Innlegg arkivert under ‘Musikk’



David Bowie: Heroes

8. December 2009

Eg hugsar første gongen eg høyrde tittelsporet. Eg kom heim frå London (1988? var om lag 16-17) med ein stor bunke plater. Mellom anna “Heroes”, kjøpt på omtale og det mystiske, innsmigrande coveret eg framleis likar så godt.

Ei tøff elektrorockelåt, ein litt seig ein – så Heroes. Tonane som kom ut av høgtalaren festa seg ved første lytting – og festa seg meir og meir i dagane som kom. Den storslåtte, nesten pompøse, melodien og produksjonen. Eit fengande refreng, og eit fengande vers. David Bowie sin desperate stemme. Den ubestemmelege lyden, og dei særs tydelege spora av Brian Eno. Og mest; heilskapen. 6 lange minutt med pop-vellyd, aldri kjedeleg.

Det er ein av dei flottaste poplåtane som er laga, og for meg så er den popmusikk. Det er slik det bør høyrest ut; pent, storslagent og orginalt. Den er ikkje magisk som Good Vibrations, ikkje dansbart som Samba Magic, ikkje desperat som Love Will Tear Us Apart, det er kanskje ikkje den beste låta i 77 eller den beste til David Bowie.  Men for meg har den alt det god popmusikk må ha i seg, som få andre songar.

albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to tydelegare. Bowie har teke inspirasjonen frå Brian Eno (som produserer og skriv også her) og Berlin tilbake til sitt eige univers og framstår tydelegare som Bowie. Samstundes slepp han den tyske inspirasjonen meir fram i enkelte andre spor. Åpnings- og avslutningssporet samt balladen “Sons Of The Silent Age” er døme på det første. Største delen av side er døme på det andre.

Dette er David Bowie på sitt mest nyskapane og mest Bowieske på same tid. Det er kanskje høgdepunktet i karrieren hans, spør du meg.

Samstundes forbind eg albumet og songen Heroes meir enn noko anna plate (også i denne serien) med Berlin. Kanskje er det fordi den vert brukt i filminnspelinga av Christiane F, kanskje fordi eg også har den tyskspråklege innspelinga av tittelsporet (”Helden”). Men også fordi den er full av eit unikt uttrykk – Berlinsoundet.

Under: Avslutningssporet “The Secret Life of Arabia” og Heroes, i fall du ikkje har høyrd den før.

 



Beste norske låt 2000-2009

4. December 2009

Kåringstida er her. Altså den tida på året då vi kårer det beste frå året som gjekk, i år også frå tiåret som gjekk. Fleire medier engasjerer seg. VG har kåra dei ti beste norske låtane, medan Dagsavisen har kåra dei beste platene uansett opphavsland. P3 ber oss røyste over 100 utplukka songar. Fleire av folka der har lagt ut eigne topp 5 lister (Ruben Gran og Tore Sagen).

Den definitive lista manglar imidlertid så langt. Men fortvil ikkje, for den kjem her – for norske låtar det siste tiåret. Den er 100% subjektiv, og fortener eller får difor ingen kommentarar. Seinare kjem eg nok attende med langspelarlista. Eg teller ned:

20 Big Bang: One of a Kind

19 Anja Garbarek: Stay Tuned

18 Bertine Zetlitz: Girl LikeYou

17 Dadafon: Bygones

16 Röyksopp: Poor Leno

15 Whitelord Jesus: Enigma

14 Stein Thorleif Bjella: Redningsmann

13 Hanne Hukkelberg: The Pirate

12 Sondre Lerche: Two Way Monologue

11 Ingrid Olava: Only Just Begun

10 Kings of Convenience: Winning A Battle, Losing The War

09 Bertine Zetlitz: Adore Me

08 Kaizers Orchestra: Kontroll på kontinentet

07 Rockettothesky: Grizzly Man

06 Ephemera: Girls Keep Secrets In The Strangest Ways

05 Kaada: Zelotypia

04 Anja Garbarek: The Last Trick

03 Annie: Heartbeat

02 St. Thomas: Take A Dance With Me

01 The National Bank: Tolerate (her live frå Alarmprisutdelinga i 2005)



Adventsserie 77

30. November 2009

I dag startar min adventsserie om Berlin 1977. Kvar måndag i advent skal eg presentere ei plate som er laga i Berlin i 1977 – og som i realiteten David Bowie står bak.

