Karen søv rett utanfor her, og eg skal bruke den ledige stunda midt på dagen til å skrive ein superkort bloggpost medan eg drikk ein kopp kaffe, rydde, vaske opp, dusje, ta eit par telefonar, sette opp liste over julepresangar og ta eit par telefonar. Eller rettare sagt – så mykje av dette eg får gjort (det er truleg ikkje så mykje).
Erfaringa mi frå sist er at den tida eg har kan vere frå ein halv til to timar, er sepnt på å sjå korleis mønsteret er no. Karen søv førebels to gonger, med ei første (og ganske lang) morgonøkt tidleg. Det betyr at eg stort sett kan få dusja og drukke litt kaffe då, med mindre eg har noko eg må gjere (som i dag)
Eg skal ha pappaperm i (minst) tre månedar, og i denne perioden har eg tenkt å trappe litt ned på blogginga for ikkje å ha det hengande over meg sånn. Eg ser på blogging som jobb (sjølv om det er ein del av jobben eg likar godt), og difor er det ein del av det å la jobben (i alle fall i stor grad) ligge att på jobben.
Eg tenkjer likevel at eg sporadisk skal kommentere politikk og samfunn, oppsummere musikkåret 09 og skrive vekas plate. Dessutan skal eg med ujamne mellomrom skrive litt om det å vere i pappaperm. Det er tredje gongen min, og eg tenkjer det kan vere moro for meg (og kven veit; kanskje interessant for ein eller annan anna person) å gjere det. Serien “I perm” er lansert!
La meg begynne med konklusjonen: Etter valet vil eg invitere til eit større dialogmøte om stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen. Der vil eg invitere barnehageforskarar, praktikarar og organisasjonar – men også språkforskarar, spesialpedagogar og representantar for grunnopplæringa.
Det kan vere nyttig etter diskusjonen no, men det er og nyttig fordi vi skal gjere ein ryddejobb i kartleggingspraksisen i barnahegane. Dessutan skal det etter kvart utformast lovframlegg basert på det som ligg i meldinga, og det er viktig å få innspel til det.
Mitt lange innlegg her hadde to formål. For det første å referere tekst direkte frå meldinga, argumentere for mitt syn og gjennom det la folk vurdere det vi skriv/seier betre enn gjennom korte sitat i mediene. Det synest eg eg har gjort på ein grei måte. For det andre ville eg samanlikne det med mediebiletet av det. Eg synest det er langt frå dei framlegga som også blir trekt fram i kommentarane, og “…kunnskapsteste alle barn…”
Det var derimot ikkje eit mål med innlegget å antyde at barnehageforskarar har forstått det slik. Eg forsøkte ikkje å redusere innvendingane. Det var mediene si rapportering eg tok for meg, ikkje synspunkta dei som har lese, forstått og er usamde. Kommentarane til min post viser jo at usemja her går på dei konkrete framlegga i meldinga, og at dokke som skiv har sett dokke gått inn i sakene. Eg vil (sidan nokon antydar det motsette) berre nemne at eg har sett meg litt inn i sakene sjølv og, og mellom anna høyrt på ulike miljø sine synspunkt. Eg høyrer likevel gjerne på fleire og meir.
Eg les elles dette ut av kommentarane: Det er ulike syn på språkkartlegging i barnehagen, men kanskje enno meir usemje om kor store og omfattande konsekvensar det vi skriv i meldinga har. Nokre av dokke skriv om det som eit “systemskifte” i barnehagen, medan eg ser det som tett opp til den praksisen eg ser når eg er rundt i banehagar. I tillegg varslar vi ei opprydding. Eg vil gjerne ha synspunkt i neste runde på korleis vi skal få til det.
I tillegg er det ulike syn på framlegget om å overføre dokumentasjon og kunnskap til skulen. Her tolkar eg det slik at usemja er sterkt ideologisk. Er det “blanke ark” eller “tidleg innsats” som er det rette tankesettet for å hjelpe ungar? Eg trur mest på det siste, men det er lett å sjå at det vil variere og at begge delar har sine sider.
