Lofoten-nei
Årsmøtet i Oslo Arbeidarparti sa nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, melder fleire medier. Kampen om tolkinga av vedtaket er imidlertid allereie i gang. Legge merke til Jan Bøhler sin kommentar i slutten av denne saka; “- Slik jeg leser vedtaket utelukker det ikke oljeutvinning utenfor Lofoten og Vesterålen, men sier at det skal opprettes petroleumsfrie soner der. Da kan man verne noe, og åpne andre deler, sier fylkesleder i Oslo Jan Bøhler til Dagbladet”.
Eit årsmøte eller eit landsmøte har ein spesiell psykologi. Uansett kor god stemning og kor stor semje det er om dei store linjene, skal årsmøtet alltid på minst eit punkt klart markere seg mot leiinga og vise at det ikkje akepterer kva som helst.
Vedtaket utløyser raseri i Nordland AP, der fylkesrådsleiar for AP Odd Eriksen slaktar det. Miljørørsla og sånne som eg gler oss. Samstundes er nok sanninga at dette vedtaket får lite å seie for utfallet av saka. AP-landsmøtet gjorde eit vedtak om å vente med å ta stilling til forvaltningsplanen for områda skal rullerast. Då det vil kome enno meir kunnskap om oljeforekomstar og miljøsituasjonen. I samband med forvaltningsplanen skal det vurderast om det skal settast i verk ei konsekvensanalyse. Ei slik konsekvensanalyse er den juridiske prosessen som må til for å sette i gang oljeboring i området.
Sidan vi alle veit at AP-leiinga er for, og at dei truleg har eit klårt fleirtal i ryggen, vil dei sikre seg forankring i partiet på eit rett tidspunkt og forhandle med SV og SP om utfallet. Eit splitta AP er ikkje noko nytt, og det vil ikkje endre på standpunkta til dei som skal handsame saka og forhandle med SV. Det er difor to tilhøve som vil avgjere saka; i kva grad det skjer ei stor mobilisering i opinionen som gjer det politisk vanskeleg å opne opp, og kor stor vekt SV legg på å få gjennomslag i saka. Og vi legg stor vekt på det, det kan eg love.
Taggar: Lofoten, Oljeboring, Oslo AP













20 March 2010 kl. 20:51
Du meiner kanskje Nordland Ap i tredje vasnittet?
22 March 2010 kl. 8:06
Eg trur det kjem til å vere ein stor opinion for oljeutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen. Rett og slett fordi Norge har stort behov for dei verdiane som ligg der: Skal vi sei nei til 1500 milliardar kroner?
Og fordi verda har eit stort behov for energi: Bør sei ja til oljeutvinning i nord.
Det vil ta lang tid å erstatte dei energimengdene som kjem frå fossilt brensle med fornybare energikjelder.
27 April 2010 kl. 6:49
digital Flygel…
Hi, I see all your articles, keep them coming. Interesting post. Just found an extra site with super Links http://www.NO.Grand-Pianos.Org Must SEE…..
10 May 2010 kl. 2:45
find articles plus…
I found your blog via Google while searching for free settlement letters to creditors and your post regarding news looks very interesting to me. I have a few super websites of my own and I must say that your site is really top notch. Keep up the great …
5 June 2010 kl. 15:50
Piano…
This is a very interesting article and a great information too.. so this means that you can watch more shows around the world.. this was really awesome! Super! Links in http://www.Japan.M106.COM Thanks!……