Dei fleste kjenner David Bowie, ein av dei største i rocken. Etter ein kontroversiell episode og eit massivt narkotikamisbruk over år flytta  han til Berlin i 1977. Her er han sentral på fire plater frå dette året som alle står i igjen i rockehistoria.



David Bowie: Low

30. November 2009

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.

Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som “Warszawa” og “Art Decade” er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. “Speed of Life” er driven av Alomar sin gitar og “Sound and Vision” er Bowie-pop.

Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.

Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har “Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.

Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.

Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet “Speed of Life”, videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta “Be my Wife”  og Eno/Bowie-komponerte “Art Decade”.



Lush: Spooky

23. November 2009

 

Siste plate i shoegazer serien står det jentedominerte, popete og utruleg sjarmerande bandet Lush for. (Dette var perioden i brtisk rock då alle band måtte ha eit kort einstavelsesnamn for å henge med (Blur, Ride, Curve, Cranes, Beef, Moose, Suede mm)).

Dei var tidvis i utkanten av sjangeren, men denne ligg godt innafor. Lush er kjenneteikna av sine to kvinnelege vokalistar, låtskrivarar og gitaristar, begge med lyse draumeaktige stemmer. Det ei bruker dei til å skape flotte harmoniar og ein luftig og drøymande vokal. Det gjer ein særmerkt uttrykk. Baksida er at Miki Berenyi (etter mitt syn) heldt ein langt høgare standard som låtskrivar enn Emma Anderson. Begge er sterkt representert på dette albumet.

Spooky er prega av fine og lett tilgjengelege popsongar med eit gitartungt og drøymande lydbilete. Det er Robin Guthrie som har produsert dette 4ad-albumet.

Lush er lettare enn mange av dei andre shogazing-banda, men gitarsoundet og framtoninga er i same gate. Ulikt My Bloody Valentine høyrest det ikkje like aktuelt ut i dag som det gjorde for 17-18  år sidan, men på sitt beste er det eit fint album.

Under er to dårlege live-opptak med hiten “For Love” og den saktmodige “Covert”, to av dei beste spora på plata. Opptaka er gjort ein gong etter ar dei har lært seg å sjå forsiktig opp medan dei står på scena.



My Bloody Valentine: Loveless

9. November 2009

Dette er definisjonen av “shoegazing”. Når eg set på denne plata kan eg høyre at dei ser ned på skoa sine. Det er lyden av å sjå ned på skoa sine.

Og lyden av å hamre laus på gitarane med masse ekko og fuzz, og å legge lag på lag av det oppå kvarandre. Det er også lyden av at det bak teppet der ein stad ligg ein nydeleg melodi, og lyden av to syngane stemmer som høyrest ut som dei berre såvidt får ut lyd. Det er lyden av uvant vellyd.

Det er lyden av ei av dei mest banebrytane platene dei siste tiåra. Den har inspirert ei rekke band, men også electronica og andre sjangrar. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese referansar til denne plata i omtalen av andre artistar.

Det er sagt at det er slik Sonic Youth ville vore om Brian Eno hadde produsert. Godt sagt, men det som gjer denne plata stor er at den faktisk er unik. Eg hadde ikkje høyrt noko liknande då den kom, den traff meg som ein staur. Sjeldant fine songar og eit sjeldant tøft lydbilete opptrer ikkje så ofte i lag. Her er melodiane svøypt i vuggande rytmar og overausa med gitarar. Aktiv bruk av samplaren toppar inntrykket som vert skapt. Det blir flott og spesiell rock i sum.

Den held seg også godt. Det er bra, for My Bloody Valentine kom aldri med fleire album. Ryktene vil ha det til at dei har brukt dagar og år (og millionar) i studio utan å kome opp med noko bandsjef Kevin Shields gjekk god for.

Eg kan framleis få gåsehud når eg høyrer “Sometimes” (sjå under). Til sist har eg lagt inn ein video av “Soon” i den 12″-versjonen som Andy Weatherall produserte, og som ikkje er på plata (der det er ein annan versjon av same låt)



Cranes: Wings of Joy

2. November 2009

At det å stirre ned på skoa sine vart referansepunktet for ein musikksjanger framstår absurd, men slik var det altså. Ikkje sånn å forstå at tilhengarane gjekk rundt og såg ned. Meir absurd enn det. Det var bandmedlemmene med det halvlange håret og dei trista blikka som såg ned på skoa sine medan dei slo laus på strengane på gitarar med masse fuzz og ekko. Av det: “Shoegazing”.

