Innlegg arkivert under ‘Vekas plate’



Cranes: Wings of Joy

2. November 2009

At det å stirre ned på skoa sine vart referansepunktet for ein musikksjanger framstår absurd, men slik var det altså. Ikkje sånn å forstå at tilhengarane gjekk rundt og såg ned. Meir absurd enn det. Det var bandmedlemmene med det halvlange håret og dei trista blikka som såg ned på skoa sine medan dei slo laus på strengane på gitarar med masse fuzz og ekko. Av det: “Shoegazing”.

Shoegazing dominerte britisk rock på byrjinga av 90-talet. Det var triste melodiar hylla inn i lag på lag av gitar – ein vegg av gitar til tider. Tynne, bleike, triste kvinner og menn “sang” eller liknande oppå dette. Eg skal presentere denne sjangeren over tre veker, og byrjar med Cranes (etter ei oppfordring på Twitter, dei spelte visst i Oslo i helga).

Cranes er ikkje alltid så gitardominerte, men dei er triste og tynne nok. Dei lagde (lagar?) fine, triste songar ofte basert på enkle melodilinjer. Vokalist Alison Shaw har ein like tynn stemme som kropp, ja nesten ein nasal stemme. Den kan kjennast igjen på ein brøkdel av eit sekund, og er ein viktig del av bandet sitt særpreg.

Wings of Joy var bandet sitt debutalbum frå 1991. Det opnar med maleriske og utruleg vakre Watersong, og går så gradvis over i meir kjent terreng. Plata har eit svakt goth-preg over seg, meir i form enn musikken kanskje. Høyr singelen og avslutningssporet “Adoration” under.



Whitelord Jesus: …Into That Good Night

22. October 2009

Eg døyper med dette ein ny musikksjanger, og eg kaller henne Synth-Hop.

Det mest obskure av alle dei obskure 80-talls synth/goth banda i verda var kanskje Whitelord Jesus. Thomas Robsahm (lyd) og Arvid Skancke-Knutsen (vokal) var ein duo som gav ut ein kassett og spelte nokre konsertar. Dei såg tynne og skumle ut og var syntetiske og gotiske.

Så – etter at den eine er blitt filmregissør og den andre musikkjournalist – gjenoppstår dei 2 tiår seinare. Først gjer dei ut ei fin plate i tradisjonen frå 80-talet, med oppdatert produksjon. Så kjem dette. Bilete, låttitlar og estetikk er goth og synth. Men musikken er …varm og vakker og roleg og balansert og . Ja, det er framleis eit digitalt lydbilete i botn. Men nesten alle viktige musikarar i Noreg er med på plata, med Arve Henriksen i spiss. Ja, den dystre stemma til Skancke-Knutsen er framleis med, men saman med Maja Ratkje, Rebekka Karijord og Haddy N’jie.

Det er ei reell nyorientering. Eit nytt uttrykk. I seg sjølv spennande. Og det er ikkje minst veldig bra. Filmatisk og innsmigrande. Vakre songar med sjel og retning. Det er Synth-Hop rett og slett.

Sjekk ut eit par døme her, med film til. Først Enigma med den fantastiske Maja Ratkje på vokal og den like fantastiske Arve Henriksen på trompet, platas høgdepunkt. Så Litterchurch med Haddy på vokal.

 



David Sylvian: Manafon

8. October 2009

For nokre veker sidan fanmelde eg denne plata for Lydverket. Den fekk terningkast 4 av meg. Omtalen kan verke negativ, men det må ein sjå i lys av det høge nivået på alt anna han har gjort.

“For første gong på 30 år skuffar David Sylvian meg skriv The Wires Ian Penman om ”Manafon”. Han sette ord på det eg sjølv føler.

Eg har alltid likt Sylvian, og eg har alltid følt at han går vidare. På ein interessant og god måte. Frå Japan sine siste album rundt 1980 (prøv ”Tin Drum”), via dei banebrytande 80-talls albuma som han vart kulthelt på (du må høyre ”Brilliant Trees” og ”Secrets of the Beehive”), via alle påfunna og samarbeidsprosjekta på 90-talet (”Heartbeat” med Sakamoto, ”Darshan” med Robert Fripp), via spiritismen og eksperimenta det siste tiåret (”Blemish” – og Arve Henriksen-samarbeidet) til eg høyrde han med sin gjennomtrengande stemme og fine backingband på Sentrum scene for to år sidan.

