Innlegg arkivert under ‘Kultur’



Meir kreativitet

29. March 2009

Takk for mange og grundige innspel til diskusjonen om kreativitet i skulen generelt, og mi opning for å diskutere eit nytt fag eller ei ny ramme for kunstfag og kreativitet i skulen. Det er ulike syn på dette, og heile spekteret er representert. Det er trong for vidare diskusjon om dette og andre måtar å sikre ein kreativ skule på.

Eg tek med meg innspela og synspunkta vidare, og vil bruke eit eller to i talen min på konferansen skapande læring 2009 i morgon. Her skal eg innleie til diskusjon, og mellom gå inn på diskusjonen om fag. Ein annan person som skal tale på konferansen er briten Paul Roberts. Han er ein av strategane bak den britiske satsinga på skapande læring. Eg møtte han i London for berre ein månad sidan.



Landsmøtetale og kreativitet

25. March 2009

Eg talte til SV-landsmøtet om skulepolitikken. Du finn link til talen her.

Eit tema eg tok opp i talen var kreativitet og kva plass kunst og kultur skal ha i skulen. Til mi store overrasking har det ført til at nokre personar har sett i gang ein mail-kampanje mot meg med overskrifta “Nei til nedlegging av musikk og kunst og handverk”. Det er litt rart, sidan eg aldri har foreslått det. Tvert imot, eg vil at kunst og kultur skal bli viktigare i skulen.

OK, her er det eg sa; Kunst og kultur har ein stor og aukande plass i samfunnet, noko vi mellom anna kan sjå i ein sterk vekst i sysselstjinga i kulturnæringa. Den er no like stor som reiseliv målt i talet på tilsette. I tillegg kjem eit utall amatørutøvarar og den rollen kultur har i dagleglivet.

I framtida vil kreativitet stå sentralt i mange yrke og bransjar. Kreative evner vert etterspurt. Men kreativitet og kunsterniske evner kjem ikkje av seg sjølv – dei må trenast og utviklast. Difor bør vi styrke denne dimensjonen ved skulen.

Det er eit tilleggsargument for det. Vi veit at det å lukkast på ein arena kan ha ein “flowover effect” til andre fag. Elevar får auka sjølvtillit og sjølvkjensle og dermed betre motivasjon og prestasjonar. Medelevar og lærarar kan i tillegg få auka sine ambisjonar til ein elev når dei ser eit stort talent. Professor Anne Bamford har skrive ein kjent rapport for UNESCO, The Wow Factor, der dette er eit viktig tema.

Eg argumenterte for at vi treng ein skule som stimulerer kreativitet. Det bør gjerast gjennom heile skulen, noko den raud-grøne regjeringa har starta med. I den nye lærarutdanninga vil kunst og kultur som metode bli del av det obligatoriske pedagogikk-faget, det blir stilt kompetansekrav i dei kreative faga på ungdomstrinnet og vi har allereie oppretta eit eige senter for kunst og kultur i opplæringa.

Kulturskulen er ein viktig del av dette. Vi treng fleire plassar og lågare pris. Eg kunne nemnd den kulturelle skulesekken og, men gjorde det ikkje.

I tillegg sa eg (og NRK laga ei sak om det – derav merksemda) at vi bør vurdere om dagens musikk og kunst og handverk bør bli del av eit nytt felles kreativitetsfag/kunst- og kulturfag. Det kan vere eit fag, eller ulike fag under same paraply. Argumenta for er at det er ei rekke uttrykk som ikkje har eigne fag, men er representert i ulike læreplanar (dans, drama, teater, film, design etc) . Desse har enkelte felles dimensjonar ved seg. I tillegg trur eg ei samling av ulike uttrykk vil styrke den samla vekta vi legg på skapande læring. Det finst og sterke motargument, mellom anna at faga er fundamentalt ulike på mange vis.

SV har ikkje vedteke dette, eg har ikkje kome med eit forslag om det – vi har ikkje ein gong sett i gong ei utgreiing. Eg meiner vi treng diskusjonen om dette og andre måtar å styrke kreativitet i skulen, og vil gjerne ha innspel her!



Norsklæraren min

5. March 2009

Eg har opna utdelinga av ungdommens kritikerpris i dag. Det er fjerde gong den vert delt ut, og arrangementet skjer rett før utdelinga av den meir kjende kritikerprisen. Vidaregåande skuleklassar frå heile landet les 8 nominerte bøker, anmelder og diskuterer dei. Dei sender kvar to representantar til ein storjury som vel ein vinnar. Vinnaren vart Nikolaj Frobenius.

