Innlegg arkivert under ‘Internasjonalt’



Trykk teikningane

7. January 2010

Det nye året byrja med nok eit alvorleg angrep på ytringsfridomen. Den danske teiknaren Kurt Westergård, mannen bak dei etterkvart så berømte Muhammed-karikaturane, vart utsett for eit brutalt angrep.

Eg har i fleire år meint at det rette for norske aviser må vere å trykke teikningane når det er nyhenderelevant. Eg har også sakna politiske stemmer i debatten som seier at dei bør trykkast. Eg har imidlertid ikkje gjort noko med det sjølv, eg har skugga banen.

Eg synest ikkje lenger eg kan la vere å seie kva eg meiner, fordi eg meiner det er viktig. Det sentrale er ikkje kva ein avisredaktør gjer med ei teikning, og det er til di grader ikkje eg som skal bestemme det – eg får vel snarare kritikk av redaktørane for å meine noko om det. Det sentrale er ein større debatt om religion og ytringsfridom. Det er også ein politisk debatt for politikarar, og den er aktualisert av debatten om karikaturane.

Det finst argument i ulik retning. Martin Grüner Larsen og SVs Akhtar Chaudry argumenterer begge (på ulikt vis) godt for seg.  Akhtar får elles heilt urimeleg kritikk i dagens Aftenposten, og vert stempla som ein konservativ muslim. Dei som kjenner det må kjenne han dårleg, og har heller ikkje fulgt med på hans arbeid for likestilling og respekt for homofile. Han er liberal, som dei som kritiserer han er. Hans vurderingar i denne saka er då heller ikkje konservative; Han er tydeleg på ytringsfridomen og at det er greit å publisere teikningane, men konkluderer annleis om klokskapen i det.

La meg også seie dette: Det er ikkje openbart lett å sjå kvifor Jyllandsposten i første omgang trykte teikningane. Ytringsfridomen gjev høve til det, men inga plikt eller oppfordring om å trykke harsellas. Det skal gode grunnar til for å kritisere andre på eit vis dei kan finne krenkande. Konteksten er også viktig her. Den danske debatten om det fleirkulturelle samfunnet har hatt sterke trekk av demonisering av Islam, og som Martin Grüner Larsen i Klassekampen argumenterer for  går teikningane inn i dette biletet.

Men dei er sett på trykk. Og det skal sjølvsagt vere lov å krenke andre på trykk. Ikkje minst skal det vere lov å krenke ein religion. Spørsmålet no er eit heilt anna.  Å trykke teikningane i dag – eller under bråket rett etter publiseringa – er ikkje ein måte å uttrykke støtte til bodskapen i dei på (med mindre ein aktivt presenterer det slik). Det er å vise dei for å illustrere ei aktuell sak. Eller det kan vere eit “statement” for ytringsfridomen.

Eg meiner medier bør setje dei på trykk av begge grunnar. Det er openbart at det å setje dei på trykk no er del av ein ordinær journalistikk. Det å ikkje trykke dei krev grunngjeving no. Dei argumenta som då kjem held ikkje meiner eg. Kva er desse?

Det er ikkje nyhenderelevant, hevdar enkelte. Det er ikkje mitt bord og eg kan for lite om det. Det er den enkelte redaktør som skal bestemme det. Men eg slit med å forstå det. Kor mange trivielle bilete og teikningar vert ikkje trykt i aviser og på nettet dagleg? Kva er nyhenderelevant om ikkje desse omtalte karikaturane er det?

Så er det fleire som argumenterer med at dei ikkje vil krenke muslimar eller religionen Islam. For det første; ein religion er ikkje eit menneske, det er eit livssyn/ideologi/tankesett. Det er avgjerande skilnad på å harsellere med eit menneske sin medfødte eigenskap som kropp eller hudfarge og ein person sine tileigna meiningar. Men det er først og fremst ein avgjerande skilnad mellom enkeltmenneske og religionar.

