege i dag).
Pacific Ocean Blue luktar salt. Det er veldig vestkyst (Jackson Browne?), veldig 70-tals (litt Eagles, litt Nick Drake) veldig stor lyd (van Dyke Parks) og litt Beach Boysk ein stad i bakgrunnen. Først og fremst er det likevel sterkt personleg. Fine og orginale balladar og ein særprega stemme. Ei plate som ikkje eigentleg liknar på så mange andre, sjølv om den er tidstypisk (frå 1977).
Den høyrest ut som California på ein trist dag som likevel er litt fin, synest eg. Her er ein av mange fine, Thoughts of You:
Namnet Wilson får eg meg til å tenke på sommaren – og motsatt. Mykje stor sommarmusikk er skrive av ein Wilson. Noko av det i bullseye av kva dei fleste ser på som sommarmusikk. Andre delar av det Wilsonske er for litt meir kompliserte sommardagar. I sommar vil eg presentere 3 stykk Wilson. Vi byrjar i bullseye trur eg.
Beach Boyser sommar. Eg treng ikkje seie meir. Det er også popmusikk på sitt største og beste. “Pet Sounds” frå 1966 er eit flott album som ein ofte finn på kåringar over tidenes beste.
“Pet Sounds” var imidlertid berre eit oppspark, eit lite hint, om dei fantastiske musikalske gledene som skulle kome på oppfølgar “Smile”. Brian Wilson skulle vise verda. Dei slapp ein smakebit, “Good Vibrations”, etter seks månedar i studio. Eg held den for (kanskje) å vere den beste singelen i rockehistoria. Sidan meir studiotid, men ikkje noko album. I 1967 vert albumet avlyst.
Mytene om dette er utallige. BB-leiar, komponist og musikalsk intuisjonsgeni Brian Wilson mista retninga for første gong. Det vert sagt at han var besatt av å gjere eit like revolusjonerande framsteg som med det forrige albumet. Han følte eit kunsterisk press på seg, samstundes som dei hadde opplevd sviktande sal av “Pet Sounds”. Han brukte meir og meir narkotika. Det seiest også at han var ekstremt oppteken av konkurransen med The Beatles. Han skal ha høyrt ein demo av “Sgt. Pepper” kort tid før albumet vart avlyst.
Kva som stemmer veit ikkje eg. Eg veit at alt som kom ut av det i samtida var ein singel til, tøffe “Heroes and Villains”. Eg veit også at materialet vart henta fram meir enn 35 år seinare, gjort på nytt og spela live på ein lengre turne. Til slutt kom det ut på plate.
Det er ei flott innspeling, full av fin lyd og fine songar. Samarbeidspartnar Van Dyke Parks frå den opprinnelege innspelinga er med. Du kan høyre at dette er lyden av noko stort, sjølv om litt magi har gått tapt. Under er to låtar. Først ein nyare live versjon av “Heroes and Villains”.
Så eit gammalt og elendig live opptak av Good Vibrations som ikkje får med starten på låta. Kva veit eg, kanskje dumpar det innom ein lesar som ikkje har høyrt den. For dei som kjenner den er det uansett moro å sjå Brian W i godt slag, thereminen (trur det er det?) og kanskje spørre seg: Kor bra og orginalt kunne ikkje popmusikk vere i 1967.
Sonic Youth er kanskje – kanskje – det beste rockebandet dei siste to tiåra. Dei er det motsette av eit ei-låts band. Spør du om den beste låta deira har eg ikkje svar. Ikkje ein gong på kva som er den beste plata. Daydream Nation? A Thousand Leaves? Rather Ripped? Det er lyden av Sonic Youth som er flott meir enn ei enkelt plate.
Bandet var starta på byrjinga av 80-talet. Gitaristane Thurston Moore og Lee Ranaldo møter no-wave artist Kim Gordon. Dei byrjar å spele eksperimentell og bråkete musikk. Etter nokre år utvikla dei eit melodiøst, tungt rockesound med Steve Shelley på trommer, og med “Sister” og “Daydream Nation” nådde dei breiare ut. I løpet av 90-talet tok musikken inn fleire element av jazz og avant garde, kombinert med den tunge gitarrocken. Jim O’Rourke vert meir eller mindre fast medlem i bandet.
