Frå mi tilbakelente av-og-på innstilling til bloggen medan eg har pappaperm, tek eg total bloggpause i jula. Ganske enkelt. Skal bli godt å berre tenke på andre ting.
God jul og godt nyttår til alle saman. Nyt den med denne ukjente og julete sviska frå 1986. Virginia Astley “Some Small Hope” (m David Sylvian på vokal i tillegg til Astley)
Iggy Pop sitt andre for året 1977 er det fjerde og siste i min Bowie-serie. Det er ikkje så totalt Bowie-dominert som det forrige, sjølv om han har delprodusert og skrive det meste.
Lust for Life er nok det mest tradisjonell albumet, i den forstand at det er sett saman av ei rad enkeltlåtar. Det er også dermed det mest ujamne. Det opnar med det ihelspelte (Trainspotting++) men veldig tøffe tittelsporet, går via nokre rockarar av ulik kvalitet til den suggerande avslutninga med “Fall In Love With Me”. Midt inni, ein kandidat til tidenes rockelåt: The Passenger.
Den har ikkje musikk av David Bowie, men Ricky Gardener. Den har eit monotont og råtøfft riff som går og går, og ein Pop-tekst som alltid gjer meg lyst til å strene ut til nærmaste tyske cabriolet og køyre avgarde. Teksten handlar rett nok om å sitte på S-bahn (den overjordiske delen av Berlin sitt T-bane system).
Denne plata er nærare Pop sine rockerøtter enn nokon av dei andre Berlin-platene. Bowie sin innverknad er der mest som låtskrivar. Det er dette formatet Iggy Pop tek med seg vidare inn i 80-talet. Den er ujamn, men går likevel utan på dei fleste album – ikkje minst fordi toppane er så høgt oppe.
Den avsluttar Berli-tida til Bowie. Han skapte Berlin-soundet, sterkt påverka av Brian Eno (her vil eg i parantes nemne at eg har blitt teke for å hevde at Eno har produsert Bowieplatene frå 77. Det har han jo ikkje) og tysk elektronika, og blanda det med sitt eige. Han tok med seg denne kombinasjonen vidare til Iggy Pop og sprøyta det inn i låtar og soundet på “The Idiot”. Resulat; fire fantastiske album på eit år.
Her kan du høyre Bowie og Pop framføre “The Passenger” saman:
Apropos gode plater som kom ut i år; Eg var på ein liten slippefest som det lille norske selskapet Hommage hadde. Dei (eller han? Har inntrykk av at det er ein entusiast som står bak) spesialiserer seg på norsk elektropop frå 80-talet. Denne gongen var det ei samleplate med tidlege låtar drå selskapet Temptation Records. Dette selskapet gav ut Matchstick Sun, som etter kvart fekk eit publikum. Men før det gav dei ut fleire singlar med ulike konstellasjonar rundt vokalisten Tor Dybdahl, t.d Horsemen som spelte på sleppefesten. Alt var fin synthpop. Det er også så gløymd i dag at eit søk på vokalist eller bandnavna ikkje gjer treff på Wikipedia.
Ein og anna kan kanskje hugse låta “Sensation Boys” frå 10 i skuddet på 80-talet? Den er ein av desse singlane, og står seg framleis særs godt. Men no lista:
20) Antony And The Johnsons: The Crying Light
19) Ping: Discotheque of Darknes
18) Regina Spektor: Far
17) Volcano Choir: Unmap
16) Grizzly Bear: Veckatimest
15) Le Corbeau: Evening Chill/Montreal Of The Mind
14) Anti-Pop Consortium: Fluorscent Black
13) Fuck Buttons: Tarot Sport
12) Broadcast and The Focus Group: Investigate Witch Cults Of The Radio Age
Om Iggy Pop er det mykje å seie. Stooges-sjef, punkens gudfar, heroinist, kraftverk på scena. Når ein les om livet hans kan ein lett bli overraska over at han er i live.
David Bowie får han med seg til Berlin. Det første halvåret bruker dei visstnok mest på å vandre rundt i byen, gå på galleri og sitte på kafe. Dei skriv låtar til eit album (Bowie musikk, Iggy tekst) og samlar saman eit band til eit album: The Idiot. Eit kjempesprang frå dei forrige gitarpunkplatene til Pop, over i Berlin-soundet.