Med “Manafon” er det litt annleis. Plata er spela inn med Austerrikes store lydskapar Christian Fennesz som sentral bakspelar, og med topp jazzmusikarar som John Tilbury og Evan Parker på laget. Den kan tidvis minne om ”Blemish” frå 2003, med det knitrande bakteppet og dei frijazzaktige partia. Den er likevel, som alltid med Sylvian, orginal og ulik dei forrige platene. På det første sporet trer den djupe og varme, ja nesten gjennomtrengande røysta fram. Den har berre blitt betre dei siste åra. Så langt alt vel.

Men det er ikkje så bra som eg er vant med. Låtmaterialet er ikkje av den klassen vi er vande med. Det manglar ein eller to vakre popsongar som du berre vil høyre igjen og igjen. Det manglar ein eller to orginale tonesamansetningar som sakte festar seg og blir til ein nyskapande song. Det er fint, men det er mange ordinære songar.

Det er heller ikkje så interessant som eg er vant til. Dei dyktige musikarane får aldri tre heilt fram og ause av sitt reportoar. Det er noko reservert over bidraga. Dei fleste spora er for korte og gjer ikkje det rommet ein Evan Parker treng, som om songane er for små for sine fantastiske musikarar.

Lydbiletet er fint, men eg føler ikkje at Fennesz sitt bakteppe tilfører nok nytt det heller. Fennesz-samarbeitet har gitt vakre enkeltspor før, til dømes ”A Fire in the Forest”. Her er han meir tilbaketrekt i lydbiletet, og eg får inga kjensle av kva poenget med bidraget hans er.

Ikkje misforstå meg. ”Manafon” er ei bra plate. Kjenner du ikkje Sylvian vil du elske stemma hans, og den vare stemninga han skapar. Kjenner du han vil du alltid høyre på det han har å kome med. Men det er diverre meir sidelengs enn framover her, og det er kanskje David Sylvians svakaste samling låtar.

Du bør høyre plata. Men du bør først og fremst høyre mange av dei andre platene hans.” Her er tittelsporet:



The Beta Band: The Three EP’s

27. September 2009

I 1999 var The Beta Band redninga til Rock’n'Roll, i alle fall britisk rock. Det er heilt sant. Det stod lange artiklar om det i viktige musikkmagasin, og dei bygde seg ein stor kultskare av tilhengarar. Og i motsetnad til mange andre hypa britiske band, så var dei (etter mitt syn) rockens redning. Ja, eg meiner eigentleg framleis at denne plata og konsertane dei hadde kunne redda rocken. Det var berre det at det aldri skjedde.

The Beta Band var frå Skottland. Dei debuterte med EP’en “Champion Versions” i 1997, og kom ut med EP’ane “The Patty Patty Sound” og “Los Amigos del Beta Bandidos” i 1998. Desse tre er samla på “The Three EP’s

The Beta Band var kaos. Popkaos, krautkaos, dubkaos, dansekaos - men først og fremst eit anarki av kaotiske element som verka saman.

Det sterkaste inntrykket eg har av The Beta Band er frå dei to gangane eg såg dei live. Dei kom i kvite kjeledressar, spela alle tenkelege (og fleire utenkelege) instrument og bytta plass og instrument rundt i eit – ja, kaotisk – mønster som det var umogeleg å forstå. Det vart gjennomført heilt utan humor. Dei var eit alvorleg band. Det var vakre popsongar, improvisasjonar og rytmeorgiar om kvarandre. Om det likevel var eit samanbindane element så var det rytme. Beta Band sine konsertar var sterkt rytmiske opplevingar. Dei var det første bandet eg følte hadde smelta saman dansemusikken med rock heilt naturleg. Trommesett, trommemaskin, tablas og platespelar fungerte heilt fint saman for dei.

Det er ikkje mogeleg å gjenskape dette heilt på plate, sjølv om det musikalske spennet består. Det er likevel utruleg kor bra det fungerer. Kanskje fordi mange av sangane er sterke komposisjonar? kanskje fordi rytmen også her er drivkrafta? Mest fordi dei verkeleg er orginale trur eg. Det er ingen som dei. På denne plata finn du fleire indie-folkspor, fleire lange rytmeorgiar og fleire psykedeliske krautspor. Alle er bra.

Oppfølgaren – det første eigentlege albumet – er meir ujamnt men på det beste enno betre syns eg. Etter det kom det to kritikarroste plater til som. Dei skulle bli meir solide, og vart meir kjedelege synest eg. Det var mykje snakk om at dei skulle få ut sitt potensiale, men det skjedde aldri. Kanskje fordi desse tre EP’ane var deira potensiale? Det var dette som var nytt og spesielt, ikkje ein forsmak på noko som så mange skriev.

