The Bee’s Niece: I don’t Speak Cat
23. June 2011
Kva er så dette? Jo, ei Kolbotn-jente med Karen Carpenter-stemme og Cornelis-inspirerte viser. I sum både fint og orginalt, plata har blitt ein liten personleg favoritt for meg dei siste månedane.
The Bee’s Niece er Ragnhild Zeigler, sånn i all hovudsak. Ho er frå Kolbotn, student og musikar som syng, spelar gitar og ikkje minst sag – eit instrument som set sitt særpreg på fleire låtar på denne plata. Ragnhild budde for nokre år sidan i Salford, Manchester (som eg trur er ein ganske nedslitt bydel i utkanten av byen, meiner m.a at Bernard Albrecht/Sumner frå Joy Division og New Order er derfrå) og samla saman denne gruppa. Dei drog så til Galway, Irland og spelte inn det som er blitt debutalbumet.
Ho avslører sjølv på plata at Tom Waits er den store musikalske helten, men etter mitt syn kan du ikkje høyre det på musikken. Eg synest snarare vi her har ein god porsjson nordisk og engelsk vise-tradisjon, blanda med ein dose Joanna Newsom og med ein glasur av anti-folk.
Det er melankolske og melodiske viser, men med eit orginalt og ganske moderne preg. Nokre av låtane (som dei to første spora) skuldar mykje til ein nordisk visetradisjon, medan andre igjen er stillfaren og lett melankolsk pop-musikk. Som kjent er nesten all musikk eg likar litt melankolsk. Tekstane er underfundige, og av og til mororsame, kvardagsobservasjonar om kattar, snø og stjålne syklar. På sett og vis passar musikk og tekst utruleg godt saman. Det er som om den stillfarne stemmen oppå dei vare sangane, er perfekt til dei kvardagslege tekstane med små ord.
Dette er ei fin plate, på sitt beste vakker. Alle musikken kan du høyre her. Informasjon om korleis du skal skaffe deg plata ligg ute på facebook sida. Ragnhild har også laga ein video til Snow som ligg på nettet.

3. Robyn er litt uorginalt, men deilig dansbart og bra. Alle platene er litt ujamne, men alle inneheld minst eit par geniale poplåtar og mange fine sangar. Eg har ikkje sett Robyn live, men ryktet er enormt og heile stilen henna er gjennomført og flott. Eg vel meg samlaren “Body Talk”, som har litt frå alle dei tre albuma/ep’ane.
2. Nummer 2 er ein klar toar. Beach House “Teen Dream” er det beste frå britisk gitarpop blanda med det beste frå amerikansk, vestkyst-pop. Det er stemningsbasert og vakkert, med eit snev av innestemning – kanskje av jul eller ein tris haustdag som likevel har mykje varme? Det er ei gjennomført plate, men også fullt av fine enkeltlåtar. Norway, “hiten”, bør vi særleg merke oss her heime.
1. Om toaren er klår er einaren suveren. Joanna Newsom sin triple CD “Have One On Me” er ei av dei verkeleg store platene frå dei siste åra. Eg har likt ho før, men dette er i ein anna liga. Storslått, dramatisk, melodisk og unikt. 18 låtar som skiftar mellom episke verk, popperler og underfundige historiar. Ho syng betre enn før, og spelar piano i tillegg til harpe. Det har påverka både låtskriving og lydbilete positivt. Noko å strekke seg etter fo alle andre artistar



