Arkiv for April 2010



Socialistisk Folkeparti

26. April 2010

I helga som var vårt danske søsterparti Socialistisk Folkeparti (SF) landsmøte. Det er eit særs  interessant parti, som for tida ligg høgt på meiningsmålingane (15-20%) og kan vinne fleirtal saman med sosialdemokratar og eit sentrumsparti kalla Radikale Venstre. Partiet står veldig nær SV politisk, og har i alle år vore det partiet som har likna mest på oss. Den viktigaste grunnen til det er at dei også er eit raudgrønt parti; dei er både representant for den venstresosialistiske tradisjonen og den grøne tradisjonen i Danmark. I tillegg til det har begge parti mange felles standpunkt, og mange felles utfordringar.

Interessant nok har vi særs ulik historie på eit viktig punkt. SV kom får ei avskalling av det norske AP, medan SF kom frå ei avskalling av det danske kommunispartiet. Både i Sverige og i Danmark var det harde kampar i kommunistpartiet på 50- og 60-talet, etter Sovjets invasjon i Ungarn i 1956. I Sverige vann reformistane, og dermed vart kommunistpartiet det leiande på venstresida. I Danmark tapte reformistane, og dermed kom eit nytt parti til; SF.

I dag er Villy Søvndal leiar i SF. Han er ein dyktig, lun og smart politikar med stor personleg tillitt i Danmark.



Togdebatt

20. April 2010

Då den store togdebatten omsider kom til Stortinget, var det etter ei knapp veke der toget hadde tatt av for fly som stod over heile Europa. Ein kunne nesten føle at lufta var litt ute av ballongen.

Mindre viktig er det ikkje. For få veker sidan kom Jernbaneverket med ein særs sterk bodskap om situasjonen for det norske jernbanenettet. Det var ein respons pådeimange hendingane og ulukkene vi hadde i tida rundt påske, og kom i tillegg til forseinkingar og feil i vinter.

Den raudgrøne regjeringa har gjennomført ein kraftig auke i løyvingane til fornying og ein kraftig auke i løyvingane til drift og vedlikehald. Det ligg inne eit omfattande program for vedlikehald det neste tiåret i Nasjonal transportplan.

SV har i dag presentert hovudtrekka i eit notat kalla Generasjonsskifte for toget. Bodskapen her er at vi bør forsøke å gjennomføre eit generasjonsskifte for jernbanenett og utstyr dei neste seks åra. Det dreier seg om fornying, vedlikehald, nytt materiell og krysningsspor. Du kan lese meir om det her (SV og VG.no)



Jerusalem-Oslo ekspedisjonen

18. April 2010

Dette er ein slags takkemail.

Som mine lesarar kanskje har fått med seg, har eg vore i midtausten. Eg skal kome attende med både svar på ein del innlegg her og oppsummering av besøket, men pr no vil eg berre takke det norske rep.kontoret på Vestbredden og ambassaden i Tel Aviv som har gjort dette til eit særs bra og minneverdig besøk.

Så litt om heimturen. Vi (Ketil Raknes og eg) skulle fly heim fredag kveld, men kom oss ikkje til Frankfurt og Oslo. I staden har vi vore på ein halsbrekkande tur gjennom Europa i høgt tempo, mykje grunna særs gode hjelparar:

Først ordna Annika på den norske ambassaden og Eldbjørg på Al Quds reisebyrå i Oslo bilettar frå Tel Aviv til Roma 14.50 på laurdag

Så ordna Richard på ambassaden i Roma ein leigebil (og ei rekke back up løysingar) som vi kunne køyre med til Wein am Rhein ved grensa mellom Sveits og Tyskland, nær Basel.

Så responderte spedisjonsselskapet Schenker på ein sak i Dagbladet.no om at vi skulle heim og trengte hjelp. Kristin og Sabina i Schenker Norge forsøkte å finne ei løysing med tungtransport frå sentraleuropa for oss. Det fekk dei ikkje til. Då kom Carsten, som arbeider på Schenker sitt hovudkontor i Frankfurt, og køyrde oss til Kiel. Roma-Kiel på 18 timar. 1800 kilometer på 18 timar!