Det er faktisk særs viktig at politiske ideologiar, religionar, statar og andre delar av maktapparatet skal utsetjast for kritikk og harsellas. Islam er ikkje ein sårbar fugl som treng å voktast mot ytringsfridomen, det er ein religion som har makt over menneske. Slik kristendomen har det. Maktapparat må kritiserast, det bør særleg vi sosialistar vere bevisst på. Muslimar i Danmark (og Noreg) er ei anna sak, mange av dei opplever krenkingar som dei skal ha vern mot.

Dette skiljet må vi halde på. Det kan ikkje vere slik at den som føler seg krenka ved at ein ideologi eller religion får kritikk kan definere ytringsfridomen sine grenser i kritikken av den. SV har i Noreg vore den leiiande forkjemparane for likebehandling av religionar. Vi er for eit livssynsnøytralt samfunn, vi var mot kristen formålsparagraf, vi er mot statskyrkja og vi er for ein likeverdig rett til å uttøve sin religion. Vi (og andre) må også vere religionskritiske mot alle religionar.

Den mest kjende karikaturen viser Mohammed med ein dynamittgubbe på hovudet. Om den er eit angrep på religion eller korleis religion blir brukt av terroristar er tvetydig. Det er uansett krenkande for mange muslimar (men langt frå alle) å avbilde profeten sitt ansikt. Men vi må ikkje akseptere at eit angrep på ein religion (tvetydig eller ikkje) er eit angrep på dei som uttøver den. Vi må heller ikkje akseptere at det ikkje kan trykkast på grunn av at mange religiøse vil kjenne seg støtt.

Men det er også ein politisk begrunnelse eg meiner er viktig. Det å trykke karikaturane i dag er å ta stilling for ytringsfridomen foran omsynet til ikkje å splitte eller krenke. Det er å vise støtte til ytringsfridomen.

Det er i dette tilfellet ikkje slik at ytringsfridomen er formelt truga. Det er derimot eit problem dersom ein legg band på seg i sakleg og journalistisk begrunna kritikk, på grunn av konsekvensane eller på grunn av omsynet til ikkje å krenke enkeltpersonar.

Dette er dessutan ei av fleire saker som utfordrar ytringsfridomen og ser på den som relativ eller opnar for at den skal ta særlege omsyn, slik Kenan Malik argumenterer for. Frå “Sataniske vers” og framover går det ei linje mot at ein legg band på seg i kritikk av religionar for ikkje å støyte menneske. Fleire land har foreslått og innført lovgjeving som har som hensikt å avgrense medlemskap i organisasjonar eller ytringar som kan koblast til terrorisme. I Noreg har vi hatt diskusjonen om blasfemiparagraf. Dette er ulike saker, men dei har det til felles at dei relativiserer ytringsfridomen.

Eg trur det spelar ein rolle for støtten til Kurt Westergård at mange trykkar teikningane med ei eksplisitt grunngjeving i ytringsfridomen, og ei like eksplisitt forklåring som understrekar at dei er for eit inkluderande samfunn og ikkje vil ramme muslimar. Eg trur det spelar ein rolle om politikarar engasjerer seg i denne debatten. Difor gjer eg det no.

Andre som har argumentert i ulike retningar med dei same og andre argument finn du i Dagsavisen her og her, i Aftenposten,  i Stavanger Aftenblad og i det konservative Minerva



Obama og Afghanistan

2. December 2009

Eg merkar det på stemninga. Dei færraste trur det kan gå rette vegen i Afghanistan. Obamas nye strategi har mykje fornuft og god retorikk i seg, men er møtt med den avventande skespsisen som legg seg når ein er usikker på heile prosjektet. Nokre er usamde med retninga. Dei som er samde seier gjerne at det er for lite, for seint. Eg var på Red1 om det før i kveld, opptaket ligg her.

Obama presenterte strategien i ein tale på militærakademiet West Point i går kveld. Her kan du lese den og her kan du sjå den (og på nettstaden Realclearpolitics finn du ei fantastisk samling reaksjonar og analysar – som alltid når det skjer noko i amerikansk politikk).

