Arkiv for November 2009



Adventsserie 77

30. November 2009

I dag startar min adventsserie om Berlin 1977. Kvar måndag i advent skal eg presentere ei plate som er laga i Berlin i 1977 – og som i realiteten David Bowie står bak.

Dei fleste kjenner David Bowie, ein av dei største i rocken. Etter ein kontroversiell episode og eit massivt narkotikamisbruk over år flytta  han til Berlin i 1977. Her er han sentral på fire plater frå dette året som alle står i igjen i rockehistoria.



David Bowie: Low

30. November 2009

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.

Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som “Warszawa” og “Art Decade” er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. “Speed of Life” er driven av Alomar sin gitar og “Sound and Vision” er Bowie-pop.

Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.

Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har “Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.

Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.

Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet “Speed of Life”, videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta “Be my Wife”  og Eno/Bowie-komponerte “Art Decade”.



I perm1

30. November 2009

Karen søv rett utanfor her, og eg skal bruke den ledige stunda midt på dagen til å skrive ein superkort bloggpost medan eg drikk ein kopp kaffe, rydde, vaske opp, dusje, ta eit par telefonar, sette opp liste over julepresangar og ta eit par telefonar. Eller rettare sagt – så mykje av dette eg får gjort (det er truleg ikkje så mykje).

Erfaringa mi frå sist er at den tida eg har kan vere frå ein halv til to timar, er sepnt på å sjå korleis mønsteret er no. Karen søv førebels to gonger, med ei første (og ganske lang) morgonøkt tidleg. Det betyr at eg stort sett kan få dusja og drukke litt kaffe då, med mindre eg har noko eg må gjere (som i dag)

Eg skal ha pappaperm i (minst) tre månedar, og i denne perioden har eg tenkt å trappe litt ned på blogginga for ikkje å ha det hengande over meg sånn. Eg ser på blogging som jobb (sjølv om det er ein del av jobben eg likar godt), og difor er det ein del av det å la jobben (i alle fall i stor grad) ligge att på jobben.

Eg tenkjer likevel at eg sporadisk skal kommentere politikk og samfunn, oppsummere musikkåret 09 og skrive vekas plate. Dessutan skal eg med ujamne mellomrom skrive litt om det å vere i pappaperm. Det er tredje gongen min, og eg tenkjer det kan vere moro for meg (og kven veit; kanskje interessant for ein eller annan anna person) å gjere det. Serien “I perm” er lansert!



Landsstyremøte før pappaperm

27. November 2009

Landsstyremøte i helga, det siste som skjer før eg går i pappaperm frå mandag. Det er ikkje det verste ein kan gjere.

Landsstyremøte skal vedta arbeidsplan og budsjett for SV. Pressa vil nok ha etter-biodiesel fokus.



Lobbykurs

27. November 2009

Stor moro og utruleg inspirerande å opne SV sitt lobbykurs på Stortinget i dag. 99 påmelde og stappfull sal. Mange engasjerte menneske som gjerne ville bli bedre på å formidle sin bodskap, sitt engasjement.

Deltakarlista var i seg sjølv eit høgdepunkt. Det var representantar for blinde, branvernarar, birøktarar og biletkunstnarar der. Og dei fleste andre tenkelege organisasjonar og bransjar. Eit lite stykke organisasjonsnoreg.

VG skriv i dag om enkelte av våre framlegg for å få meir openheit om påverknad, og diverse medier dekka kurset og vil sikkert legge ut ting etterkvart.

 



før finansdebatten; klima

25. November 2009

I dag kom nyheita om at Obama vil dukke opp under klimatoppmøtet i København i desember. Det er veldig viktig for den politiske prosessen med å få til ein avtale, og det vil sette heile verdas merksemd mot klimatoppmøtet.

Her heime trur eg finansdebatten, som går i heile morgon, vil ha klima som eit hovudtema. Det er sjølvsagt på grunn av biodiesel-saka som har dominert totalt den siste tida. Biodiesel skal vere, i tilfelle nokon har gløymd det, eit klimatiltak. Men det er også på grunn av at opposisjonen grunnlaust hevdar vi har gravlagd klimaforliket. Dersom opposisjonen bestemer seg for å sette politisk spel framfor klimaforliket er det sjølvsagt ingenting vi kan gjere for å hindre at det døyr. Men det er ikkje brote, lista til Venstre heldganske enkelt ikkje mål. Det vil bli fulgt opp så godt det lar seg gjere av oss, og vi har dialog med opposisjonen om det.

Så vil sjølvsagt finansdebatten handle om klima fordi det er få veker til København, og fodi det er den viktigaste utfordringa for menneska i vår tid.