Shoegazing dominerte britisk rock på byrjinga av 90-talet. Det var triste melodiar hylla inn i lag på lag av gitar – ein vegg av gitar til tider. Tynne, bleike, triste kvinner og menn “sang” eller liknande oppå dette. Eg skal presentere denne sjangeren over tre veker, og byrjar med Cranes (etter ei oppfordring på Twitter, dei spelte visst i Oslo i helga).

Cranes er ikkje alltid så gitardominerte, men dei er triste og tynne nok. Dei lagde (lagar?) fine, triste songar ofte basert på enkle melodilinjer. Vokalist Alison Shaw har ein like tynn stemme som kropp, ja nesten ein nasal stemme. Den kan kjennast igjen på ein brøkdel av eit sekund, og er ein viktig del av bandet sitt særpreg.

Wings of Joy var bandet sitt debutalbum frå 1991. Det opnar med maleriske og utruleg vakre Watersong, og går så gradvis over i meir kjent terreng. Plata har eit svakt goth-preg over seg, meir i form enn musikken kanskje. Høyr singelen og avslutningssporet “Adoration” under.



Whitelord Jesus: …Into That Good Night

22. October 2009

Eg døyper med dette ein ny musikksjanger, og eg kaller henne Synth-Hop.

Det mest obskure av alle dei obskure 80-talls synth/goth banda i verda var kanskje Whitelord Jesus. Thomas Robsahm (lyd) og Arvid Skancke-Knutsen (vokal) var ein duo som gav ut ein kassett og spelte nokre konsertar. Dei såg tynne og skumle ut og var syntetiske og gotiske.

Så – etter at den eine er blitt filmregissør og den andre musikkjournalist – gjenoppstår dei 2 tiår seinare. Først gjer dei ut ei fin plate i tradisjonen frå 80-talet, med oppdatert produksjon. Så kjem dette. Bilete, låttitlar og estetikk er goth og synth. Men musikken er …varm og vakker og roleg og balansert og . Ja, det er framleis eit digitalt lydbilete i botn. Men nesten alle viktige musikarar i Noreg er med på plata, med Arve Henriksen i spiss. Ja, den dystre stemma til Skancke-Knutsen er framleis med, men saman med Maja Ratkje, Rebekka Karijord og Haddy N’jie.

Det er ei reell nyorientering. Eit nytt uttrykk. I seg sjølv spennande. Og det er ikkje minst veldig bra. Filmatisk og innsmigrande. Vakre songar med sjel og retning. Det er Synth-Hop rett og slett.

Sjekk ut eit par døme her, med film til. Først Enigma med den fantastiske Maja Ratkje på vokal og den like fantastiske Arve Henriksen på trompet, platas høgdepunkt. Så Litterchurch med Haddy på vokal.

 



David Sylvian: Manafon

8. October 2009

For nokre veker sidan fanmelde eg denne plata for Lydverket. Den fekk terningkast 4 av meg. Omtalen kan verke negativ, men det må ein sjå i lys av det høge nivået på alt anna han har gjort.

“For første gong på 30 år skuffar David Sylvian meg skriv The Wires Ian Penman om ”Manafon”. Han sette ord på det eg sjølv føler.

Eg har alltid likt Sylvian, og eg har alltid følt at han går vidare. På ein interessant og god måte. Frå Japan sine siste album rundt 1980 (prøv ”Tin Drum”), via dei banebrytande 80-talls albuma som han vart kulthelt på (du må høyre ”Brilliant Trees” og ”Secrets of the Beehive”), via alle påfunna og samarbeidsprosjekta på 90-talet (”Heartbeat” med Sakamoto, ”Darshan” med Robert Fripp), via spiritismen og eksperimenta det siste tiåret (”Blemish” – og Arve Henriksen-samarbeidet) til eg høyrde han med sin gjennomtrengande stemme og fine backingband på Sentrum scene for to år sidan.

Med “Manafon” er det litt annleis. Plata er spela inn med Austerrikes store lydskapar Christian Fennesz som sentral bakspelar, og med topp jazzmusikarar som John Tilbury og Evan Parker på laget. Den kan tidvis minne om ”Blemish” frå 2003, med det knitrande bakteppet og dei frijazzaktige partia. Den er likevel, som alltid med Sylvian, orginal og ulik dei forrige platene. På det første sporet trer den djupe og varme, ja nesten gjennomtrengande røysta fram. Den har berre blitt betre dei siste åra. Så langt alt vel.