Til sist: takk for mange gode innlegg. Det er godt å ha så mange gode og kritiske lesarar av melding og blogg. Vi sjåast til dialogmøte når valet er vunne – og taper vi skal eg forsøke å gjennomføre det før skiftet:-)
Den siste månaden har eg opplevd noko interessant. Eg la i juni fram ei stortingsmelding som vi kalla “Kvalitet i barnehagen”. Den fekk stor merksemd. Hovudbodskapen er at etter fem år med utbygging, skal vi ha fem år med satsing på innhald og kvalitet. Barnehagen er viktig for tidleg innsats. Når nesten alle barn går i barnehagen har vi ein arena for utvikling og like muligheiter for ungar som vi må bruke enno betre.
Så begynte ein del av meldinga å leve sitt eige liv. Det starta med at ein forskar var usamd med to av framlegga i meldinga, og gjekk ut mot dei. Så spreidde det seg til enkelte kommentatorar.
No høyrer eg med ujamne mellomrom referert til kva som skal stå der som ei sanning. Utan at det står der. Eg brukar Dagbladet som døme fordi dei har omtala det mest, men det har stått i enkelte medier også:
Før sommaren skreiv Dagbladets Marie Simonsen, i samanheng med skriftleg evaluering i skulen, at “Nå har Regjeringen planer om å innføre lignende evaluering av barnehagebarn.” (altså liknande skriftleg evaluering i barnehagen som i skulen)
I juli omtalte Dagbladet meldinga med at “Her ble det slått fast at også barnehagebarna skal kunnskapstestes.”.
På mandag for to veker sidan skriv så Simonsen igjen om “…hans forslag om evaluering av barnehagebarn”.
Det interessante er at ingen av desse skildringane/påstandane har rot i det som faktisk står i meldinga. Ingen av kommentarane siterer eller refererer heller frå meldinga.
Enkelte rykka då også ut mot kritikken, til dømes førsteamanuensis i Norsk Margareth Sandvik. Likevel har eg møtt ein del folk som trur at dei har lese i avisa er rett. Felles for dei er at dei ikkje veit nøyaktig kva dei trur eller kvifor dei trur det, men det er noko med testing av barnehagebarn som eg har kome med.
Dette er historia om korleis eit mediebilete oppstår. Difor skal eg gå uvanleg djupt ned i det som faktisk står i denne stortingsmeldinga.
Det er fleire interessante spørsmål til bloggposten “OECD og Ida”. Geir spør om vi berre skal tenke tidleg innstas, og ikkje sjå på innhaldet i dei mange år – og kanskje til og med kutte talet på år.
Eg er heilt samd i at vi må få meir kvalitet ut av kvart år og kvar time. Det er ei hovudsatsing for meg, eg har lagt fram stortingsmeldingar om både kvalitet i skulen og kvalitet i barnehagen. Eg er imidlertid ikkje samd i at vi kan kutte på toppen. Eg trur modning betyr ein del for utdanning og at den difor må gå over mange år. Eg trur heller ikkje vi klarer å ta igjen timane med lengre år og veker med same resultat - det er begrensa kor stor mengde ein klarer pr dag og år. Eg trur dei fleste må ta meir utdanning i framtida, og at utfordringa er å få fleire med seg i fleire år.
Marit spør om fråfall i høgare utdanning. Det er eit sentalt tema som er vi går inn i i meldinga Utdanningslinja. Det er ikkje berre fråfall i vidaregåande som er viktig.
På mandag sat eg i Stortinget til halv tre – lange dagar mot slutten av sesjonen.
I går og i dag har vi hatt OECD ministermøte i Noreg. Om lag 20 statsrådar og statssekretærar har diskutert tidleg innsats og fråfall i vidaregåande skule, under overskrifta “like muligheiter i utdanning”.
