Innlegg arkivert under ‘Barn’



Mobbing

29. April 2009

Eg var i Tabloid i dag og diskuterte mobbing. Der traff eg mellom Elin Dragland. Ho har skrive denne kronikken i Aftenposten om korleis ho opplevde det at dattera henna gjekk frå å vere livsglad, sosial og skuleflink til å bli mobba. Les den, den er sterk. Ho skildrar reflektert og direkte kva mobbing er, og kor makteslaus ein kan føle seg.

Noreg har ein skule med høg trivsel og lite ekskludering samanlikna med andre land. Det hjelper lite for den som opplever mobbing. Dessutan er tala siste år negative, dei har gått opp. Dragland utfordrar oss som styrer – som ho gjorde på Tabloid – på fleire viktige felt. Ho ber oss sørge for at skulane tek i bruk program mot mobbing som har dokumentert effekt, ho ber oss styrke kompetansen til leiing og lærarar og ho ber oss kontrollere at det fungerer i praksis. Alt dette er blant tiltaka som vi arbeider med innan ramma av manifest mot mobbing. Men kronikken og møtet med ho var også ei påminning om at vi må arbeide enno betre og meir systematisk med det, og at dette arbeidet må stå i sentrum for aktiviteten på skulen.



Skulen

18. April 2009

Det var ein tung dag i går for føresette til den norske kapteinen som vart drepen i Afghanistan. Eg kondolerer føresette og andre som kjente han, det var ei djupt tragisk hending. Sjølv utviklinga i landet vil eg kome attende til, det skjer alvorlege ting i Afghanistan som det er vanskeleg å sjå ein veg ut av.

I går kom også dommen i Pirate Bay-saka, som eg for min del berre registrerer. Den vil gå vidare i rettssystmet, og uansett utfall vil den ikkje avslutte ulovleg fildeling eller debatten rundt det. Det viktige no er å få fokus på korleis vi kan sikre ei betre etterleving av opphavsrettslover samstundes som vi utnyttar føremonene nettet gjer til å dele kunnskap og kultur og gjere det enklare tilgjengeleg.

I dag opnar AP-landsmøtet. APs fraksjonsleiar i utdanningskomiteen på Stortinget, Gerd Janne Kristoffersen, har eit interessant utspel i VG i dag saman med AUF-leiaren. Det ho seier er heilt i tråd med det SV nett har vedteke på sitt landsmøte. Vi vil ha sterkare nasjonal styring med skulen slik at vi sikrar at nasjonale ambisjonar vert synleg i klasserommet.

SV-landsmøtet vedtok at vi bør ha nasjonale normer for tilhøvet mellom lærar og elev, og opnar for sterkare styring for å sikre fleire lærarar. Det er de ikkje opning for i dagens Soria Moria-erklæring. Kommunane har fått om lag 30 mrd kroner i auka inntekter, og skulen har fått sin del av styrkinga. Vi har sikra gratis læremiddel i vidaregåand skule, fleire timar i grunnskulen, ei varig ordning for vidareutdanning av lærarar, ei eiga rektorutdanning, frukt og grønt og meir fysisk aktivitet. Det er kommunane som tilset lærarar og løyver ramma til skulane. Her ser vi at skule ikkje har blitt prioritert like høgt som andre område i kommunal sektor, noko som m.a har gått ut lærartettleiken. Den har blitt betre, men ikkje så mykje som ambisjonen var.

SV gjer difor to val

- vi vil prioritere ei særleg satsing på fleire tilsette til arbeide med barn og unge i neste periode. I skulen, barnehagane, barnevern og helsetenester for barn og unge.

- vi opnar for klårare nasjonal styring av ressursar til skulen i neste periode enn det som ligg i dagens Soria Moria erklæring.



