Innlegg arkivert under ‘Kultur’



Sluttfase

9. September 2009

I dag har eg vore rundt i Akershus. Eit av stoppa var på kulturskulen i Ås. Kommunen har satsa på ein god kulturskule, og meir enn 1 av 5 elevar i grunnskulen er også elevar på kulturskulen. Eg fekk sjå både elevar og lærarar i aksjon, og gav økonomisk støtte til eit prosjekt. Eg fekk også kjenne litt på ei fiolin. For første gong på årevis. Eg spelte faktisk fiolin i mange år, fram til eg var om lag 15 år.

Tidlegare i veka la regjeringa fram våre planar om satsing på kulturskulen. Mange undervurderer dette tilbodet, som meir enn 100.000 norske born har glede av.



Valkamphelg

30. August 2009

Dei siste dagane har bestått av ei lang rekke husbesøk, torgmøte, paneldebattar, stands, skulebesøk med meir, samt ein rundtur til togstasjonar på Romerike på fredag. Mellom slaga rakk eg å opne Robert Normann-festivalen i Sarpsborg. Det er kome både festival og museum tileigna denne fantastiske jazzgitaristen i heimbyen hans. I dag var det skattejakt på Piratøya.

Slik held det fram i morgon, då eg mellom anna reiser til Telemark.



Festival

23. August 2009

Mellom slaga rakk eg ein liten tur på Psterofestivalen i Trondheim fredag kveld, og ein like liten tur (nokre timar og eit par konsertar) Ramme rokke fest på Ramme Gaard i Hvitsten. Garden er eit konsept Petter Olsen har utvikla, han kallar det ein møtestad mellom miljø og kultur. Delillos var her. Det var utruleg nork første gong eg såg dei (biletet nederst)

Bileta øverst frå venstre: 1) Röyksopp frå Pstereo 2) Snorre Valen (1.kandidat SV Sør-Trøndelag) og meg  3) Snorre Valen, Jørund Leknes (rådgjevar i Fornyingsdepartementet) og Tom Nørbech (tidl. SV-rådgjevar – bak)

 



Østfold rundt

12. August 2009

Har vore Østfold rundt i dag – eller ikkje akkurat, men innom Sarpsborg, Fredrikstad og Moss. I Sarpsborg slapp vi nyhenda om at byen får det åttande regionale vitensenteret i Noreg. På biletet her viser dei meg rundt med Osmund Ueland i spissen. I Moss var det kulturskulebesøk, i Fredrikstad var det intervju om skule og møte i barnehage.

Eg var også på nasjonal opplæringskonferanse, ein stor årleg konferanse om vidaregåande opplæring, der eg hadde foredrag. Det er meir å seie om turen, men det er seint så vi får la det bli med det.

Det er veldig god og positiv stemning der ute. Kjerneveljarane er klare for fire nye år, mykje entusisasme. Men mange sit også på gjerdet, og har nok ikkje heilt teke stilling enno. Trur valet blir jamnt.

Noreg har visst knust Skottland i dag. Moro, men kan ikkje skjule meir fundamentale problem. Skal kome attende til min analyse av landslaget sine problem.



Milan Kundera

18. June 2009

Den siste veka har eg tenkt litt på Milan Kundera. Det byrja med at ein artikkel i Aftenposten (papir). Den minna meg om ei historie som vart avslørt i vinter.

Miroslav Dvoracek er ein eldre mann som lever i Göteborg. I 1950 vart han anmeldt til tryggingspolitiet i Tsjekkoslovakia. Han var ein fiende av kommunismen. Han fekk 22 års fengsel, men slapp med 14 års straffearbeid og store helseskader. Anmeldelsen blei gjort offentleg i vinter. Den var levert inn av Milan Kundera.

Milan Kundera. Engasjert i Praha-våren i 68, bøkene hans vart forbodne. Han rømte til Frankrike i 1975. Ein av dei store i europeisk litteratur. Det har lenge vore kjent at han var kommunist i ungdommen, men angjevar? Ei forklåring går ut på at det ikkje var politiske motiv involvert, at han berre skulle hemne ein kamerat si kjærleikssorg årsaka av Dvorocek.

