Magnus igjen
Eg skal ikkje mase meir, men eg berre nemner det: Magnus Carlsen har nett gjort ein fantastisk idrettsprestasjon ved å vinne superturneringa i sjakk i Nanjing i Kina.
Han har ikkje berre vunne, han har feid motstanden av brettet – inkludert verdseinar Veselin Topalov. Det vart klart i dag at Magnus har vunne, etter remis nest siste runde. Han feira med å slappe av på rommet. I natt går siste runde. Vinn han der kan han passere 2800 i rating og bli nr. 2 på verdsrankingen.
Finst det ein større idrettsmann i Noreg i dag?
Taggar: Magnus Carlsen













9 October 2009 kl. 11:44
Dette er bare veldig moro! Og så bare 18 år!