I Kiel hadde Sabina i Schenker hjelpt oss å få plass på ferga til Gøteborg. Her er vi no. Frå Gøteborg blir det buss til Noreg ser det ut til.

Takk til alle. Det gjekk mykje raskare heim enn vi frykta, og raskare enn eg kunne forestille meg, Eg rekk stortingsdebatten min på tysdag, eg rekk å kome heim før kona skal på jobbreise og vi rekk å sjå ungane våre snart.



Det heilage

16. April 2010

Midt i politikken er det ein annan dimensjon som gjer like stort inntrykk. Eg har ikkje skrive mykje her på bloggen om mi interesse for religion, men den er ikkje lita av den grunn. Religion spelar ei viktig rolle i politikk og den er interessant i seg sjølv. Men ikkje minst er religiøse bygg og stader flotte og interessante, og den kjensla av heilagdom og alvor du kan oppleve der flott.

På 90-tallet reiste eg mykje både i Europa og Asia. Kvar enn eg drog, besøkte eg kyrkjer, moskèar, buddhistiske og hinduistiske monument. Men eg har aldri vore i Palestina eller Israel.

Det har ikkje vore mykje tid til å besøke heilagdomane i byen, men litt. Under er ein liten biletserie frå det:

Til venstre under er meg foran gamlebyen, du ser Al Aqsa Moskèen og Klippedomen i bakgrunnen. Så er det bilete frå klagemuren, og deretter klippedomen. Tempelhøgda (som jødane kallar det der Klippedomen og Al Aqsa ligg) ligg eit steinkast over klagemuren. Klagemuren er den heilagaste staden i jødedomen, medan høgda over er den tredje heilagaste staden i Islam (etter Mekka og Medina).

Under det ser du eit bilete frå “The Church of Sepulchre” i gamlebyen i Jerusalem. Til sist Abraham-moskèen i Hebron, den nest heilagaste staden i Jødedomen og den fjerde heilagaste i Islam. Det ligg ein del religiøst krut i Midtausten.



Invasjon på Vestbredden

15. April 2010

- Dei roper skjellsord, kastar stein på oss og trakasserer folk. Dei mest ekstreme brenn bilar og tek livet av folk. Det går få dagar på vestbreidda utan alvorlege overgrep frå busettarane.

Det er Muhammed Othman som seier dette. Han er aktiv i organisasjonen “Stop the Wall”. Han har besøkt Noreg ei rekke gonger. Sist gang han kom tilbake frå Noreg vart han arrestert og helde i 4 månedar fortel han.

Gaza og Vestbreidda er palestinsk territorium, men det skjer ei gradvis fortrenging av palestinarar og invasjon av busettarar. Den israleske politikken med å busette folk inne på Vestbreidda sørgar for det. Nede i dalane ligg dei palestinske landsbyane, oppe på fjelltoppane ligg busettingane som festningar.

Det er no om lag 325 busettingar og 1/2 million busettarar. Kven er dei? Det store fleirtalet er truleg jødar som kjem frå andre land enn Israel. Kvifor busett dei seg midt inne i Palestina? For å busette det heilage landet, men også fordi det er tungt subsidiert. Mange har berre busett seg der utan å spørre. Nokre busettingar er planlagt av regjeringa. Men Israels regjering sørgar for vatn, straum og tunge subsidiar for alle. Dei bygger eigne vegar til busettingane, som palestinarane ikkje får bruke, og dei held palestinarane ute med sperringar.

Og ikkje minst så etablerer dei ein mur som gradvis murer 85% av busettarane (som har bygd på palestinsk land) inne frå Palestina, som stenger palestinarar ute frå sitt eige land og som openbart skal flytte grensene for Israel. Eg kan ikkje hjelpe for det; Den minner meg enkelte stader om Berlinmuren, som eg sjølv såg i 1989.

Det heile er sjølvsagt heilt i strid med internasjonal lov. Det gjer det meir og meir vanskeleg å finne ei varig løysing, og det stenger palestinarar ute frå eigne område og gjer det vanskelegare å ferdast på Vestbredden.

Dette er også historia om to oppfatningar av røynda. Den israelske utdanningsministeren kan fortelle meg at regjeringa har tatt det modige skrittet å fryse nye busetnadar. Modig fordi inga regjering har gjort det før, og fordi ein viktig del av deira velgargrunnlag er busettarane og dei som støttar dei. Eg trur han, det har sikkert kosta politisk. Frys i busetningane er eit palestinsk og internasjonalt krav til Israel for å få igang fredssamtalar igjen.