Erfaring med utvida skuledag

12. March 2009

I dag har eg vore på ein stor konferanse i Skedsmo som oppsummerer erfaringane med forsøk med utivda skuledag og prosjekt leksehjelp. Evalueringa av forsøka er særs positive. Leksehjelp, eller treningstid som eg har byrja å kalle det, er positivt i 9 av 10 tilfeller og kan redusere dei sosiale skilnadane. Forsøka med utvida skuledag har vore ein massiv suksess hos foreldre, elevar og skule. Det vert rapportert om betre læring, betre trivsel og ein meir heilskapleg dag for ungane.

Dette er i trå med andre resultat, som viser at fysisk aktivitet og kosthald er viktig for læring og at fleire skuletimar og meir treningstid med hjelp er viktig for elevane si læring. Fysisk aktivitet er ikkje berre viktig for læring, men også for at ungar skal oppleve mestring og tidleg få glede av aktivitet og idrett. Innaktivitet er ein viktig årsak til mykje av sjukdomsbiletet i dag. Stig Inge Bjørnebye, tidlegare fotballspelar og no medlem av regjeringas rådgjevingsgruppe for fysisk aktivitet, heldt eit godt innlegg om dette.

No må vi innføre ein ny heilskapleg skuledag for alle elevar! Eg har før skildra kva som må ligge i dette. Dersom SV gjer eit godt val og vi raudgrøne får fortsette blir dette ei av dei viktigaste reformene.



Lekser (igjen)

5. February 2009

Ny debatt om lekser. Det er lov (berre for å ha sagt det!), men målet må vere at alle kan gjere leksene innan ramma av skuledagen og få hjelp til det. Her er kva eg skreiv i posten “Helg og lekser” 26.januar:

Fleire aviser skriv om lekser på leiarplass i helga. Bakgrunnen er denne grundige studien av forskaren Marte Rønning, utført på eit datamateriale frå Nederland. Dagsavisen vil avskaffe lekser, Aftenposten stør mitt forslag om leksehjelp til alle (ikkje på nett) og Dagbladet vil ha meir leksehjelp utan at det går utover fokuset på kunnskap.

Retninga er den same i alle leiarane, og eg er 100% samd i den retninga. Det er ikkje påbod om lekser i dagens skule, men det er særs vanleg. Myndigheitene stiller krav om kva elevane skal lære, og nesten alle skular løyser det gjennom relativt mykje heimearbeid i tillegg til skuletimar. Det finst nokre unnatak, mellom anna har enkelte skular som var med på forsøk med utvida skuledag lagt alt skulearbeidet inn i skuledagen. Det løyste dei ved å setje av tid til lekser etter den siste skuletimen, i samband med SFO.

Det er nett det tilbodet eg meiner alle elevar bør få. I samband med ein ny skuledag (NRK) må alle elevar få tilbod om tid til skulearbeid og leksehjelp i SFO. Ein kjerne av tilbodet må vere gratis, slik at alle kan bruke det. Vi må sette ein nasjonal kvalitetsstandard på det, og gje alle kommunar plikt til å ha dette tilbodet. Det vil vere behov for mange år med kompetansesatsing i SFO for å auke kvaliteten på tilbodet. Det vil framleis vere behov for heimearbeid. Det er også ein viktig måte å sikre at foreldre er involvert i skulearbeidet til ungane. Men det kan bli langt mindre lekser, og alle kan få hjelp med dei.

Eit slikt tiltak vil gje auka kunnskap, då fleire vil lære meir. Det vil ikkje minst gje sosial utjamning. Det er i bunn og grunn ein skandale at det viser seg at vi har ein skule som ikkje verkar sosialt utjamnande. Dette er eit av fleire tiltak som kan gjere noko med det.



Lynet McQueen

21. December 2008

Eg har ein bilgal sønn på 3+. Veit ikkje heilt kor han har det frå, men uansett.

Den viktigaste og kulaste bilen er Lynet McQueen. For den uinvidde kan eg forklåre at det er heltebilen i ein påkosta amerikansk teiknefilm som heiter “Cars”. Filmen er vellaga og bra nok, og har lenge gått på høg rotasjon hos oss.