Eg må ærleg talt seie at eg kan styre meg for internasjonale møte av dette slaget. Ofte sit mange titalls politikarar og byråkratar rundt eit bord og les opp ferdigskrivne innlegg for kvarandre, medan nokon filar tekst på bakrommet.
Men dette møtet var lærerrikt og interessant. Det var reell dialog, og mange lærerik erfaringar frå andre land. Alle land slit med fråfall. Vi viste ein forlenga trailer frå Johannes Joner sin film Respekt som intro til temaet. Det var også interessant å sjå kor sterkt den tenkinga vi står for står internasjonalt. Land etter land byggar opp barnehagetilbodet sitt og er opptekne av å fange opp alle tidleg.
Eit anna høgdepunkt var at vi hadde fått Jørn Hurum til å presentere Ida i eit kort innlegg under middagen. Det er fantastisk forsking, og ei fantastisk historie om formidling av forsking.
Den dagen Ida vart presentert for verda (med borgarmesteren i New York i hovudrollen) gjorde Google om på ikonet sitt på søkemotoren. Dei bytta ut det vanlege ikonet med eit Ida-inspirert ikon som ein kunne trykke på og få meir inofrmasjon. Ein stad mellom 1.2-2 mrd menneske trykka på ikonet i løpet av 26 timar! Det kallar eg spreiing.
Og ei nydeleg lita jente på om lag 47 millionar år er hovudpersonen.
Deilig å vere ferdig med nok ei veke. Denne perioden på slutten av året og stortingsperioden er travel. Mange saker i Stortinget, mykje som skal sluttførast i departmentet, mange som vil ha ein prat før balet – og ein valkamp å føre.
Eg har ei god kjensle. Frå veldig tøft har vi snudd til forsiktig positive medan vi er i regjering. Eg merkar det på den generlt positive men litt avventande stemninga. Folk synes vi spelar ein rolle, får litt gjort. Men det er også ting vi ikkje har gjort og litt usikkerheit om kva som er viktigast no.
Helga er roleg, men på laurdag har vi sagt ja til å dra på Akershus i regi av presidentskapet.
I dag har eg lagt fram stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen. Det er første gang ei regjering presenterer ei slik melding. Hovudbudskapet er at no går vi frå fem år med satsing på lågare pris og utbygging, til fem år med satsing på kvalitet og innhald!
Dei første tala frå Elevundersøkinga 2009 vert offentleg 13.5. Dei viser ein svak nedgang i talet på elevar som svarer at dei vert mobba på skulen siste år. Dei viser også ein svakt positivt trend over fleire år. 300.000 elevar svarer på elevundersøkinga, det er den største og viktigaste årlege undersøkinga av mobbing i skulen. Tala viser at det går rett veg, det blir mindre mobbing. Ambisjonen er å redusere mobbing enno meir.
Litt meir om tala (på UDIR finn du enno meir). Den svake auken frå 2007 til 2008 er no redusert igjen. Mobbinga har samla sett gått noko ned i den perioden vi har samanliknbare tal for, tilbake til 2005. Det er også færre elevar i år enn tidlegare som seier at dei opplever diskriminering på grunn av nasjonalitet.
·I 2008 sa 24 prosent at dei vart mobba ein sjeldan gang eller oftare. I 2009 er det 23,3 prosent.
·Elevar som opplever mobbing ein eller fleire gongar i veka har gått ned frå 5,36 prosent til 5.19 prosent.
Tala for elevar som seier dei har blitt mobba i det heile, inkludert dei som har svart alternativet ”en sjelden gang”, er for åra 2005 til 2009:
·2005: 24,7 %
·2006: 23,8 %
·2007: 23,2 %
·2008: 24,0 %
·2009: 23,3 %
Elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule svarer på spørsmål om dei opplever å ha blitt diskriminert av ulike grunnar, som kjønn eller nasjonalitet. Frå 2007 til 2008 gjekk talet på elevar som oppgjer å ha blitt diskriminert fleire gongar i veka på grunn av nasjonalitet opp frå 2,2 prosent til 2,7 prosent. I 2009 gjekk det ned til 2,2 prosent. Det er ein nedgang i diskriminering på grunn av kjønn fleire gongar i veka frå 2,99 prosent til 2,60 prosent i 2009.
