Ornette Coleman: The Shape Of Jazz To Come
10. August 2010
På denne blogg har eg ført omtalt at eg opna Kongsberg Jazzfestival i år, og at eg har vore der eit par gonger før. Mitt beste minne frå desse besøka kom opp igjen i minnet då eg var der; Konserten med Ornette Coleman.
Den klassiske avantgarde/frijazz saksofonisten er ein av dei største i jazzens historie, og definitivt ein av dei mest omstridde og musikalsk radikale. Særleg i åra rundt 1960 spela han ein serie konsertar, og gav ut fleire album, som revolusjonerte jazzen. Han befridde den frå kovensjonar, tok improvisasjonen heilt ut, samstundes som melodi og tone var der. “The Shape Of Jazz To Come” er kanskje det beste av desse albuma.
Saman med folk som Don Cherry (ja, faren til Neneh Cherry) og Charlie Haden spelar og improviserer han seg gjennom ein serie av eigne komposisjonar med sin heilt spesielle stil.
Eg fekk sjå ein gammal, men stilfull mann leie sitt orkester gjennom magiske augneblinkar og lange improvisasjonar i Kongsberghallen. Det er eg enno glad for. Her har eg lagt ut opningssporet Lonely Woman, eit fantastisk høgdepunkt på plata og ei av dei vakraste jazzlåtane eg kjenner. Den trenger gjennom marg og bein.










