Høyring om utanriks- og forsvarsbudsjettet
6. November 2009Mandag og tysdag i neste veke arrangerer utanriks- og forsvarskomiteen høyring om framlegget til statsbudsjett.
Kvart år arrangerer dei ulike fagkomiteane høyring der organisasjonar og aktørar på dei enkelte felta kan be om å få kome og legge fram sine synspunkt. I vår komite betyr det til dømes at bistandsorganisasjonar, miljøorganisasjonar, fredsrørsle, misjonsorganisasjonar og ei rekke andre kan kome og legge igjen synspunkt på budsjettet på mandag. På tysdag er det forsvarsdelen av budsjettet som står for tur.
Eg skal delta i desse høyringane, men vil gjerne arrangere mi eiga lille høyring her på bloggen også. Det kan gje fleire – både personar og organisasjonar – høve til å seie kva de meiner. Det er også bra om dei som skal på høyringa i komiteen utdjupar synspunkta her.
Eg skal som vanleg lese alt. Eg lovar som vanleg ikkje å kommentere eller svare på alt, men skal la meg inspirere og påverke av det eg synest er fornuftig. Værsågod, bli høyrd!