Obama varslar her ein omlegging av strategien. Det skal leggast meir vekt på utvikling og den sisivle sida, det skal leggast meir vekt på å bygge opp institusjonar (regjering, hær, politi etc), styrkane skal i større grad beskytte afghanarar, ikkje berre jakte på Taliban. Strategien ber sterke merke frå den sjølvkritiske rapporten General Stanley McChrystal har levert, og er ei dreining mot norske synspunkt (og SV sine synspunkt) i debatten. I tillegg overraska han i alle fall meg med å varsle eit tidspunkt for starten på ei tilbaketrekning, dersom “tilhøva på bakken” tillet det. Det er første teikn til ein open debatt om ein exit-strategi.

Men botnlinja – og det storeøkonomiske løftet på 180 mrd kroner – er han vil sende 30.000 nye styrkar. Det betyr at Obama har dobla talet på soldatar i landet frå 50-100.000 på eit år.

Eg er positiv til mange av dei politiske signala som ligg i talen, men det er vanskeleg å forstå at fleire styrkar er svaret på dei utfodringane Obama sjølv peikar på. Det ser også merkeleg ut å varsle ei kraftig oppurstning, og så å varsle nedtrapping etter 18 månedar. Det framstår ulogisk men også krevjande å utrette alt dei ein skal på kort tid, noko som pregar dei norske reaksjonane.

Det er ein tale med minst to bodskapar til to sider i politikken, difor er den lett forvirrande å tolke. Obama har oppnådd det at ingen går til verbal krig mot han, men han har heller ikkje vunne nokon for deg. Det framstår noko vinglete.

Eller kanskje er det berre utruleg vanskeleg å finne ein veg vidare i Afghanistan?



Borgens bok

10. November 2009

Erling Borge har gitt ut bok i dag, Fredsnasjonens hemmeligheter. Den mangeårige fredsaktivisten og journalisten går til frontalangrep på viktige sider ved norsk utanrikspolitikk, med særleg vekt på våpenproduksjon- og sal samt norsk militær deltaking i Afghanistan.

Han bruker også eit kapittel på SV. Han hevdar at vi har svikta i regjering og slogt vekk politikken vår for å sitt ei regjering, enkelt sagt. Eg meiner han tek grunnleggande feil, og svarer han ulike stader. Særleg i utanrikspolitikken er det lett å sjå at SV har hatt avgjerande innverknad. På ei rekke viktige felt er det som SV før var aleine om å meine no offisiell norsk politikk.

SV var det einaste partiet som stemte mot å sende norske styrkar til Irak etter den fatale krigen. Då vi kom i regjering vart dei trekt ut. SV var det einaste partiet som var mot norsk deltaking i den amerikanskleia OEF-operasjonen i Afghanistan. Då vi kom i regjering gjekk Noreg ut. SV var aleine om å meine at Noreg bør ha kontakt med med den Hamas-leia palestinske regjeringa. No har Noreg kontakt som eit av få vestlege land. Slik kunne eg halde på.

For kort tid sidan vart Soria Moria 2 lagt fram. Den inneber eit nytt skritt til venstre i utanrikspolitikken.



Høyring om utanriks- og forsvarsbudsjettet

6. November 2009

Mandag og tysdag i neste veke arrangerer utanriks- og forsvarskomiteen høyring om framlegget til statsbudsjett.

Kvart år arrangerer dei ulike fagkomiteane høyring der organisasjonar og aktørar på dei enkelte felta kan be om å få kome og legge fram sine synspunkt. I vår komite betyr det til dømes at bistandsorganisasjonar, miljøorganisasjonar, fredsrørsle, misjonsorganisasjonar og ei rekke andre kan kome og legge igjen synspunkt på budsjettet på mandag. På tysdag er det forsvarsdelen av budsjettet som står for tur.

Eg skal delta i desse høyringane, men vil gjerne arrangere mi eiga lille høyring her på bloggen også. Det kan gje fleire – både personar og organisasjonar – høve til å seie kva de meiner. Det er også bra om dei som skal på høyringa i komiteen utdjupar synspunkta her.

Eg skal som vanleg lese alt. Eg lovar som vanleg ikkje å kommentere eller svare på alt, men skal la meg inspirere og påverke av det eg synest er fornuftig. Værsågod, bli høyrd!



Verdas farlegaste region?