Filmen har filmmusikk. Som han ville ha. Som han vil høyre på kvar gong vi køyrer bil. Særleg ei låt med Sheryl Crow; Real Gone. Som han syng med på. På engelsk. Med vel så god uttale som faren. Så der sit 3-åringen i baksetet og krev å få høyre på Sheryl Crow igjen og igjen medan han syng med på engelsk. Er det normalt? :-)

PS! Det finst Lynet-truse, Lynet-skjorte, Lynet-strømpebukse, Lynet-kake, Lynet-Stylingsett, Lynet-lommebok og (hald deg fast) Lynet-seng. Og sikkert mykje meir. Her er videoen, alle mellom 3-6 år bør sjå den.



Rania

17. December 2008

Dronning Rania av Jordan er ikkje berre vakker, ho er også ein suveren talar. Det oppdaga eg i går. Ho stjal showet på gårsdagens opning av høgnivåmøtet om utdanning for alle. Mest personleg, mest engasjert, den beste framføringa. Dersom du er i tvil, sjå på klippet over. Det er frå eit anna arrangement, men gjer eit inntrykk av ho.

Erik Solheim og meg sjølv er vertskap for møtet, som er ein sentral stoppestad i arbeidet for å nå målet om at alle barn skal få skulegong innan 2015. Sjølv om vi har gjort store framsteg, er det langt igjen. 75 millionar barn får ikkje skulegong, vi treng å rekruttere 18 millionar lærarar for at alle skal få det.

Unesco har hovudansvaret i FN for arbeidet med utdanning for alle. Dei uroar seg for at utvikling – og utdanning særleg – skal havne i bakleksa samanlikna med finanskrisa. Det er mange menneske som lever i ei permanent finanskrise – dei må ikkje bli gløymt no.



Logistikk

12. December 2008

Det er mykje logistikk her i livet. På morgonen i dag drog vi saman til barnehagen. Luciafeiring. Vidare med bil derfrå kvart over åtte til jobb. I ettermiddag kom eg frå Stortinget. Skulle eg rekke to intervju frå halv fire før avreise klokka fire. Eg vart køyrt i regjeringsbil til svogeren min. Therese hadde henta ungane i barnehagen og køyrt med dei til han. Ho kom rett før meg. Eg tok med ungane heim, ho drog på julebord.

Men no har eg hatt kvelden med ungane. Vi lagde legobåt og køyrde på golvet. Dei la seg seint.



kontantstøtte, barnehage og små barn

5. December 2008

Mitt innlegg om kontantstøtta har skapt litt debatt. KrF-bloggar Sondre refererer kjente argument frå KrF-hald. Knut viser til at kontantstøtten er ei ordning som i stor grad går til dei med låge inntekter, og dermed gjer god fordeling. Det har han rett i. Men eg meiner det er feil fordelingspolitikk å lage ei ordning som føreset at du ikkje har barn i barnehage for å få støtte. Vi må heller heve sosialhjelpa (slik regjeringa har gjort), auke dei lågaste trygdene og fordele betre i skattepolitikken. Då betrar vi økonomien til alle med dårleg råd, ikkje berre dei har barn som ikkje går i barnehage.

Bente har skrive eit innlegg som sikkert treff fleire enn meg. Eg er også sikker på at barn har det bra med foreldra dei første leveåra. Men eg trur små barn også kan ha det bra i barnehage. Dei fleste av oss har små barn er mykje i lag med dei, men har dei samstundes i barnehage. Eg har gode erfaringar med det, og har sett kor godt barn kan like seg i barnehagen. Vi har for lite forsking om små barn i barnehage, men det er lite i den forskinga vi har som tydar på at barn som går i barnehage blir meir stressa eller utrygge enn andre barn.

Camilla, det er ille å lese om det du skriv omin gamle bydel, Grünerløkka. Vi må jo gå motsatt veg! Vi treng fleire førskulelærarar, meir tid til å sjå det enkelte barn og betre kvalitet i barnehagane. Eg vonar dokke kan hindre desse kutta



Bank og skule

4. December 2008

Det er for lite ideologisk debatt i politikken. I skulepolitikken er det veldig tydeleg. Skue og barnehage er for dei fleste av oss noko veldig konkret og handfast som ungane våre bruker. Det er lekser, skulebygg, mobbing og kva vi syns om lærarane som dominerer. Det er bra og naudsynt at politikken handlar om om det som er nært og viktig i kvardagen.

