Innlegg arkivert under ‘Meg’



Tidsklemma – og tips som redaktør av Nettavisen

25. August 2009

Tidsklemma tar meg for alvor. Eg skulle svart om barnehagar, kristenfolk og Sponheim men med program frå 8-22 har eg ikkje makta dei siste dagane. Skal svare om barnehagar så raskt eg kan, deretter spørsmål om LO-kristenfolk. Det andre får kanskje passere no? Eg slit med å halde tritt slik det er no, for å seie det som det er.

Ellers alt bra! Rundt forbi i Akershus på dagen i dag, Litteraturhuset om klima på kvelden. I morgon er det Kristin på politisk kvarter mot Sponheim og god måling for SV og raud-grøne.  Eg skal i nokre debattar med Ine Eriksen Søreide.

På fredag skal eg vere gjesteredaktør i Nettavisen. Eg har valgt meg ei tema, som er klimaendringane og Noreg. Under den paraplyen har eg tenkt å undersøke ulike ting. Kva kan faktisk skje her på berget som følge av klimaendringane? Korleis kan du hindre oljeboring i Lofoten? Kvar bruker vi dei beste forskarane våre i dag, fossilt eller fornybart? Kva er biletet av Noreg internasjonalt?

Men eg treng fleire tips! Har du forslag til saker under denne headingen, eller litt i ytterkanten, så legg igjen kommentar!



Festival

23. August 2009

Mellom slaga rakk eg ein liten tur på Psterofestivalen i Trondheim fredag kveld, og ein like liten tur (nokre timar og eit par konsertar) Ramme rokke fest på Ramme Gaard i Hvitsten. Garden er eit konsept Petter Olsen har utvikla, han kallar det ein møtestad mellom miljø og kultur. Delillos var her. Det var utruleg nork første gong eg såg dei (biletet nederst)

Bileta øverst frå venstre: 1) Röyksopp frå Pstereo 2) Snorre Valen (1.kandidat SV Sør-Trøndelag) og meg  3) Snorre Valen, Jørund Leknes (rådgjevar i Fornyingsdepartementet) og Tom Nørbech (tidl. SV-rådgjevar – bak)

 



Valkampmaraton

19. August 2009

Ein maraton av ein dag i dag. Tale til konferanse i Utdanningsforbundet, intevju med VG, oppdatering samferdslesaker i Akershus med vår glimrande fylkespolitikar Erlend Helle, redaksjonsmøte med ØB i Ski, eit par intervju der, valkamp på Nesodden og debattmøte på Litteraturhuset.

Og innimellom; sikkert nokre intervju, nokre telefonar, nokre saker å handtere og ein bunke sakspapir som ventar. Med andre ord ein fin valkampdag!



God sommar – bloggpause til 20.juli (vidare til om lag 29.juli)

2. July 2009

Eg byrjar ferien min i morgon fredag 3.juli. Eg tek total bloggpause fram til om lag 20.juli. Då ser eg innom igjen.

Ha ein fin ferie alle saman. Gjer som meg, lad opp til ein viktig valkamp.

18.7: Berre innom og ser at alt er stille, her som i samfunnet ellers. Tek ei gode veke til med bloggpause, er i Sverige den neste veka

24.7: Gløymde ved forrige sjekk å skrive ny dato for å kome innom, om lag 29.juli – altså midten av neste veke.



Påske

6. April 2009

No tek eg ein slags påskeferie frå bloggen, med ingen (eller få) postar. Eg få sjå, kanskje eg ser innom. Vi er heime i påska og ventar på fødsel, så det er nok å gjere på privaten. God påske til alle!



Kveldsskitur

20. February 2009


Kveldsskitur i mossemarka. Blått føre, fine spor. Måtte klimakrisa bli avlyst og alle vintrar forbli fulle av snø og nokre minusgrader.



Flickr

22. January 2009

Fra i dag legg eg ut flickr-kontoen min her på bloggen. Det vil seie bilete teke i ulike politiske samanhengar, ikkje private bilete. Dei skal eg spare dokke for. Det er førbels nokså tynt med bilete der, men det vil gradvis endre seg framover. Bileta av meg kan nyttast fritt (berre ver obs på at namnet på fotograf må med på nokre bilete)



Etter festen

6. December 2008

Hadde gamle vener frå vidaregåande på ribbe og fest i går, med kona og ungane hos svigerfamilien. Veldig bra, hadde nesten gløymt kor moro ein fest kunne vere. Hadde nesten gløymt kor slitsomt dagen derpå kunne vere også. Etter rydding, ungane heime igjen, pizza og barne-tv kopar eg no på ein film. Senga ventar snart.



Skriv eg sjølv?

3. December 2008

Enkelte har spurt meg om eg skriv sjølv på bloggen min, eller om eg bruker rådgjevarar i departementet til det. I ein artikkel med hyggeleg skryt (som eg nyttar høvet til å linke til!) frå eit av dei nye kommunikasjonsbyråa som særleg rettar seg mot digitale medier kjem det til dømes opp.

Ja, eg skriv sjølv. Eg ville aldri la ein rådgjevar styre musikksmaken min :-) . Eller ei pressemelding styre kva eg skriv om finanskrisa eller narkotikapolitikken. Anne Marie Dranger Bachen er nok nærare sanninga når ho skriv at eg er “…nyfiken på blogg, litt usikker på formen.”

Eg kjem nok til å vise til mange offisielle dokument og sitere frå forsking og stortingsmeldingar etc. Skal då forsøke å å vise til kjelda. Elles trur eg den knotete nynorsken eg av og til tyr til når eg har dårleg tid vil avsløre meg ganske godt.



Sjakk-OL

25. November 2008

I helga var vi tre sjuke og ein frisk – den minste jenta mi. I det eg trudde vi var over det, så byrja Agnes å kaste opp i kveld. Etter nokre timar har ho sovna no. Eg skal arbeide litt.

I morgon vert årets sjakk-OL avslutta. Sjakk-OL er ei stor og tradisjonsrik turnering som vert spela annankvart år. I 2008 går arrangementet av stabelen i tyske Dresden. Det er eit stort arrangement med vel 160 deltakarland. Det er både dameklasse og herreklasse (eller åpen klasse som den heiter).

Nivået er særs høgt i denne verdsidretten, det er tøft å hevde seg. Noreg stiller eit sterkt lag i år som eg trudde kunne hevde seg høgt oppe. Etter ein særs god start med siger mot Kina og uavgjort mot England, har ikkje Noreg innfridd. Laget ligg som nummer 28 før siste runde.

Fleire norske aviser har dekning av turneringa, sjå mellom anna Nettavisen som kanskje er Noregs beste medium på sjakk. Den offisielle heimesida med resultat, live parti mm finn du her.

Eg er ein stor sjakkentusiast, og kjem garantert tilbake til dette flotte spelet seinare.