Bevegelse på biodiesel

24. November 2009

Eg var som tidlegare sagt ute av landet forrige veke, då heile nasjonen diskuterte biodiesel. No er det (gledeleg nok) litt bevegelse i den saka, sjå meir om det her



Lush: Spooky

23. November 2009

 

Siste plate i shoegazer serien står det jentedominerte, popete og utruleg sjarmerande bandet Lush for. (Dette var perioden i brtisk rock då alle band måtte ha eit kort einstavelsesnamn for å henge med (Blur, Ride, Curve, Cranes, Beef, Moose, Suede mm)).

Dei var tidvis i utkanten av sjangeren, men denne ligg godt innafor. Lush er kjenneteikna av sine to kvinnelege vokalistar, låtskrivarar og gitaristar, begge med lyse draumeaktige stemmer. Det ei bruker dei til å skape flotte harmoniar og ein luftig og drøymande vokal. Det gjer ein særmerkt uttrykk. Baksida er at Miki Berenyi (etter mitt syn) heldt ein langt høgare standard som låtskrivar enn Emma Anderson. Begge er sterkt representert på dette albumet.

Spooky er prega av fine og lett tilgjengelege popsongar med eit gitartungt og drøymande lydbilete. Det er Robin Guthrie som har produsert dette 4ad-albumet.

Lush er lettare enn mange av dei andre shogazing-banda, men gitarsoundet og framtoninga er i same gate. Ulikt My Bloody Valentine høyrest det ikkje like aktuelt ut i dag som det gjorde for 17-18  år sidan, men på sitt beste er det eit fint album.

Under er to dårlege live-opptak med hiten “For Love” og den saktmodige “Covert”, to av dei beste spora på plata. Opptaka er gjort ein gong etter ar dei har lært seg å sjå forsiktig opp medan dei står på scena.



1 år med blogg

22. November 2009

Den 17.november var det eit år sidan eg starta å blogge. Eg har i den samanheng tenkt litt på vegen vidare for bloggen og bruk av sosiale medier, og har tenkt å invitere til diskusjonar og innspel om det.

Men først; ei lita oppsummering. Diverre er kommentarane til innlegga mine  borte på nokre tidlege innlegg, truleg pga nytt kommentarsystem.

Mitt første blogginnlegg var også ei slags programerklæring og forklaring på kva eg ville. Den står seg bra framleis. Det viktigaste tillegget er at eg i dag har eit langt meir utvikla syn på sosiale medier og bruken av desse.

Den første månaden lanserte eg også vekas plate, ein spalte eg veit at mange har hatt mykje glede av (meg inkludert). Den første posten som genererte ein del presseomtale og trafikk var min hyllest til The Black Sheeps.

Den 1.februar starta eg å bygge opp eit register over skulebloggar, altså bloggar som skriv om og frå skulen. Det vart etterkvart utvida til barnehagen.

Den fremste bruken av bloggen min har vore og er politiske innlegg om ulike saker. Eg har naturleg nok skrive mange innlegg om utdanning, men eg har også skrive om andre tema som engasjerer med som internasjonal politikk, klima, finanskrise og teknologi. Eg har dessutan lansert forslag – til dømes om organdonasjon.

Innlegget frå februar der eg lanserte ein ny måte å tenke rundt fildeling på førte til meir enn 60 kommentarar, omtale i ei rekke internasjonale aviser og masse debatt i meir enn eit halvt år etterpå.

I april/mai skjedde to ting som var …vel, ikkje banebrytande, men litt nyskapande i bloggverda.

VGnett sin redaktør la igjen ei årsaking i kommentarfeltet på bloggen min etter at eg hadde skrive dette innlegget (kommentaren frå han ligg eit stykke nedi posten). Eg gjennomførte også den første digitale spørretimen av ein politikar, med om lag 250 spørsmål og i periodar dobbelt så mange som fulgte den på nettet.

I juni ba eg om råd til utforming av den nye vurderingsforskrifta. Eg fekk over 30 råd, og den vart endra som følge av denne runden.

Valkampen var hektisk, men eg rakk ein ny digital spørretime (denne gongen strema live) i samband med SV si valkampopning, samt eit sjakkparti mot Magnus Carlsen.

120 råd (sånn ca) kom det inn då eg ba om innspel til Soria Moria 2. Mange vart fulgt opp, andre vart det ikkje.

Dette var enkelte korte høgdepunkt frå året som gjekk. No skal eg snart i pappaperm, og det vil nok prege innhaldet her på bloggen. Som sagt over har eg tenkt litt på vegen vidare, og vil ikkje minst involvere fleire i det. Følge med på meir om det framover, men legg allereie no igjen ditt synspunkt her.



Tyst på bloggen

19. November 2009

Tyst på bloggen denne veka. Har vore i utlandet, men vender heim i morgon. Då skal eg ta det att  med ei enkel feiring av overstått 1-årsdag for bloggen, og avslutning av min serie om shoegazing.