Historia minte meg på ei av Kunderas tidleg romanar, “En spøk”, som eg las for mange år sidan. Eg trur den er frå slutten av 60-talet. Hovudpersonen (ein ung student) er ulukkeleg forelska i ein glødande ung kommunist, Marketa. Ho vil ikkje ha han, viser det seg. Full av desperasjon sender han eit brev til ho. Brevet er krydra med antikommunistiske slagord, halvt i spøk. Som eit rop om merksemd. Merksemd får etter dette. Av tryggingspolitiet. Hendinga fører til at han vert dømt til mange års straffearbeid. Han var ein fiende av kommunismen.

Av ein eller annan grunn har eg tenkt på Kundera når eg har lese om FOST (er det ei kobling til Praha? Kafka?). Og når eg har lese om Iran (politistat? overvaking?). Eg har lese nokre romanar av Kundera, men ikkje på mange år. Trudde eg var ferdig med han. Kanskje er eg ikkje det?



Meir kreativitet

29. March 2009

Takk for mange og grundige innspel til diskusjonen om kreativitet i skulen generelt, og mi opning for å diskutere eit nytt fag eller ei ny ramme for kunstfag og kreativitet i skulen. Det er ulike syn på dette, og heile spekteret er representert. Det er trong for vidare diskusjon om dette og andre måtar å sikre ein kreativ skule på.

Eg tek med meg innspela og synspunkta vidare, og vil bruke eit eller to i talen min på konferansen skapande læring 2009 i morgon. Her skal eg innleie til diskusjon, og mellom gå inn på diskusjonen om fag. Ein annan person som skal tale på konferansen er briten Paul Roberts. Han er ein av strategane bak den britiske satsinga på skapande læring. Eg møtte han i London for berre ein månad sidan.



Landsmøtetale og kreativitet

25. March 2009

Eg talte til SV-landsmøtet om skulepolitikken. Du finn link til talen her.

Eit tema eg tok opp i talen var kreativitet og kva plass kunst og kultur skal ha i skulen. Til mi store overrasking har det ført til at nokre personar har sett i gang ein mail-kampanje mot meg med overskrifta “Nei til nedlegging av musikk og kunst og handverk”. Det er litt rart, sidan eg aldri har foreslått det. Tvert imot, eg vil at kunst og kultur skal bli viktigare i skulen.

OK, her er det eg sa; Kunst og kultur har ein stor og aukande plass i samfunnet, noko vi mellom anna kan sjå i ein sterk vekst i sysselstjinga i kulturnæringa. Den er no like stor som reiseliv målt i talet på tilsette. I tillegg kjem eit utall amatørutøvarar og den rollen kultur har i dagleglivet.

I framtida vil kreativitet stå sentralt i mange yrke og bransjar. Kreative evner vert etterspurt. Men kreativitet og kunsterniske evner kjem ikkje av seg sjølv – dei må trenast og utviklast. Difor bør vi styrke denne dimensjonen ved skulen.

Det er eit tilleggsargument for det. Vi veit at det å lukkast på ein arena kan ha ein “flowover effect” til andre fag. Elevar får auka sjølvtillit og sjølvkjensle og dermed betre motivasjon og prestasjonar. Medelevar og lærarar kan i tillegg få auka sine ambisjonar til ein elev når dei ser eit stort talent. Professor Anne Bamford har skrive ein kjent rapport for UNESCO, The Wow Factor, der dette er eit viktig tema.

Eg argumenterte for at vi treng ein skule som stimulerer kreativitet. Det bør gjerast gjennom heile skulen, noko den raud-grøne regjeringa har starta med. I den nye lærarutdanninga vil kunst og kultur som metode bli del av det obligatoriske pedagogikk-faget, det blir stilt kompetansekrav i dei kreative faga på ungdomstrinnet og vi har allereie oppretta eit eige senter for kunst og kultur i opplæringa.

Kulturskulen er ein viktig del av dette. Vi treng fleire plassar og lågare pris. Eg kunne nemnd den kulturelle skulesekken og, men gjorde det ikkje.

