Eg har nett gått av som kunnskapsminister. Det er litt vemodig. Det har vore to fantastiske år, eg har elska kvart sekund av det (det er vel ikkje heilt sant – spør kona og resten av familien). Eg kan ikkje tenke meg ein viktigare jobb.
Å vere kunnskapsminister er å arbeide med vår største formue. Det er det viktigaste verdiskapingsdepartementet vi har, og det er dagar fullt av liv og røre og masse flotte besøk i barnehagar og skular. Det er dessutan eit særs godt leia departement, med ekstremt flinke og engasjerte medarbeidarar. Det ligg ei rekke viktige prosjekt og planar i loopen her som skal gjennomførast dei neste åra.
Fekk eg velge på øverste hylle skulle eg gjerne helde fram som kunnskapsminister, men Kristin Halvorsen er den beste etterfølgaren eg kan få. Det er ingen andre eg heller vil overlate departementet til enn ho.
Om eg ikkje fekk førstevalet, ser det ut til at eg får andrevalet. Eg er foreslått som ny parlamentarisk leiar i SV, og blir det dersom gruppa vel meg i ettermiddag.
Eg sa relativt tidleg i prosessen at dersom eg ikkje skulle halde fram ville eg gå til Stortinget og blir parlamentarisk leiar. Stortinget er den viktigaste arenaen for politisk debatt i Noreg, og ein kvar politikar må kunne og forstå Stortinget. Eg har aldri sete der, og treng å lære meg det.
Det viktigaste for SV dei neste åra er å gjenreise oss gjennom ny politikk, få fram nye folk og å ta ein brei stemme i den politiske debatten. Den nye og dyktige gruppa vår er eit godt utgangspunkt for det. Eg trur SV vil ha stort utbytte av mine fire år i regjeringsapparatet når eg skal leie gruppa, og at eg kan tilføre mykje til den rollen.
Eg er eigentleg ein heilskapspolitikar, med eit særs breidt interessefelt. Det kan eg få brukt mykje betre som parlamentarisk leiar. Eg har dessutan aldri vore der før, og føler at eg vil lære meg Stortinget.
Eg må også innrømme at tanken på å skulle byrje på i eit nytt department med å lære meg feltet, tøft arbeidspress og tre små barn var litt tung. Dagane blir sikkert ikkje korte no heller, men like pressa som ein statsrådsjobb kan det neppe vere. Argumentet med å halde kontinuitet og å gjere ferdig den jobben eg har starta på forsvann også då.
Takk for meg her. Gler meg veldig til den nye jobben.
Denne bloggen og mi øvrige deltaking i sosiale medier forsvinn ikkje. Tvert om, det har berre så vidt starta!