Blogg


Dagens saker

Ein kort nettsjekk av dagens nyhende avslører to saker eg vil nemne. Inga Marte Thorkildsen tek eit sunt og betimeleg oppgjer med Statoil sin kampanje for å få oljeboring i Lofoten. Dei har hyra inn PR-byrået Gambit, skaffa ny sjef for prosjektet (tidlegare AP-statssekretær og byråkrat Hege Norheim) og openbaret lagt ein meir offensiv strategi.

DN kunne for kort tid sida vise korleis dei har begynt å operere med omgrepet “eit halvt oljefond” om reservane dei hevdar ligg i området. Eit tvilsamt anslag, både ut frå kjennskapen til kva som ligg der og usikkerheit om framtidig olljepris. Eg trur vi må rekne med ein aggressiv kampanje frå det statlege selskapet framover.

Og så har Magnus Carlsen vunne siste parti i ei stor turnering i dag. Dermed vart han nummer to her, og er – i dag nr. 1 på verdsrankingen. (VG Aftenposten  NRK) Eg gratulerer! Måtte det vare.

Share and Enjoy:
  • E-mail this story to a friend!
  • TwitThis
  • Digg
  • Identi.ca
  • del.icio.us
  • Facebook
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • Google
  • MySpace

Taggar: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Legg inn DIN kommentar