Innlegg arkivert under ‘Meg’



synd på meg

22. November 2008

Det er synd på oss. Her er det te, paracept og solhatt som dominerer i dag. Eg er blitt sinnsykt forkjøla, og har feber. Kona er også blitt syk, Peter spydde nett utover heile sofaen og vi kan trygt regne med at Agnes kjem etter.

Då var det meir morosamt i går kveld. Eg delte ut Brageprisen på Lillesestrøm. Kjartan Fløgstad, ein av mine favorittforfattarar, fekk hedersprisen.



Meg som bloggar

17. November 2008

Eg erklærer med dette meg sjølv for å vere ein bloggar. Etter nokså mykje om og men har eg teke skrittet. Eg kjenner meg som ein amtør i i proff-ligaen, men det får stå til. Eg lærer vel nok til å framstå som eg har peiling etter kvart. Kanskje også nok til å ha peiling.

Eg eit visst behov for å forklare (overfor meg sjølv) kvifor eg byrjar å blogge.

- For det første fordi det gjer meg høve til å uttrykke meiningar, refleksjonar, idear og påstandar om politiske saker, kultur og samfunn – ja alt mogeleg rart. Eg kan med andre ord ta favoritthobbyen min frå laust prat i sofaen til eit varig liv på nettet.

- For det andre kjem eg i jobben min over mykje interessant stoff – forsking, data, meiningar, opplevingar – som aldri vert formidla. Det når meg i form av eit notat. Kanskje går det aldri vidare. Er stoffet heldig vert det ei fotnote i ei stortingsmelding. Eg trur ein del av dette stoffet kan interessere fleire.

- Eg har dessutan eit visst misjonsbehov. Eg vil gjerne formidle mitt syn på til dømes musikk og politikk – smaken min om du vil – til andre

Difor. Men kvifor ikkje før? Svaret på det spørsmålet er enkelt. Logistikk. Eg har kjempa mot underskog, facebook og blogg for ikkje å bli fanga der. Og då er det naturleg å starte no, med 2 1/2 barn, kone, saab, hus og ein intensjon om å spele fotball to gonger i veka? Nei, sjølvsagt ikkje. Det skuldast berre overmot.

I alle fall; Eg melder frå London, Heathrow at loddet no er kasta. Rubicon er kryssa. Eg er bloggar