28. October 2009

I Afghanistan i dag har det gått av ei bombe på eit gjestehus i Kabul, og seks FN-medarbeidarar er drepne. Det er diverre berre eit av mange døme på eit land der situasjonen er blitt ekstremt alvorleg. Jan Egeland siterte på dagsnutt 18 den amerikanske generalen Stanley McChrystal (ISAF-sjefen) på at anten går det mykje betre i tida framover eller så er det vi ser no byrjinga på slutten. Her argumenterer FN-utsending Kai Eide langs dei same linjene.

Vi er ikkje like vant til å høyre det same frå Pakistan, men dei står midt oppe i ein nesten like alvorleg og kritisk situasjon. I dag tidleg eksploderte ei bombe på ein marknad i Peshawar nord i landet, det vart rapportert om 91 døydde tidleg i dag – truleg med stigande tal.

Angrepet er eit av ei rekke som har ramma pakistanske byar dei siste månedane. Ytterleggånade religiøse krefter står sterkt – og veks – i landet. Det pakistanske Taliban har styrka seg. Denne rørsla har sitt utspring i Afghanistan og Pakistan, og opererer frå fjella i grenseområda mellom dei. Her har dei treningsleirar og våpenleirar. I regionen er det og mange av dei koranskulane som er utgangspunktet for rekruttering til Taliban.

For ei lita veke sidan rykka den pakistanske hæren inn i eit av desse kjerneområda – Sør-Waziristan – med om lag 30.000 mann og eit oppdrag om å slå Taliban tilbake. USA har lenge pressa på for at Pakistan skal gå inn militært her. Det er vanskeleg å sjå krigen i Afghanistan isolert frå dette området. Det er områda som i liten grad er underlagt den nasjonale regjeringa, område der stammar eller klanar styret relativt fritt for innblanding.

Både stabiliteten og demokratiet i Pakistan kan stå på spel med det som no skjer. Meir om det her. Ei langsam radikalisering har foregått over tid i landet, og terror vert meir og meir vanleg. Samstundes har leiarskapen i landet stått utan ein klår strategi for å ta landet vidare. No har dei gjort det dei lenge har vegra seg for, å konfrontere desse militante gruppene med våpenmakt. Det kan få landet til å eksplodere. Det får i alle fall både landet, regionen og verda til å halde pusten.



Obama???

9. October 2009

Obama? Eh? Sånn reagerte nok mange i dag. Synspunkta er særs delte (VG Dagbladet).  Det er ein overraskande og spesiell pris, til ein mann som ikkje har utretta mykje som statsleiar enno. Samstundes kan ein forstå argumenta til komiteen når ein tenker ein runde ekstra. Han har satt ein tone og spela ein rolle for fred og nedrustning det siste året. Komiteen kan støtte og påverke ein prosess.

Det siste er eg likevel usikker på. “The Last Thing He Needs” er tittelen på denne kommentaren frå Time, og mange kommentatorar i USA heller i den retning. Her heime er prisen godt motteke, men det vert den jo alltid. Eg syns Anniken Huitfeldt oppsummerte det godt i ei tekstmelding ho hadde fått frå mannen sin; Litt spesiell pris, men eg trur eg takkar ja til å bli med på utdelinga i år!



SM2 på eit døgns avstand

7. October 2009

No har vi lagt fram Soria Moria 2, og du kan sjølv ta stilling til kva du likar og ikkje likar i dokumentet.

Min analyse er om lag slik: Soria Moria1 var Europas mest radikale regjeringsplattform. Det var stor endringskraft og mykje entusiasme frå valkampen, og etter å ha lagt fram erklæringa var alle vinnarar på alt. Det er tøft å følge opp det, med mindre trykk på endring og mindre økonomisk handlingsrom.

I byrjinga av prosessen var eg redd dette skulle bli “stille i båten”. Med dokumentet litt på avstand, og ei grov gjennomlesing av det meste, må eg seie at det vart det ikkje. Det er heller “videre til venstre”.

Grovt sett er SM2 eit skritt til venstre på miljø, utanrikspolitikk og likestilling, same retning på dei fleste velferdsfelt og ei innstramming av asylpolitikken.