Lyden av Sonic Youth dei siste åra vil eg kalle klangfull rock. Rare, uvante klangar er sentralt. Det same er tungt, gitarbasert driv. Gitarar er stemt til styggvakre klangar, skiftande vokal legg seg oppå. Eit spor kan vere eit kort rockestatement, bygge seg opp sakte men sikkert i episk stil eller vere eit no-wave inspirert inntrykk.
NYC Ghosts and Flowers er den første plata i ein New York-triologi. Den er ofte litt nedvurdert, men eg ser på den som ei av deira finaste. Dessutan meiner eg jo at sangar og plater ikkje er så viktig for dette bandet – det er klangen som tel. Denne er full av klang. Gitarklang og klangfull perkusjon. Alle vokalistane kjem til sin rett. Den innleiar ein slags tradisjon med å bruke bilete av maleri og andre kunstverk på coveret (Sjekk fronten til årets “The Eternal”, med eit vakkert bilete av gitarist John Fahey). På denne er det William S Burroughs som pregar fronten. Her er Nevermind live:
Mange av dei platene eg presenterer her likar eg på grunn av heilskapen – LP-faktoren om du vil. Denne er også ei fin plate, men ei låt og ein mann skuggar for alt anna på den.
Opningssporet “You’re Gonna Miss Me” er ei av dei beste rockelåtane som nokon gong er skrive. Den er eit fyrverkeri og eit primalskrik som er over på 2.30. Kvar gong eg høyrer den får eg lyst til å hoppe opp, skrike og skråle, gå ut og drikke øl og danse. Den er rock’n roll.
Roky Erickson, mannen bak bandet, er ein av dei store i rockehistorien. Han er ein suveren gitarist og ein vokalist med ein skrikande orginal stemme. Han står også bak ei rekke flotte rockelåtar, som til dømes er godt oppsummert på denne.
Så er han også mannen med enorme narkotikaproblem frå ung alder og store psykiske vanskar. Det tok livet av the 13th Floor Elevators.
Han tilbragte mange år på psykiatrisk institusjon, og utvikla ei rekke forestillingar som fekk innverknad på musikken (sjekk låttitlane!). Han vart besatt av vampyrar og trudde han var frå ein anna planet. Det meste av 70- og 80-talet var han inn og ut av institusjon, levde kummerlig og kom med sporadiske plater.
Det siste tiåret har han fått eit comeback. Den psykiske og fysiske helsa er betre. Han har spela mykje live og kome med plater, og han har blitt gjenoppdaga. Både som gitarist og artist har han hausta den rosen har fortener.
Han har skrive mange gode låtar. Men ingen overgår “You’re Gonna Miss Me”. Under ein versjon av denne genistreken av ei rockelåt, som også gjer eit inntrykk av han på scena.
John Dee Oslo, . Eg står fremst i mditen foran scena blant eit glissent publikum på 100-200 stk. Der oppe er Peter Principle, Luc Van Lieshout, Steven Brown og Blaine L Reininger i ferd med å gå av scena etter ekstranummer. Dei har storkosa seg, kanskje over entusiasmen hjå publikum? Reininger går sist, og på veg ut ser eg at han vinkar etter dei andre og vil ha dei med inn igjen. Dei forsvinn. Han kjem åleine på, set seg ved pianoet og spelar og syng “Pinheads On the Move”.
Eg ser på Tuxedomoon som eit av dei store ensembla (band blir feil) i populærmusikken. I San Fransisco i 1977 dannar Steven Brown og Blaine L Reininger gruppa, og etter litt utskifting er Peter Principle og Winston Tong med. Desse fire utgjer kjernen i den kreative hovedperioden 1979-83. Ralph Records gjer ut dei tidlege platene deira. Dei fire amerikanarane flyttar midt i denne perioden til Europa (Rotterdam så Brussel, og plateselskapet Crammed Discs) og forblir her ut karrieren. Reininger og Brown er drivkrafta, eit slags Lennon/McCartney. Winston Tong er i så fall Harrison med sine få men særprega låtar. Alle fire har solo-album på samvitet, Reininger dei klart mest interessante.
Musikken er avant-garde, men også popmusikk. Den oppstår i triangelet mellom new wave, elektonika og klassiske songkunst. Kollektivet beherskar til bass, gitar og piano – men også klarinett, sax og Reiningers elektriske fiolin. Og trommemaskin. Brown, Reininger og Tong delar på å synge. Dei framstår musikalsk rastlause, alltid på veg vidare. Det er alltid ei overrasking i eit av deira produkt. Platene er ulike seg imellom, men dei fleste er konsistente og heilskaplege produkt.