Samstundes er det ein midlertidig frys, og statsministeren har (for å tilfredsstille kritikarane) forsikra om at dei skal igang igjen når den er over – ut i 2010. Og dei tillatelsane til å bygge som var gitt før frysvedtaket er aleine nok til å halde det gåande til ut i 2011. Med andre ord, bygginga held fram til trass for ein midlertidig frys. Slik går det politiske spelet, og ulike måtar å sjå verda på møtest.

Under er eit kart som viser busettingar (i svart), muren (bygd og planlagt) område som er sperra for palestinarane pga muren og/eller sperringar/vegar. Alt saman i heimlandet til palestinarane, som dei har folkerettsleg krav på.



Frå Hamas til Likud

14. April 2010

Utdanningsministeren i Israel og eg er usamde om mykje i politikken. Han kjem frå høgrepartiet Likud, og er ein av Benjamin Netanyahu sine viktigaste støttespelarar. Ein ting har vi felles. Vi har begge vore DJ’ar. Det vil seie, han er det framleis. Han skal spele eit sett i Tel Aviv på laurdags kveld, som vert overført på internett (eg har ikkje fått adressa enno – skal legge den ut!) 

Møtet var ein del av min politiske runde her. Hamas, Fatah og Likud. I tillegg nokre uavhengige. I morgon Kadima og Labour. For den uinvidde: Dette er namnet på politiske parti og rørsler i Palestina og Israel.

Mange kjenner hovudtrekka i den israelske okkupasjonen av Palestina og konflikten rundt det. Mindre kjent er det at det er store konfliktar i så vel israelsk som palestinsk politikk som gjer ei løysing vanskeleg.

I Israel skjer det ei kraftig høgredreining som har utradert dei tradisjonelle fredskreftene. Eit sekulært sentrum (Labour og Kadima) ber vidare tanken om ei tostatsløysing, men stadig fleire busettarar og sterke religiøse høgrekefter utfordrar den kraftig. Likud står i krysselden mellom desse. Israel er lenger unna forhandlingsbordet enn på lenge.

I Palestina har splittelsen mellom Fatah (den breie men svekka folkerørsla rundt Arafat og Abbas) og Hamas (den islamistiske og sosiale rørsla som vann valet i 2006) sett djupe spor. Det er mangel på tillitt og få teikn til samling, noko som vart forsterka av at det internasjonale samfunnet ikkje annerkjente samlingsregjeringa i 2007. I rommet mellom dei to veks andre miljø fram, slik som statsminister og teknokrat Salam Fayad. Her frå mitt møte med to tidlegare ministrar frå Hamas-regjeringa.



Jerusalem

13. April 2010
Nabeel Al-Kurd sine foreldre flytta inn i eit lite hus i Aust-Jerusalem i 1948. Sjølv har han budd der sidan han vart fødd for 56 år sidan. Mor hans på 87 bur der enno. Du ser han til høgre på biletet foran huset som e.r busett, advokaten hans står til venstre.
 
For 9 år sidan bygde han og storfamilien på huset. Utan tillatelse, slik alle palestinarar som bygger på gjer det. Ingen får lov til det av myndigheitene. Då han er ferdig blir påbygget låst av politiet, og han får ikkje ta det i bruk.
 
Så, for nokre månedar sidan, våknar familien ein dag og ser at israelske busettarar har flytta inn. I påbygget. Som er skilt frå huset av ein tynn vegg. Same inngangsparti.
 
Dette er ikkje uvanleg. Flyktninghjelpen sin representant i Jerusalem meiner at om lag 60.000 palestinarar er drive vekk frå heimane sine. Over gata for Nabeel sitt hus ligg eit større fleiretasjes hus. Fleire palestinske barnefamiliar vart tvunge ut av det. Ein av dei som er kasta ut ser du på biletet her foran huset, no med Israelsk flagg. Inn har 8 familiar av ortodokse og ultraortodokse jødar flytta. Eg treng vel ikkje seie at nabolaget Sheikh Jarrah er ekstremt konfliktfyllt, og tungt politiovervaka.
 