Eg skal ikkje bruke mykje tid på asyl, anna enn å seie at eg meiner mange overdriv dette. Dei fleste punkta som ligg er allereie vedtatt, så er det nokre innstrammingar. Det er ikkje FrP-politikk, det er AP-politikk. Som valet gav større styrke. NOAS har nokså edruelege kommentarar.

To-tre andre ting syns eg er verdt å merke seg. Utanrikspolitikken markerer enno ein sving mot venstre. Eg har høyrd enkelte seiet at i utanrikspolitikken, der har ikkje SV innverknad. Eg meiner SV har hatt særleg stor innverknad der, og det held fram med dette dokumentet. Det er eit program for avskaffing av atomvåpen, betre kontroll med våpensal, gjeldsslette, styrka utviklingspolitikk og ei klår norsk stemme internasjonalt.

Når det gjeld likelønn set vi i gang prosessen som kan ende med ein likelønspott og eit stort likelønnsløft. Vi gjev eit klårt signal om at vi vil bidra, og ber partane i arbeidslivet avklåre kva grupper som skal omfattast og og korlesi dei vil sikre mekanismar for å gjere det varig. Denne strategien har vi skissert før, og det er berre slik vi kan få til eit løft. Inga regjering kan dele ut ekstra pengar utan forpliktande avtalar om kven som skal få dei og korleis dei skal sikre likelønn. Ellers får vi ikkje eit likelønnsløft, men eit udefinert lønnsløft. Organisasjonane er delte. NTL er positive, Utdanningsforbundet betinga positive og Sjukepleiarforbundet negative.

I itllegg til dette er eg godt nøgd med delen om utdanning. Eg syns den har ein klårare kunnskap- og mestringsprofil denne gongen, og klårare proritering av kva som er viktig. Det er framleis stasting på læraren i sentrum, med kompetansehveing og lovfesta norm for nok lærarar, men også SFO-reform og meir praksis.  Eg meiner også at mijlø og klima gjennomsyrar dokumentet langt betre enn sist.

Eg har hatt sjansen til å følge mediebiletet både på nett og TV i kveld. Her er hovudtemaet asylinnstrammingar, med meir vekt på “SVs tap” enn på innhaldet i saka. I det heile tatt, SV som taper er eit eit standhaftig gjennomgangstema i norsk politikk. “Bilde av et SV som bare taper er så sterkt at virkeligheten sliter med å trenge gjennom medias filter” skriv Andreas Halse i denne bloggposten. Dei som analyserer med litt senka skuldre har lett for å finne spor av SV sine 6.2%. Etter å ha sett SV i kveld kan ein verkeleg lure på kva som gjer nett denne mediedramaturgien så sterk?



Tysk val

27. September 2009

Resultata frå valet i Tyskland er i ferd med å bli klårt, og biletet frå valdagsmålingane ser ut til å slå inn; Angela Merkel vil halde fram som kanslar. Henna parti CDU går noko tilbake, men med støtte frå fridemokratane (som går sterkt fram) dannar det seg eit nytt høgrefleirtal.

SPD  får ein dramatisk tilbakegong (om lag 11%), medan både venstrepartiet Die Linke og Dei grøne går kraftig tilbake. Dei to partia ser ut til å bli om lag like store som SPD.

Den tyske situasjonen er spesiell, og vanskeleg å samanlikne med den norske (sjå til dømes denne analysen). Det er likevel interessant å samanlikne litt med det norske valet.

Det tyske valet viser kor vanskeleg det kan vere å vere juniorpartner i ei Regjering utan å ha topposisjonen. Sjølv eit stort sosialdemokratisk parti slit i ein sånn situasjon, ikkje berre SV. Men SPD sin tilbakegang er ulik SV sin.

SV tapte til AP, ikkje til utfordrarane på utsida (Rødt og Venstre). SPD tapte derimot til den raudare og grønare opposisjonen. Det ser ikkje ut som det er mykje å hente for eit sosialdemokratisk parti som samarbeidar mot høgre. Ein raudgrøn koalisjon er eit av alternativa som kan presse seg fram i Tyskland.

Den venstreorienterte norske regjeringa hadde ein klår motstandar til høgre, var rimeleg populær og haldt på si oppslutning. Den tyske storkoalisjonen tapte over 12% til samaan. Oppsummert; den raud-grøne regjeringa klarer seg veldig bra samanlikna med den tyske, og både SV og (særleg) AP klarer seg relativt sett betre enn juniorpartnar SPD.