Desire kjem i 1981, midt i ein periode av fleire LP’ar, 12″ og innspelingar til scenekunst. Det er høgdepunktet i ein periode full av høgdepunkt. Den er tidvis manisk med sitt høge tempo, men full av vakre melodiar. Det kviler ein sterk melankoli, ja nesten eit desperat uttrykk over plata. Som andre store plater er den utan uinteressante spor, men med enkelte verkelege høgdepunkt.
Iscenesettar Bruce Geduldig er viktig for konsertane og den gradvise orienteringa mot scenekunst, og Luc Van Lieshout kjem inn i ein viktig rolle frå 1983. Då går Reininger ut for godt, og det blir raskt synleg at han var Tuxedomoons Lennon. Den gode Holy Wars frå 85 held oppnivået. Frå denne bør du sjekke ut vakre “In a Manner of Speaking”. Etter dette er det momentet borte. Dei har gjort comeback med tre heilt greie plater dei siste åra (utan Tong, med Van Lieshout), men det viktigaste med det har vore at eg og andre har fått eit høve til å sjå dei no modne herrane i live på scena.
Her er ein “video” av Jinx frå 80-81.
Det er få gode konsertopptak frå denne tida, difor to nyare frå etter gjenforeininga. Jinx frå 2005, med Winston Tong inne på lån. Tong syng, Principle på bass, Reininger på fiolin og Brown spelar Obo.
Her “Again”. Reininger syn frå pianoet, Brown spelar sax medan Principle som alltid står som ei klippe bak bassen.
Frå det store intet (for meg) kom denne plata frå artisten Baby Dee i 2001. Ho var i NYC-miljøet rundt ei gruppe som på det tidspunktet var nesten like ukjent, Antony and the Johnsons.
Baby Dee er frå Cleveland Ohio, og har ein brokete musikalsk bakgrunn som harpist og syngande performanceartist. Ho er ein profilert transkjønna og slår seg etterkvart ned i NYC, og blir ein del av eit kreativt musikalsk miljø. Det er naturleg å trekke assosiasjonar til både stemmen og musikken til Antony Hagerty når du høyrer dette. Dei deler også proudsent David Tibet (han frå Current 93) på debutplatene sine. Kven som har påverka kven er mindre klart. Baby Dee har vore aktiv i mange år.
Musikken er enkel og tynn. Ikkje noko band, berre enkle instrument som støttar stemmen. Songane er hundre prosent i fokus. Ho er harpist, men på denne plata er det piano eller trekkspel som gjeld. Eller, fordi det aldri er meir enn eit instrument i sving. Det er vakkert og stilfarent, men mest av alt uendeleg melankolsk. Baby Dee har ein heilt spesiell sangstemme full av lengt som understøttar dei triste songane.
Du kan laste ned nokre låtar frå plata her. Under er eit sjeldant konsertopptak av tittelsporet, her med harpe i staden for piano:
Sidan vi hamna i austeuropa, legg eg turen innom Slovenia. På ingen måte aust i dag, men ein del av Jugoslavia då denne plata kom ut. Musikken og konseptet til Laibach gjer enno sterkare assosiasjonar til aust enn det geografisk opphavet.
Laibach vart danna i Ljubljana i 1980, men det var ikkje før i 1987 at dei vart kjend for eit vidare publikum. Då gav det store britiske indie-selskapet Mute (som har alt frå Erasure og Depeche Mode til Nick Cave og Diamanda Galas i stallen) ut plata Opus Dei. Ei salig blanding av Wagner, marsjrytmar, gitarsoloar og popcoverlåtar ikledd ein kraftig dose uniformsestetikk verdas ikkje har sett korkje før ellet etterpå. Laibach har openbart ein fot i den industrielle rocken som stod sterkt på 80-talet. Dei tilfører likevel noko eige.
Gjennom åra har dei gjort det til ein spesialitet å spele inn coverversjonar av kjende slagarar. Denne var den første, og eg synest framleis den er den beste. Aldri har vel orginal og ny versjon krasja så kraftig og skapt eit så sterkt resultat. Under er den framleis like slåande Life is Life eller Opus Dei: