Afghanistan-innlegg
29. April 2011Dette er innlegget eg holdt i debatten om Jonas Gahr Støre sin redegjørelse om Afghanistan i Stortinget på torsdag:
«Har den militære oppbyggingen i Afghanistan ført oss nærmere en løsning på konflikten i landet? Jeg tror svaret er et ganske klart nei. Den stadige militariseringen av USAs – og dermed Vestens strategi – har brakt oss fjernere fra en løsning og ikke nærmere.» Slik formulerer Kai Eide på side 269 i boka si frå i fjor sitt eige syn, men han legg til ei nekting: «Jeg er ikke motstander av et internasjonalt militært nærvær.»
Det siste året har det kome to interessante norske bøker om Afghanistan som er svært ulike. Kai Eides bok er ei bok som ser Afghanistan frå innsida av det internasjonale nærværet, ei bok som ser samfunnet ovanfrå.
Anders Sømme Hammers bok ”Drømmekrigen” er ei bok som ser Afghanistan frå utsida av det internasjonale nærværet, og som ser samfunnet nedanfrå. Til saman trur eg dei gir eit brukbart bilete – neppe eit brukbart bilete av Afghanistan, men kanskje eit brukbart bilete av Afghanistan sett med ein nordmanns auge. Og så gir dei lærdom om vegen vidare.
I ein rapport frå koordineringsorganet for frivillige organisasjonar i Afghanistan, skriven av Matt Waldman frå hjelpeorganisasjonen Oxfam, vert situasjonen for bistanden til og utviklinga av landet fram til 2008 gjennomgått. Afghanistan får langt mindre i bistand enn det andre konfliktområde i verda har fått det siste tiåret. Landet fekk dei to første åra berre ein tiendedel av det Bosnia fekk på 1990-talet, og samanlikna med dei fem første åra fekk Irak fem gonger så mykje per innbyggjar i bistand som det Afghanistan fekk. Det er omfattande sløsing og misbruk av midlar, ifølgje denne rapporten. 40 pst. av bistanden går tilbake til givarland. Store summar går til dyre utanlandske konsulentar, og det er elendig koordinering – kort oppsummert.
Noreg bruker store summar på utviklingshjelp til Afghanistan årleg, nesten like mykje som på den militære operasjonen. Vi har auka bistanden og betra innretninga på han.
Det store biletet er likevel at det vert brukt meir enn ti gonger så mykje på krigen i Afghanistan som på å førebu freden – på den sivile utviklinga. Det er ikkje mogleg å skape fred i Afghanistan utan ei merkbar forbetring i levestandarden for innbyggjarane. Det er eit stort og alvorleg feilsteg at det internasjonale samfunnet gjennom eit tiår har halde på ei militarisert oppfatning av kva som er løysinga i Afghanistan.
Utan ei meir og betre koordinert – og ei sterkare – afghansk forankring i bistanden kjem vi oss ikkje heim frå Kabul på ansvarleg vis.
SV har i mange år argumentert for forhandlingar og ein politisk prosess som inkluderer alle partar, og for at Noreg må snakke med alle, ofte til allmenn latter. Eg hugsar sjølv utspørjinga som Pål T. Jørgensen hadde av Kristin Halvorsen i valkampen i 2009, og eg har opplevd Siv Jensen i debattar utanfor denne salen raljere og kalle mitt syn for ”teselskap med Taliban”. Erna Solberg uttrykte seg slik til Nettavisen i 2008:
«Å forhandle med Taliban og beholde et demokrati i Afghanistan, nei, det tror jeg ikke mye på.»
No er det ei breiare einigheit om at ein politisk prosess som inkluderer alle partar, må til. Føresetnaden for eit fredeleg og demokratisk Afghanistan er å inkludere alle i politikk og samfunnsliv. Som i andre fredsprosessar må ein ha dialog med alle grupper som spelar ei rolle i samfunnet.
Er det så enkelt? Nei, det er veldig, veldig komplisert. Inga oppskrift har gode odds for å lukkast i Afghanistan no. Eit langvarig militært engasjement i landet kan vi berre forsvare om vi sterkt trur ein vil lukkast med det. I ein slik situasjon skuldar vi kvarandre ærleg refleksjon og vilje til å vurdere det vi gjer. Eg inviterer ikkje til enkle svar, men til refleksjon. Ikkje minst skuldar vi soldatar, hjelpearbeidarar, FN-ansette, deira pårørande og andre i Noreg å gjere det.
Eg – og SV – trur Noreg bør avvikle sin militære deltaking så raskt som mogleg. Vi bør prioritere innsatsen til Noreg der vi kan gjere ein størst forskjell internasjonalt – ved ein tung sivil innsats, ved å halde fram med arbeidet for å dreie den internasjonale strategien mot betre koordinering og ein samla sivil innsats og gjennom å vere ein tung aktør mot ein betre politisk prosess.
Det er ikkje lett å sjå ein positiv veg vidare for Afghanistan. På sett og vis kan ein seie at den politikkendringa som kanskje no er på gang internasjonalt, kjem både for seint og for tidleg – for seint fordi omlegginga mot sivil utvikling og ein politisk inkluderande forhandlingsstrategi skulle ha kome for mange år sidan for å verke, for tidleg fordi det er vanskeleg å sjå at Afghanistan i løpet av få år skal vere i stand til å sikre tryggleik, demokrati og økonomisk utvikling i sitt eige land.
Eg vil takke utanriksministeren for ei god utgreiing og samtidig slå fast at det er viktig å halde debatten om Afghanistan-spørsmålet i det norske samfunnet open.