Men det er ikkje så bra som eg er vant med. Låtmaterialet er ikkje av den klassen vi er vande med. Det manglar ein eller to vakre popsongar som du berre vil høyre igjen og igjen. Det manglar ein eller to orginale tonesamansetningar som sakte festar seg og blir til ein nyskapande song. Det er fint, men det er mange ordinære songar.

Det er heller ikkje så interessant som eg er vant til. Dei dyktige musikarane får aldri tre heilt fram og ause av sitt reportoar. Det er noko reservert over bidraga. Dei fleste spora er for korte og gjer ikkje det rommet ein Evan Parker treng, som om songane er for små for sine fantastiske musikarar.

Lydbiletet er fint, men eg føler ikkje at Fennesz sitt bakteppe tilfører nok nytt det heller. Fennesz-samarbeitet har gitt vakre enkeltspor før, til dømes ”A Fire in the Forest”. Her er han meir tilbaketrekt i lydbiletet, og eg får inga kjensle av kva poenget med bidraget hans er.

Ikkje misforstå meg. ”Manafon” er ei bra plate. Kjenner du ikkje Sylvian vil du elske stemma hans, og den vare stemninga han skapar. Kjenner du han vil du alltid høyre på det han har å kome med. Men det er diverre meir sidelengs enn framover her, og det er kanskje David Sylvians svakaste samling låtar.

Du bør høyre plata. Men du bør først og fremst høyre mange av dei andre platene hans.” Her er tittelsporet:



The Beta Band: The Three EP’s

27. September 2009

I 1999 var The Beta Band redninga til Rock’n'Roll, i alle fall britisk rock. Det er heilt sant. Det stod lange artiklar om det i viktige musikkmagasin, og dei bygde seg ein stor kultskare av tilhengarar. Og i motsetnad til mange andre hypa britiske band, så var dei (etter mitt syn) rockens redning. Ja, eg meiner eigentleg framleis at denne plata og konsertane dei hadde kunne redda rocken. Det var berre det at det aldri skjedde.

The Beta Band var frå Skottland. Dei debuterte med EP’en “Champion Versions” i 1997, og kom ut med EP’ane “The Patty Patty Sound” og “Los Amigos del Beta Bandidos” i 1998. Desse tre er samla på “The Three EP’s

The Beta Band var kaos. Popkaos, krautkaos, dubkaos, dansekaos - men først og fremst eit anarki av kaotiske element som verka saman.

Det sterkaste inntrykket eg har av The Beta Band er frå dei to gangane eg såg dei live. Dei kom i kvite kjeledressar, spela alle tenkelege (og fleire utenkelege) instrument og bytta plass og instrument rundt i eit – ja, kaotisk – mønster som det var umogeleg å forstå. Det vart gjennomført heilt utan humor. Dei var eit alvorleg band. Det var vakre popsongar, improvisasjonar og rytmeorgiar om kvarandre. Om det likevel var eit samanbindane element så var det rytme. Beta Band sine konsertar var sterkt rytmiske opplevingar. Dei var det første bandet eg følte hadde smelta saman dansemusikken med rock heilt naturleg. Trommesett, trommemaskin, tablas og platespelar fungerte heilt fint saman for dei.

Det er ikkje mogeleg å gjenskape dette heilt på plate, sjølv om det musikalske spennet består. Det er likevel utruleg kor bra det fungerer. Kanskje fordi mange av sangane er sterke komposisjonar? kanskje fordi rytmen også her er drivkrafta? Mest fordi dei verkeleg er orginale trur eg. Det er ingen som dei. På denne plata finn du fleire indie-folkspor, fleire lange rytmeorgiar og fleire psykedeliske krautspor. Alle er bra.

Oppfølgaren – det første eigentlege albumet – er meir ujamnt men på det beste enno betre syns eg. Etter det kom det to kritikarroste plater til som. Dei skulle bli meir solide, og vart meir kjedelege synest eg. Det var mykje snakk om at dei skulle få ut sitt potensiale, men det skjedde aldri. Kanskje fordi desse tre EP’ane var deira potensiale? Det var dette som var nytt og spesielt, ikkje ein forsmak på noko som så mange skriev.

Under finn du tre særs ulike spor. “The Hous Song” i eit liveopptak som eg synest gjer eit godt inntrykk av korleis dei var å sjå på. Psykedeliske “She’s the One” er frå EP nr 2. Vare “Needles in my Eyes” er frå den siste av dei tre EP’ane.