Eg for min del fekk eit gledeleg gjensyn med ein av mine absolutte favorittlærarar frå skulen, norsklæraren min frå vidaregåande. Eg hugsar han veldig godt frå denne tida, og har og brukt han som døme på ein gode lærar i ulike samanhengar. Han er no norsklærar på ein skule i Bergen som deltok i arbeidet med prisen. I følge elevane er han framleis ein glitrande lærar :-) På biletet snakkar vi om laust og fast, medan eg (som vanleg) gestikulerer.



Noreg i bilete på flickr

25. February 2009

Dagen i dag har vore fyllt opp av møter, intervju, sakspapir og litt internett. Og apropos internett og muligheitene som ligg der; Gjennom ein post på NRK beta kom eg over ei kjelde til flotte og historisk interessante bilete frå Noreg.

Det amerikanske Library of Congress har lagt ut tusenvis av gamle bilete på flickr, mellom anna historiske bilete frå Noreg. Sjå berre her. For få år sidan hadde desse bileta støva ned i ein kjellar i Washington DC. No kan eg og du sjå på dei på nettet. Under er eit bilete frå den seinare industristaden Odda teke på slutten av 1800-talet.



Kort om fildelingsdebatten

22. February 2009

Det er bra at mange har sansen for tankegangen i mitt forslag om å greie ut eit system for lovleg fildeling med betaling til opphavsmenn. Det er også bra at mange er i tvil om korleis det skal gjerast, kva rolle det offentlege skal ha og om det er praktisk mogeleg. Det er difor det må greiast ut. Her ligg ein nyansert og kritisk artikkel om dette.

Eit par kommentarar: Pål er provosert over at eg vil ta frå han retten til sitt eige verk. Det er ikkje det eg vil. Det må sjølvsagt vere opp til den enkelte opphavsmann å gjere frå seg ein rett til å dele verket sitt mot betaling. Det er jo i dagens situasjon mange i realiteten ikkje har denne retten, då musikk vert spreidd utan kompensasjon til opphavsmenn. Eg trur eit system slik eg foreslår for dei fleste plateselskap og ikkje minst artistar vil framstå som ein god deal.

Fleire spør om det offentlege sin rolle, og om det må vere gratis. Eg har eit avslappa tilhøve til det offentlege sin rolle, men det er jo eit faktum at det offentlege ofte må inn for å regulere ein marknad som ikkje fungerer. Eg trur ikkje eigarskap er poenget, men å regulere ein marknad og å bidra til å skape eit regime som fungerer. Eg trur forretningsmodellen bør basere seg på at brukaren (i hovudsak) kan skaffe musikk gratis, først og fremst fordi den skal utkonkurrere gratis og ulovleg fildeling.

Hald gjerne fram med debatten, den er interessant og viktig.



Til Camden

22. February 2009

London i vårvarme er deilig.

I går kveld var vi på Old Vic og såg “The Complicit”, eit nyskrive stykke regissert av Kevin Spacey. Eit aktuelt og veldig bra stykke om ein journalist som avslører at den amerikanske adminstrasjonen har godkjent bruk av tortur. Han vert trua med fengsel for å avsløre kjelda si, og opplever krysspresset mellom ideala sine og familie og eigne ønske om å sleppe fengsel. Kjente skodespelarar som Richard Dreyfus og David Suchet i rollene. Lavmelt og ujålete oppsetning.

I dag har vi tatt undergrunnen til Camden. Går no rundt på markedet her og ser på klær, plater og folk. På vegen hit stoppa vi og såg på eit verk av gatekunstnaren “Banksy” ved Old st.



London

21. February 2009

På veg til London for å studere kunst og kultur i skulen. Meir om det etter kvart. Her er Ellen, Audun, Nina og Johannes på flyplassen. Skal også få svart om fildeling i løpet av helga.



Lovleg fildeling med Tono-avgift

18. February 2009

Rettsaka mot svenskane som står bak nettsida Pirate Bay er i gang. Saka har skapt bølger i Sverige, og vekker oppsikt også internasjonalt. Debatten om fildeling har blussa opp.

Fildeling er å dele (og ta i mot) filer frå andre brukarar, til dømes musikk. Til dette krevst eit program som gjer at ein kan dele. Dei som er tiltalt i Pirate Bay saka gjer noko litt anna. Dei legg til rett for slik deling, ved å opprette kontakt med andre som har filer ein søker etter. Filene vert så utveksla direkte mellom brukarar. Påtalemakta hevdar at dei er meskuldige til fildeling på grunn av det. Forsvaret seier at dei ikkje gjer noko anna enn å opplyse om kvar ein kan finne stoff (s0m til dømes Google gjer) og ikkje kan haldast ansvarleg for innhald på andre sider. I Noreg er plateselskapa ute og raslar med sablane. Dei vil få Telenor til å stenge tilgangen til denne nettsida.

