David Bowie: Low

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.
Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som “Warszawa” og “Art Decade” er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. “Speed of Life” er driven av Alomar sin gitar og “Sound and Vision” er Bowie-pop.
Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.
Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har “Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.
Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.
Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet “Speed of Life”, videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta “Be my Wife” og Eno/Bowie-komponerte “Art Decade”.
Taggar: Berlin, Brian Eno, David Bowie, Low













30 November 2009 kl. 23:47
*sukk* Bowie er en raring, dog en dypt herlig og dyktig raring. Liker virkelig musikksmaken din mr.Solhjell
8 December 2009 kl. 18:34
Ikke en av de beste platene til Bowie. Den beste
8 December 2009 kl. 23:02
[...] albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to [...]