Norden i G20?

20. September 2009

Eg har rydda kalenderen dei neste dagane for å førebu meg til forhandlingar med dei andre partia om Soria Moria 2, køyre inn den nye gruppa og gå over ting som har blitt liggande i departementet. Det viser seg å vere litt. Ei helg på fjellet langt frå aviser og ståk hjalp godt på humør og energi.

I helga kom det nye oppslag om at Noreg vil ha eit felles nordisk initiativ mot å bli med i G20. Jonas Gahr Støre har fleire gonger vore intervjua om dette, til dømes i Aftenposten. Eg meiner den nye nordiske orienteringa vi ser er noko av det mest interessante i den utanrikspolitiske debatten om dagen.

For ikkje lenge sidan kom den såkalla Stoltenberg-rapporten som vart levert til dei nordiske utanriksministrar. Innhaldet er fleire forslag for sterkare samarbeid på det tryggingspolitiske og forsvarspolitiske området, nokre av dei særs radikale. Noreg har dei siste åra auka vårt forsvarspolitisk samarbeid med andre nordiske land, særleg Sverige. Vi samarbeidar om både materiell og øvingar.

Spørsmålet om G20-medlemskap er interessant av to grunnar. For det første fordi vi har sterke saklege argument. Norden er samla sett verdas 8. eller 9. største økonomi. Samstundes er det vanleg å seie om både Noreg og andre nordiske land at vi markerer oss utover vår størrelse internasjonalt, til dømes med vår FN-støtte. Slik sett bør vi ha gode argument i denne diskusjonen.

Interessant er det også fordi det bringer to nye dimensjonar til samarbeidsdiskusjonen. Ein ny dimensjon til dei siste åras nordiske samarbeid, som i liten grad har dreid seg om økonomi. Og ein ny dimensjon til Noregs internasjonale orientering. Det sterkaste argumentet mot at vi skal ha ein felles utanrikspolitikk i EU kan etter mitt syn speglvendast når det gjeld Norden. Eg er redd for at Noreg sin internasjpnale stemme skal bli svekka i eit EU der for mange ulike omsyn eller syn som er motstridande vil dominere. Då er det betre at enkelte små land fremmar desse syna direkte. I Norden vil desse syna ofte vere dei dominerande. Dei vil dermed heller få større tyngde enn å forsvinne. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alltid, men som hovudregel.

Difor er den nye Norden-debatten interessant og perspektivrik, langt ut over dei korte reprisane EU-debatten ofte byr på.



Døgn i Nord-Noreg

23. June 2009

På kontoret igjen etter eit hektisk (men veldig bra) døgn i Nord-Noreg. På føremiddagen besøkte eg Utdanning.no i Tromsø og lanserte det nye senteret for IKT i utdanning. Det skal lokaliserast i Oslo og Tromsø, med hovudkontor i Tromsø.

Det bar så til Tromsdalen skule sin SFO, der dei har satsa særleg sterkt på fysisk aktivitet. Etter det var det fly til Narvik, med eit par raske møte om lokale prosjekt og eit opent møte om kvelden. Ikkje minst var besøket på Narviksenteret interessant. Det er ein fusjon av Krigsminnemuseet og Fredssenteret i Narvik.

Den korte filmen eg vart vist om det som skjedde i Beisfjord fangeleir nær Narvik i 1942 gjorde eit enormt inntrykk. Eg har høyrt om den før, men visste ikkje kor ille det var. Det var den verste fangeleiren i Noreg under 2.verdskrigen. 900 partisanar vart frakta hit sommaren 1942, og i løpet av nokre månedar mista om lag 2/3 av dei livet. Nokre vart skotne, andre døde av sult og utmatting. Ein del døydde i brakkene sine då dei nekta å gå ut for å bli henretta, og tyskarane tente på brakkene. Berre om lag 100 av 900 var i livet då krigen var over.

Narviksenteret gjer eit viktig arbeid med å dokumentere denne historia, og å drive formidling og undervisning om det.