I tid var dette albumdet det første Bowie lagde i Berlin, men han fekk utsett det til etter Low (som kom i januar, The Idiot i mars). Det ber preg av det tette og gode tilhøvet mellom dei to, men også at Bowie ausar av sitt overskotshorn som låtskrivar. Perler som “Nightclubbing”, “Dum Dum Boys” og China Girl” er her.
For Iggy Pop må det ha vore som å kome til live på nytt som artist. Kommersielt fekk verda ei ny interesse for han, kunstnerisk fekk stemmen og tekstane hans stå fram med ei heilt anna tyngde. Dette er er rock, elektrodominansen som traff Bowie finst ikkje her. Den raffinerte pop-følelsen som er Berlin-soundet er likevel klårt til stades. Det er popmelodiar i rockeformat, med ei spesiell røyst oppå.
Iggy Pop syng som ein gud. Han var ein god punk-vokalist i Stooges som med sitt skrik av ein vokal. Men stemmen hans har i seg å dominere ei låt med sin flotte djupe tone, slik han får lov til her.
Her er “Nightclubbing” live med diverse prominente gjestar samt “China Girl”
Ein del kommentarar til mine topp 20 låtar, både her og på twitter. Mange som etterspør kvar det blir av ulike band og artistar. Fleire av dei kjem attende på LP-lista (t.d Motopsycho), andre har eg aldri tent heilt på (som Susanne Sundfør el John Olav Nilsen). Då har eg allereie røpa at eg kjem med ei ny liste.
Ellers går dagane med mat, bleier, leiking, juleførebuing og litt politiske prosjekter på si. Og henting og levering. Det er utruleg kor mykje tid det er mogeleg å bruke på å kle på, pakke inn i bilen (eller gå i saaakte tempo), pakke ut og få avlevert tre ungar. Og så hente. Det er to lange prosjekt kvar dag.
Det ruslar og går her ute. Har stort sett vore inne dei to siste dagane, med eit sjukt barn i tillegg til minstejenta. Rutinane har sett seg, eg syslar med små prosjekt og held litt (for mykje) kontakt med jobben. Skal nok sleppe betre etter kvart, men først skal eg gjennom ein runde Obama på bankett på torsdag.
Kan ikkje for det, men gler meg veldig. Blir utruleg moro å sjå han.
Eg hugsar første gongen eg høyrde tittelsporet. Eg kom heim frå London (1988? var om lag 16-17) med ein stor bunke plater. Mellom anna “Heroes”, kjøpt på omtale og det mystiske, innsmigrande coveret eg framleis likar så godt.
Ei tøff elektrorockelåt, ein litt seig ein – så Heroes. Tonane som kom ut av høgtalaren festa seg ved første lytting – og festa seg meir og meir i dagane som kom. Den storslåtte, nesten pompøse, melodien og produksjonen. Eit fengande refreng, og eit fengande vers. David Bowie sin desperate stemme. Den ubestemmelege lyden, og dei særs tydelege spora av Brian Eno. Og mest; heilskapen. 6 lange minutt med pop-vellyd, aldri kjedeleg.
Det er ein av dei flottaste poplåtane som er laga, og for meg så er den popmusikk. Det er slik det bør høyrest ut; pent, storslagent og orginalt. Den er ikkje magisk som Good Vibrations, ikkje dansbart som Samba Magic, ikkje desperat som Love Will Tear Us Apart, det er kanskje ikkje den beste låta i 77 eller den beste til David Bowie. Men for meg har den alt det god popmusikk må ha i seg, som få andre songar.
På albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to tydelegare. Bowie har teke inspirasjonen frå Brian Eno (som produserer og skriv også her) og Berlin tilbake til sitt eige univers og framstår tydelegare som Bowie. Samstundes slepp han den tyske inspirasjonen meir fram i enkelte andre spor. Åpnings- og avslutningssporet samt balladen “Sons Of The Silent Age” er døme på det første. Største delen av side er døme på det andre.
Dette er David Bowie på sitt mest nyskapane og mest Bowieske på same tid. Det er kanskje høgdepunktet i karrieren hans, spør du meg.
Samstundes forbind eg albumet og songen Heroes meir enn noko anna plate (også i denne serien) med Berlin. Kanskje er det fordi den vert brukt i filminnspelinga av Christiane F, kanskje fordi eg også har den tyskspråklege innspelinga av tittelsporet (”Helden”). Men også fordi den er full av eit unikt uttrykk – Berlinsoundet.