Under finn du tre særs ulike spor. “The Hous Song” i eit liveopptak som eg synest gjer eit godt inntrykk av korleis dei var å sjå på. Psykedeliske “She’s the One” er frå EP nr 2. Vare “Needles in my Eyes” er frå den siste av dei tre EP’ane.

 



David Sylvian: Secrets of the Beehive

16. September 2009

Høgtid.

David Sylvians namn sprer ei slags høgtidsstemning i mitt indre. Har er ein av mine absolutte favorittartistar, og denne plate må vere ei av dei flottaste gjennom tidene. Det er for sterkt å påstå at ei plate er den beste eg har, men det er neppe eit album eg har høyrd meir på.

Sylvian var vokalist, låtskrivar og frontfigur i “New Romantics” bandet Japan. Melankolsk og teatralsk men fengande popmusikk som kunne minne litt om Duran Duran. På slutten tok Japan ei ny og meir innadvendt retning. Det var denne Sylvian tok med seg vidare når bandet sprakk.

Han debuterte i 1984 med “Brilliant Trees” – ei jazzinspirert popplate som også hentar frå verdsmusikk og samlar ei rekke store musikarar. I tiåra etter har Sylvian med ujamne mellomrom kome med soloalbum og samarbeidsprosjekt med mellom anna den mangeårige og sentrale samarbeidspartnaren Riuichi Sakamoto, samt mellom anna Robert Fripp, Holger Czukay og Burnt Friedman.

Vekas plate er den mest gjennomførte, med dei flottaste songane, den modna stemmen, dei dempa arrangementa spela av dei beste musikarane. Det akustiske og elektroniske glir fint inn i kvarandre. Sylvian har laga mange av dei finaste songane eg veit om. Heilt sentralt i det han lagar står likevel den unike stemmen hans. Den er noko av det mest gjennomtrengande og triste eg kan tenke meg.

Dette er ei haustplate. “Sipping Coke and playing games, September’s here again” syng han på det korte opningssporet. Ikkje heilt min september så langt, men den set hauststemninga frå starten av.

Eg hadde i forfjor haust – omsider – høvet til å sjå David Sylvian live i Oslo. Med dei forventningane eg hadde kunne eg lett bli skuffa, men nei; stemmen er like sterk live, og reportoaret kollosalt sterkt. Han tok oss med på ein tur innom mykje av det beste frå heile karrieren.

Under er “September”, “Orpheus” og “When Poet’s Dream of Angels” – den siste i eit liveopptak frå 2004.



Regina Spektor: Begin to Hope

30. August 2009

Under ligg det ein russisk melankoli som ikkje slepp taket i ei einaste låt, ein einaste lyd. Kanskje ikkje så rart, Regina Spektor er opprinneleg frå Russland men kom til New York som 9-åring. Her lærte ho å spele piano, og vaks opp i eit miljø med både russiske og amerikanske popkulturelle impulsar.

Pianoet er framleis det leiande instrumentet saman med stemma. Ho opererer framleis frå NYC med sine melankolske og undrande popviser. Ho vart først hjelpt fram av mellom anna medlemmer av The Strokes. No er ho heilt på eigen bein, og har bygd seg opp eit publikum både i statane og Europa.

Det er definitivt pop. Aldri ei låt frå ho utan ein fengande melodi. Dei er komponert litt som viser, med sine melodigongar og oft enkle pianoakkompagnement. Samsstundes er det denne russiske kjensla av dramatisk tristesse. På “Soviet Kitch”, den første plata, var det heilt opp i dag. På Begin to Hope ligg det meir under.

Plata er full av fine og triste popsongar og er eit soleklart høgdepunkt i henna karriere. Også samanlikna med nye Far

Her kjem to songar som viser spennet. Den lette og finne popmelodien “Fidelity”, og den triste jazz-inspirerte “Lady”

 




Robert Wyatt: Rock Bottom

23. August 2009

Tidleg på 70-talet fell songaren og trommeslageren i Soft Machine, Robert Wyatt, ut av eit vindu i 5.etasje og blir lam. Han legg innspelinga han driv med på hylla, og må gjennom eit lengre opptreningsopplegg. Under dette veks låtane og det luftige lydbiletet på “Rock Bottom” fram.

Han samlar ei gruppe fine musikarar (m.a Alfreda Benge, som skulle bli kona hans) og brukte tid på innspelinga. Resultatet er eit av dei finaste og mest tankefulle albuma frå 70-talet.

Det går sakte framover, med lange og langsame spor. Melodiane er vakre og komplekse, litt prog-aktige, men openbart det berande elementet på plata. Lydbiletet er luftig – her er det ikkje noko tett rockebeat. Kvart instrument skal ha plass til å vise seg fram.