Kunstnarar må få betalt for sine verk. Det er uakseptabelt at vi skal spreie desse utan å betale for det. Men vi må slutt å kjempe mot framtida. Enkelte oppfører seg som om dei vil ha reprise på kampen mot fargefjernsyn, eller kampen mot musikkasetten.

Vi må diskutere korleis vi kan bruke ein demokratisk og framtidsretta teknologi på ein måte som sikrar inntekter til artistane.

Alle tidlegare teknologisprang har ført til frykt for at det gamle formatet skal dø. Men TV tok ikkje livet av radio, nettet tok ikkje livet av boka, og nedlasting kjem ikkje til å ta livet av musikken. Tvert imot. Nettet er jo genialt for å spre musikk og anna kunst.  Kunstnarar kan nå ut med sine verk til langt fleire, eg og du kan få tilgang til all verdas musikk når vi vil. Fantastisk! No må vi sørge for at dette vert organisert slik at kunstnarar får betalt for verka sine .

Her er Tono-systemet ei natuleg inspirasjonskjelde. Radiokanalar betaler for å spele musikk, dei finansierer det gjennom reklame eller offentleg støtte. Slik kan det gjerast også på nett, ja eit slikt konsept finst allereie.  Spotify fungerer slik i dag. Du betaler eller tar imot reklame for å få tilgang til musikk. Leverandøren har avtalar med plateselskap om musikken, som dei streamar over nettet. Dette er avspeling av musikk, ikkje nedlasting, men ideen kan brukast.

Det er ikkje framtid i å kjempe mot at musikk er tilgjengelig på internett. Motstandarane av ny teknologi har få suksessar å vise til. Det er imidlertid viktig å kjempe for at teknologien skal brukast til beste for både forbrukar og kunstnar. Det er bra at musikk vert distribuert digitalt. Det betyr at mindre ressursar vert brukt på trykking, transport og platebutikkar. Det er penger som kan gå til artistene. Då får vi meir kultur til folket og meir penger til artistane. Fram til i dag har platebransjen sin motstand i stor grad åpna markedet for dei som ikkje tar omsyn til artistane.

SV skriv dette i vårt nye programforslag: “SV vil utrede muligheten for å gjøre ikke-kommersiell fildeling av musikk utført av privatpersoner lovlig, i kombinasjon med en lisensavgiftsløsning for betaling til rettighetshaverne. På sikt bør også andre medietyper utredes.”

Det er ein måte å gjere det på, det finst sikert andre også. Kva meiner du?



Sennepslegionen

11. January 2009

Eg vart elles introdusert for Morten Jørgensen under konserten på fredag. Han er forfattar av den boka eg framleis meiner er den store norske rockeromanen; Sennepslegionen.

Den handlar om fire gutar som startar band, går frå små til gigantiske – og vidare til samanbrotet. Og den handlar sjølvsagt om rock’n'roll livet og mytene. Du skulle tru det kanskje var Dum Dum Boys – det er berre det at den er skrive før dei debuterte. Elskar du rock vil du like boka. Du kan skaffe den via linken over.



Kjartan Slettemark

14. December 2008

 Foto: Arne Stubhaug

Min sambygding Kjartan Slettemark er død, melder VG. Han budde store delar av sitt vaksne liv i stockholm, men var frå Naustdal. På biletet over står han med kyrkja i Naustdal i bakgrunnen. Eg traff han sjølv fleire gonger, og har fleire bilete av han. Han var ein spesiell person, og ein stor kunstnar.

Midt på 90-talet var eg tilstades saman med hundrevis av andre på ein fantastisk performance han hadde i Bergen. Eit lerret vart rulla ut på samleband foran Slettemark og to assistentar. Dei mala dei etter tur med kvar sin svaber i ulike fargar. Til musikk: Kjerringa med staven vart spela baklengs. Etterpå vart kvart lerret seld for 1000 kroner :-)

Eg siterer kort frå avisa Firda:

Slettemark har vore sjuk i haust, og han døydde på eit sjukehus i Stockholm, byen der han budde storparten av sitt vaksne liv. Han var fødd i Naustdal 6. august 1932, og i fjor sommar var det stor feiring av 75 årsdagen i heimbygda. Då vart også skulpturen ”Budeia” avduka på friluftsområdet Sanden. Dette var siste gong han var i Naustdal. 

Slettemark var i ein periode av mange sett på som ein kontroversiell kunstnar, som utfordra og provoserte det etablerte. Mest kjend frå denne tida er det såkalla Vietnam-biletet ”Barn overskylles av brennende napalm”, som vart knust framfor Stortinget. Han gjekk nye vegar og prøvde ut nye teknikkar, og han markerte seg som performance-kunstnar.