I tillegg sa eg (og NRK laga ei sak om det – derav merksemda) at vi bør vurdere om dagens musikk og kunst og handverk bør bli del av eit nytt felles kreativitetsfag/kunst- og kulturfag. Det kan vere eit fag, eller ulike fag under same paraply. Argumenta for er at det er ei rekke uttrykk som ikkje har eigne fag, men er representert i ulike læreplanar (dans, drama, teater, film, design etc) . Desse har enkelte felles dimensjonar ved seg. I tillegg trur eg ei samling av ulike uttrykk vil styrke den samla vekta vi legg på skapande læring. Det finst og sterke motargument, mellom anna at faga er fundamentalt ulike på mange vis.

SV har ikkje vedteke dette, eg har ikkje kome med eit forslag om det – vi har ikkje ein gong sett i gong ei utgreiing. Eg meiner vi treng diskusjonen om dette og andre måtar å styrke kreativitet i skulen, og vil gjerne ha innspel her!



Norsklæraren min

5. March 2009

Eg har opna utdelinga av ungdommens kritikerpris i dag. Det er fjerde gong den vert delt ut, og arrangementet skjer rett før utdelinga av den meir kjende kritikerprisen. Vidaregåande skuleklassar frå heile landet les 8 nominerte bøker, anmelder og diskuterer dei. Dei sender kvar to representantar til ein storjury som vel ein vinnar. Vinnaren vart Nikolaj Frobenius.

Eg for min del fekk eit gledeleg gjensyn med ein av mine absolutte favorittlærarar frå skulen, norsklæraren min frå vidaregåande. Eg hugsar han veldig godt frå denne tida, og har og brukt han som døme på ein gode lærar i ulike samanhengar. Han er no norsklærar på ein skule i Bergen som deltok i arbeidet med prisen. I følge elevane er han framleis ein glitrande lærar :-) På biletet snakkar vi om laust og fast, medan eg (som vanleg) gestikulerer.



Noreg i bilete på flickr

25. February 2009

Dagen i dag har vore fyllt opp av møter, intervju, sakspapir og litt internett. Og apropos internett og muligheitene som ligg der; Gjennom ein post på NRK beta kom eg over ei kjelde til flotte og historisk interessante bilete frå Noreg.

Det amerikanske Library of Congress har lagt ut tusenvis av gamle bilete på flickr, mellom anna historiske bilete frå Noreg. Sjå berre her. For få år sidan hadde desse bileta støva ned i ein kjellar i Washington DC. No kan eg og du sjå på dei på nettet. Under er eit bilete frå den seinare industristaden Odda teke på slutten av 1800-talet.



Kort om fildelingsdebatten

22. February 2009

Det er bra at mange har sansen for tankegangen i mitt forslag om å greie ut eit system for lovleg fildeling med betaling til opphavsmenn. Det er også bra at mange er i tvil om korleis det skal gjerast, kva rolle det offentlege skal ha og om det er praktisk mogeleg. Det er difor det må greiast ut. Her ligg ein nyansert og kritisk artikkel om dette.

Eit par kommentarar: Pål er provosert over at eg vil ta frå han retten til sitt eige verk. Det er ikkje det eg vil. Det må sjølvsagt vere opp til den enkelte opphavsmann å gjere frå seg ein rett til å dele verket sitt mot betaling. Det er jo i dagens situasjon mange i realiteten ikkje har denne retten, då musikk vert spreidd utan kompensasjon til opphavsmenn. Eg trur eit system slik eg foreslår for dei fleste plateselskap og ikkje minst artistar vil framstå som ein god deal.

Fleire spør om det offentlege sin rolle, og om det må vere gratis. Eg har eit avslappa tilhøve til det offentlege sin rolle, men det er jo eit faktum at det offentlege ofte må inn for å regulere ein marknad som ikkje fungerer. Eg trur ikkje eigarskap er poenget, men å regulere ein marknad og å bidra til å skape eit regime som fungerer. Eg trur forretningsmodellen bør basere seg på at brukaren (i hovudsak) kan skaffe musikk gratis, først og fremst fordi den skal utkonkurrere gratis og ulovleg fildeling.

Hald gjerne fram med debatten, den er interessant og viktig.