Rober Wyatt har i tiåra etter dette gjeve ut ei rekke flotte plater, med ujamne mellomrom. Cuckooland frå 2003 er ei av dei beste. Under er ein versjon av opningssporet på Rock Bottom, Sea Song. Det er ei nyare innspeling med trombonist Annie Whitehead.



The Kronos Quartet and Asha Bhosle: You’ve Stolen My Heart

17. August 2009

Det amerikanske strykeensemblet Kronos Quartet  har spelt inn masse musikk, ein opp gjennom åra. Mykje jazz, ein del moderne klassisk og litt avantgarde. Og litt av kvart anna. Noko av det utruleg fint og orginalt, resten har eg ikkje høyrt.

Dette er i kategorien litt av kvart anna. I 2005 slo dei seg saman med ei av Indias store stemmer, om lag 70 år gamle Asha Bhosle. Ho er kjend frå indisk populærmusikk og låtar til Bollywood-filmar.

Dei spelar så inn ei rekke indiske låtar med sit eige arranegment, og Bhosle på vokal. Resultatet er til å juble over. Flott pop som kjem i hakket meir rytmisk drakt enn orginalen. Eg får lyst til å danse straks eg høyrer dette.

Arrangementa er jo prega av strykarane som spelar, men dei set også eit rytmisk trykk på. Stemmen til Bhosle er innsmigrande. Likevel er det slåande kor mykje låtmaterialet har å seie for resultatet. Det er rett og slett fine og smektande popmelodiar. Kronos Quartet er flinke til å bevare melodiane, berre sette ei ny ramme rundt.

Her er første sporet frå plata “Dum Maro Dum”, og så same spor frå ein film med Asha Bhosle:



Ping: Discotheque of Darkness

9. August 2009

Finst omgrepet “Softprog”? Eg googla det, og fekk berre diverse programvare- og nettaktige treff. Eg introduserer herved sjangeren Softprog. Norske “Ping” er eit softprog-band. Det er det du får når du tar progmusikk, blandar med ein dose Stereolab, ein dose Ween og erstattar det harde prog-utrykket frå 70-talet med ei lettare innpakning.

La meg først advare. Gitarist, opphavsmann og coverfotograf Mattis Janitz  bur saman med søstera mi. Eg er likevel 100% nøytral og objektiv når eg seier at dette er ei av dei finaste norske platene så langt i år.

Eg har høyrd ein av Ping før. Det har vore småpent og morosamt. Og veldig Prog, med sine opp- og nedgongar episke kvalitetar. Men musikk skal ikkje vere småpent eller morosamt. Det skal gjere inntrykk og vere alvorleg. Slik denne plata er. Discotheque of Darknes er veldig bra. Og framleis veldig prog.

Ping har verkeleg teke eit stort steg. Det er samspelt og tett, til trass for det avanserte uttrykket. Dei fleste små raritetane og tullelydbiletet som har prega dei før er borte. Det som likevel imponerer mest er låtmaterialet.

Det mystiske bassdrivne opningssporet, todelte “Brothers”, tøffe “Yes Means Yes” og nydelege “A Day In the Soup”. Og mange andre. Det er spennande. Eg hadde stadig meir lyst til å høyre neste song ved første gjennomspeling. Det er variert. Ingen songar er like.

Eit par morsomheiter (som å svinge innom Prøyssens pengegallopp) er igjen. Eg kan styre meg for det, men eg kan ikkje styre meg for det som samla sett er blitt ei strålande plate. Høyr musikken på heimesida, MySpace-sida eller Spotify. Dette er Softprog!



Jenny Wilson: Hardships

2. August 2009

Jenny Wilson har absolutt ingenting med brødrene frå California å gjere, anna enn at eg likar å spele dei alle om sommaren.

I serien om Wilson og sommaren er vi kome til svenske Jenny Wilson. Ho har vore frontfigur i eit band før ho gjekk solo. “Love and Youth” frå 2005 fekk positiv merksemd, men dette er enno betre. Det er kanskje det beste så langt i 2009. “Hardships” er ei lang plate som gjer meg glad og berørt frå byrjinga til slutten. Det er ikkje ofte det skjer.

Ho har blitt mor sidan sist, noko som pregar plata. Tekstane handlar om balansen mellom det positivt og slitsamt altoppslukande ved det. Først og fremst er det likevel popmusikk. Fin, vuggande, harmonisk og melankolsk popmusikk som er genuint orginal. Denne plata går nok bra heile året, men har likevel mange klare sommarkvalitetar.

 Her er først videoen til “Like a Fading Rainbow”, deretter eit live opptak med “Clattering Hooves”