Under: Avslutningssporet “The Secret Life of Arabia” og Heroes, i fall du ikkje har høyrd den før.
Kåringstida er her. Altså den tida på året då vi kårer det beste frå året som gjekk, i år også frå tiåret som gjekk. Fleire medier engasjerer seg. VG har kåra dei ti beste norske låtane, medan Dagsavisen har kåra dei beste platene uansett opphavsland. P3 ber oss røyste over 100 utplukka songar. Fleire av folka der har lagt ut eigne topp 5 lister (Ruben Gran og Tore Sagen).
Den definitive lista manglar imidlertid så langt. Men fortvil ikkje, for den kjem her – for norske låtar det siste tiåret. Den er 100% subjektiv, og fortener eller får difor ingen kommentarar. Seinare kjem eg nok attende med langspelarlista. Eg teller ned:
20 Big Bang: One of a Kind
19 Anja Garbarek: Stay Tuned
18 Bertine Zetlitz: Girl LikeYou
17 Dadafon: Bygones
16 Röyksopp: Poor Leno
15 Whitelord Jesus: Enigma
14 Stein Thorleif Bjella: Redningsmann
13 Hanne Hukkelberg: The Pirate
12 Sondre Lerche: Two Way Monologue
11 Ingrid Olava: Only Just Begun
10 Kings of Convenience: Winning A Battle, Losing The War
09 Bertine Zetlitz: Adore Me
08 Kaizers Orchestra: Kontroll på kontinentet
07 Rockettothesky: Grizzly Man
06 Ephemera: Girls Keep Secrets In The Strangest Ways
05 Kaada: Zelotypia
04 Anja Garbarek: The Last Trick
03 Annie: Heartbeat
02 St. Thomas: Take A Dance With Me
01 The National Bank: Tolerate (her live frå Alarmprisutdelinga i 2005)
Eg merkar det på stemninga. Dei færraste trur det kan gå rette vegen i Afghanistan. Obamas nye strategi har mykje fornuft og god retorikk i seg, men er møtt med den avventande skespsisen som legg seg når ein er usikker på heile prosjektet. Nokre er usamde med retninga. Dei som er samde seier gjerne at det er for lite, for seint. Eg var på Red1 om det før i kveld, opptaket ligg her.
Obama presenterte strategien i ein tale på militærakademiet West Point i går kveld. Her kan du lese den og her kan du sjå den (og på nettstaden Realclearpolitics finn du ei fantastisk samling reaksjonar og analysar – som alltid når det skjer noko i amerikansk politikk).
Obama varslar her ein omlegging av strategien. Det skal leggast meir vekt på utvikling og den sisivle sida, det skal leggast meir vekt på å bygge opp institusjonar (regjering, hær, politi etc), styrkane skal i større grad beskytte afghanarar, ikkje berre jakte på Taliban. Strategien ber sterke merke frå den sjølvkritiske rapporten General Stanley McChrystal har levert, og er ei dreining mot norske synspunkt (og SV sine synspunkt) i debatten. I tillegg overraska han i alle fall meg med å varsle eit tidspunkt for starten på ei tilbaketrekning, dersom “tilhøva på bakken” tillet det. Det er første teikn til ein open debatt om ein exit-strategi.
Men botnlinja – og det storeøkonomiske løftet på 180 mrd kroner – er han vil sende 30.000 nye styrkar. Det betyr at Obama har dobla talet på soldatar i landet frå 50-100.000 på eit år.
Eg er positiv til mange av dei politiske signala som ligg i talen, men det er vanskeleg å forstå at fleire styrkar er svaret på dei utfodringane Obama sjølv peikar på. Det ser også merkeleg ut å varsle ei kraftig oppurstning, og så å varsle nedtrapping etter 18 månedar. Det framstår ulogisk men også krevjande å utrette alt dei ein skal på kort tid, noko som pregar dei norske reaksjonane.
Det er ein tale med minst to bodskapar til to sider i politikken, difor er den lett forvirrande å tolke. Obama har oppnådd det at ingen går til verbal krig mot han, men han har heller ikkje vunne nokon for deg. Det framstår noko vinglete.
Eller kanskje er det berre utruleg vanskeleg å finne ein veg vidare i Afghanistan?