Den burde likevel handle meir om dei store spørsmål. Bør vi satse på den offentlege skulen, eller skal vi bygge opp fleire private tilbod i konkurranse med det offentlege? Bør vi styre skulen gjennom marknadsprinsipp, ved å innføre fritt skuleval og konkurranse mellom skular om elevar?

Ein av mine dyktige forgjengarar, Kristin Clemet, argumenterte nyleg for at vi kunne importere prinsipp frå bank og forsikring til styringa av skulen. Eg er djupt usamd. Her er mitt svar.



Farvel til kontantstøtta?

29. November 2008

Torbjørn Røe Isaksen er ein av dei mest interessante politikarane i Høgre. Det er uklårt for meg om han står til venstre eller høgre i partiet, men han viser seg stadig å vere ein uavhengig type som har spennande tankar.

I det nye programforslaget Høgre presenterte i går, har han ei rekke dissensar. Eg merkar meg at han gjer framlegg om å avvikle kontantstøtta. Det som kanskje overraskar mest med den dissensen er at han er aleine om den.

For meg er det uforståeleg at Høgre framleis kan forsvare kontantstøtta. Partiet verkar å leve i den gamaldagse forestillinga at kunnskap er noko som høyrer skulen til og først blir aktuelt i seks-års alderen. Programforslaget illustrerer det ganske godt, ved at barnehage er plassert trygt under familiepolitikken medan skule er del av kunnskapskapittelet. I framlegget til alternativt statsbudsjett gjorde dei nyleg framlegg om å heve forreldrebetalinga, noko som vil føre til at mange barn som treng eit barnehagetilbod ikkje vil få det. Det er det motsette av å gje tilgang til kunnskap.

Om lag halvparten av grunnlaget for dei kunnskapane vi tileignar oss vert lagt før vi er fyllt seks år. Alle som har med små ungar å gjere veit at dei er som svampar etter kunnskap, og har eit stort potensiale for å lære. Språk og sosiale evner utviklar seg allereie frå 2-3 års alderen, og framover mot skulealder er lærelysta enorm. Ved skulestartalder kan ein lærar allereie merke stor skilnad på elevar ut frå kva stimulering og tilbod om utvikling dei har hatt før skulestart. Barndomen er særs avgjerande for seinare skulegong og kunnskapsutvikling.

Det er også godt dokumentert at barn som går i barnehage gjer det betre på skulen, til dømes i lesing. I ein ny forskingsrapport frå Kunnskapsdepartementet og Folkehelseinstituttet kjem det fram at barn som går i barnehage ved alder 18 og 36 månedar har betre språk. Særleg er uslaga store for minoritetsspråklege barn og for barn med foreldre med låg utdanning.

Kontantstøttebruken i Noreg har gått kraftig ned dei siste åra, men for ei gruppe går den opp. Minoritetsspråklege. Mange barn går glipp av mykje læring og utvikling på grunn av kontantstøtta. Fleire vil gjere det om prisen på ein barnehageplass går opp. Framleis byrjar det barn på den norske skulen som ikkje kan eit ord norsk, eller som er særs lite vant til kontakt med andre ungar.

Eg meiner vi skal gjere det motsette av det Høgre vil. Vi må avvikle kontantstøtten og la maksprisen bli verande på 2330 kroner. Så bør vi gjere slik SVs programkomite seier i vårt nye framlegg til arbeidsprogram for 2009-2013; Innføre eit gratis, obligatorisk barnehagetilbod for alle 5-åringar og utvikle ordningar med gratis kjernetid for enno mindre born.

Alle ungar fortener den gode staren på livet og den gode førebuinga til skulen som eit barnehagetilbod er.