Tala er positive, men må ikkje bli ei sovepute. Difor har vi underteikna eit nytt manifest mot mobbing med ei rekke satsingar for å revitalisere arbeidet mot mobbing.
Eg var i Tabloid i dag og diskuterte mobbing. Der traff eg mellom Elin Dragland. Ho har skrive denne kronikken i Aftenposten om korleis ho opplevde det at dattera henna gjekk frå å vere livsglad, sosial og skuleflink til å bli mobba. Les den, den er sterk. Ho skildrar reflektert og direkte kva mobbing er, og kor makteslaus ein kan føle seg.
Noreg har ein skule med høg trivsel og lite ekskludering samanlikna med andre land. Det hjelper lite for den som opplever mobbing. Dessutan er tala siste år negative, dei har gått opp. Dragland utfordrar oss som styrer – som ho gjorde på Tabloid – på fleire viktige felt. Ho ber oss sørge for at skulane tek i bruk program mot mobbing som har dokumentert effekt, ho ber oss styrke kompetansen til leiing og lærarar og ho ber oss kontrollere at det fungerer i praksis. Alt dette er blant tiltaka som vi arbeider med innan ramma av manifest mot mobbing. Men kronikken og møtet med ho var også ei påminning om at vi må arbeide enno betre og meir systematisk med det, og at dette arbeidet må stå i sentrum for aktiviteten på skulen.
Det var ein tung dag i går for føresette til den norske kapteinen som vart drepen i Afghanistan. Eg kondolerer føresette og andre som kjente han, det var ei djupt tragisk hending. Sjølv utviklinga i landet vil eg kome attende til, det skjer alvorlege ting i Afghanistan som det er vanskeleg å sjå ein veg ut av.
I går kom også dommen i Pirate Bay-saka, som eg for min del berre registrerer. Den vil gå vidare i rettssystmet, og uansett utfall vil den ikkje avslutte ulovleg fildeling eller debatten rundt det. Det viktige no er å få fokus på korleis vi kan sikre ei betre etterleving av opphavsrettslover samstundes som vi utnyttar føremonene nettet gjer til å dele kunnskap og kultur og gjere det enklare tilgjengeleg.
I dag opnar AP-landsmøtet. APs fraksjonsleiar i utdanningskomiteen på Stortinget, Gerd Janne Kristoffersen, har eit interessant utspel i VG i dag saman med AUF-leiaren. Det ho seier er heilt i tråd med det SV nett har vedteke på sitt landsmøte. Vi vil ha sterkare nasjonal styring med skulen slik at vi sikrar at nasjonale ambisjonar vert synleg i klasserommet.
SV-landsmøtet vedtok at vi bør ha nasjonale normer for tilhøvet mellom lærar og elev, og opnar for sterkare styring for å sikre fleire lærarar. Det er de ikkje opning for i dagens Soria Moria-erklæring. Kommunane har fått om lag 30 mrd kroner i auka inntekter, og skulen har fått sin del av styrkinga. Vi har sikra gratis læremiddel i vidaregåand skule, fleire timar i grunnskulen, ei varig ordning for vidareutdanning av lærarar, ei eiga rektorutdanning, frukt og grønt og meir fysisk aktivitet. Det er kommunane som tilset lærarar og løyver ramma til skulane. Her ser vi at skule ikkje har blitt prioritert like høgt som andre område i kommunal sektor, noko som m.a har gått ut lærartettleiken. Den har blitt betre, men ikkje så mykje som ambisjonen var.
SV gjer difor to val
- vi vil prioritere ei særleg satsing på fleire tilsette til arbeide med barn og unge i neste periode. I skulen, barnehagane, barnevern og helsetenester for barn og unge.
- vi opnar for klårare nasjonal styring av ressursar til skulen i neste periode enn det som ligg i dagens Soria Moria erklæring.