Nokre av dei står utanfor huset, og eg går bort for å snakke med dei. Etter kvart sender dei ut sin talsmann, Jonathan.
 
Det vert fort klart at vi er usamde om den internasjonale rettstilstanden til området (eg og FN meiner det ligg på okkupert område i Aust-Jerusalem).
Men meir interessant for meg er dette spørsmålet; Kva får ein familie med små barn til å flytte inn i eit hus som ein annan barnefamilie er blitt kasta ut av? Og kva får dei til å oppsøke ein så konfliktfyllt oppvekst for sine barn?
 
Svaret er at Gud har gitt dei dette landet, og dei skal ta det tilbake. “We are on God’s side, and they are on the Devil’s side”. Han bekreftar at dei ventar at heile gata vil være overtatt av busettarar i løpet av kort tid. Og eg får bekrefta av andre kjelder at byen har utbyggingsplanar for området, som er eit palestinsk område som ligg opptil fleire israelske.
Eg diskuterer med Jonathan på biletet til høgre. NRKs Sidsel Wold i bakgrunnen.
 
Dette er Jerusalem, den heilage byen. Her vert palestinarar systematisk tvangsflytta frå heimane sine og israelske busettarar vert flytta inn. Israel bygger og flyttar seg ut over sine eigne grenser, og gjer samstundes ei fredsløysing meir og meir fjern.
 
Eg kjenner det som eg har crashlanda i det vanskelegaste spørsmålet i denne konflikten. Men mest av alt sett personlege tragedier, og ein brutal utdrivingspolitikk, på nært hald.


Israel og Palestina

11. April 2010

Denne veka drar eg til Israel og Palestina, frå tysdag 13. – fredag 16. Eg skal til Tel Aviv, Jerusalem, Hebron og Ramallah. Og kanskje til Gaza om eg kjem inn.

Dei dagane eg er der kjem eg til å tvitre tekst og bilete, og forsøke å blogge kort minst ein gong om dagen. Du kan følge meg her på bloggen eller på www.twitter.com/bardvegar

Eg har eit spennande program der eg skal møte alt frå israelske statsrådar til intellektuelle, palestinske leiarar og aktivistar, FN og andre organisasjonar. Eg skal så mykje “ut i felt” som mogeleg. Det norsk representasjonskontoret og den norske ambassaden har gjort ein strålande jobb med programmet, og den israelske ambassaden i Oslo har bidratt.

Meir om det i dagane og vekene som kjem.



StoppDLD + sprut

11. April 2010

I går heldt eg appell på Stopp DLD (datalagringsdirektivet) sitt arrangement i Oslo. Dette er ei sak som engasjerer meg meir og meir må eg seie, difor var eg der til trass for at det var litt komplisert logistikk for meg i å få det til. Dei som har meir erfaring med å telle enn meg hevdar det var om lag 450 menneske der. Under ser du appellen min, meir  om dette finn du til dømes på bloggen Frank Eivins verden

Denne saka splittar både regjeringspartia og opposisjonen; AP er for, medan SVog SP er mot. KrF, V og truleg FrP er mot (men delt) medan H er delt (men leiinga verkar å vere for). Den går såleis inn i eit mønster av saker der regjeringspartia har ulikt syn, og der opposisjonen gjerne også har det. Dette erikkje nytt, vi hadde mange i forrige periode også. Dei kjem gjerne på miljø- og energi, i innvandringspolitikken og i ulike verdispørsmål, sjølv om det også erandre døme.

Mange skriv om dette om dagen. Dei ramsar typisk opp alle problemsakene for regjeringa (sjå til dømes i Dagsavisen), og hevdar at dette svekkar den og at den kan sprekke. Eg meiner dei bommar nokså fundamentalt, og erlitt overraska over at erfarne kommentatorarar og journalistar ikkje har lært. Og har meir fantasi.

Det er business asusual foross å handtere vanskelege saker. Det er det fleirtalsregjeringar med ulike parti gjer. Vi har gjort det i fire og eit halvt år. Eg forstår godt at mange var spent på om vi var førebudd på det dei første åra, men ikkje no.

I den grad noko trugar den raudgrøne regjeringa, erdet om vi ikkje klarer å vise veljarane at vi har eit klart politisk prosjekt, og står for ei anna retning enn høgresida (og for SVs del – noko anna enn om det berre var AP). Folk forventar noko heilt basic; At ei raudgrøn regjering skal vere grøn og raud. Den må ha på Noreg leiartrøya internasjonalt i miljøpolitikken, og den må ta tak i miljøproblem her heime. Den må omfordele, og den må bygge ut – ikkje bygge ned – velferden.

Eg kjende meg att i Kristin Halvorsen sin kommentar om at vi manglar “sprut” om dagen. Like fullt, det store biletet er annleis. Her argumenterer eg for kva vi i SV har fått til i eit innlegg som stod i Dagsavisen på fredag. Det var eit svar til ein som hevda at vi måtte trekke oss frå regjeringa fordi alt var mislukka.

Omsorg for venstresida  

Det er ei særleg form for omsorg dette. Ein mann som ikkje ville stemt SV med ein pistol mot tinningen vil ha oss ut av regjering for å redde demokratiet.

Svein Tore Marthinsen har dei siste åra slått seg opp som valanalytikar i media. Han er samstundes ein mann som blandar analyse med sterke politiske meiningar frå høgre. I Dagsavisen 6. april slaktar Marthinsen SV. Eller rettare sagt; han vil ha oss ut av regjeringa og forkler det som ein analyse: SV bør vere eit korrektiv til Ap (ikkje eit styringsparti), vi burde snakka om å avskaffe kapitalismen (i staden for å redde arbeidsplassar) under finanskrisa og vi bør vere venstreopposisjon i staden for å sitte i regjering. Om SV ikkje går ut av regjeringa og finn tilbake til denne rolla (som venstreopposisjon) «har noe fundamentalt gått tapt i vårt demokrati». Intet mindre.

Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattformen i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.

Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølga som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.

Dette er resultat av at SV sit i regjering. Både vi sjølv og våre venner på den europeiske venstresida skulle ønske vi kunne fått til enno meir. Mange er også kritisk til innstramminga i innvandringspolitikken som er gjennomført det siste halve året. Tilbakegongen ved valet gjorde at SV fekk mindre gjennomslag på dette viktige feltet. Men oppsummeringa er likevel eintydig positiv, noko som best kan dokumenterast ved å sjå på kva som faktisk skjer: I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.

SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet. Og her sviktar Marthinsen fordi han driv politisk ønsketenking i staden for analyse. Han finn opp store mengder frustrerte SV-veljarar som er misnøgde med regjeringsdeltakinga. Problemet er at dei ikkje finst når vi går til talmaterialet. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Rødt (dit frustrerte anti-regjeringsstemmer kunne tenkast å gå), men til Ap, som i langt større grad står for den politikken Marthinsen hevdar det vert protestert mot.

Med andre ord; SVs veljarar er nøgd med regjeringa og dei vil ha oss med der. Men vi må vise dei at SV er naudsynt for at resultatet skal bli bra. Målingane frå valet viser også at SV har halde på tilliten i miljøpolitikken, og at vi har auka tilliten på skulepolitikken etter eit stort fall under og etter valkampen i 2005. Tilbakegongen kom til trass for det, ikkje på grunn av det. Vegen vidare for SV går ikkje ut av regjering og tilbake i tid, men framover:

* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg.

* Vi må styrke barnevern og forebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.

* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.

* Vi må bli flinkare til å få fram resultata i regjering som halvfulle beger i staden for halvtomme krus.

For eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Høgresida sine sympatisørar som vil ha SV ut av regjering skal i staden få sjå SVs comeback.



To dagar i Nordland

9. April 2010

Eg har hatt to hektiske dagar i Nordland. Korte møte i Evenes og Bodø, opent kveldsmøte i Mo med om lag 50 menneske, konferanse og møter på Nesna og møte om sjukehus og næring i Sandnessjøen.

Veldig bra opplegg, eg møtet mykje folk og lærte ein god del, til dømes om Høgskulen på Nesna og sjukehusdebatten på Helgeland. Og eg fekk min første forsmak på kor vakkert det er langs Helgelandskysten. Eg har vore i Mo og Mosjøen før, men aldri ute på kysten.