Arkiv for October 2009



Lobbykurs

29. October 2009

I dag har vi i SVs stortingsgruppe invitert til lobbykurs. Det gjer vi fordi vi er veldig for at personar, ogranisasjonar og bedrifter skal kontakte og påvirke politikarar. Vi er også for at dei skal gjere det bra. Og vi er for at flest mogeleg skal kunne gjere det bra. Dagbladet skriv om det her.

Den kompetansen må ein skaffe seg om ein ikkje har det. Det kostar fort pengar, særleg om du går til eit PR-byrå. Vi trur vi kan tilby ein liten smakebit av det same som desse byråa kan – ja kanskje kan vi tilby eit enno betre blikk frå innsida. Difor lobbykurs.

Det vert fredag 27.november kl. 9-12 på Stortinget. Du kan lese meir om og melde deg på her.



Verdas farlegaste region?

28. October 2009

I Afghanistan i dag har det gått av ei bombe på eit gjestehus i Kabul, og seks FN-medarbeidarar er drepne. Det er diverre berre eit av mange døme på eit land der situasjonen er blitt ekstremt alvorleg. Jan Egeland siterte på dagsnutt 18 den amerikanske generalen Stanley McChrystal (ISAF-sjefen) på at anten går det mykje betre i tida framover eller så er det vi ser no byrjinga på slutten. Her argumenterer FN-utsending Kai Eide langs dei same linjene.

Vi er ikkje like vant til å høyre det same frå Pakistan, men dei står midt oppe i ein nesten like alvorleg og kritisk situasjon. I dag tidleg eksploderte ei bombe på ein marknad i Peshawar nord i landet, det vart rapportert om 91 døydde tidleg i dag – truleg med stigande tal.

Angrepet er eit av ei rekke som har ramma pakistanske byar dei siste månedane. Ytterleggånade religiøse krefter står sterkt – og veks – i landet. Det pakistanske Taliban har styrka seg. Denne rørsla har sitt utspring i Afghanistan og Pakistan, og opererer frå fjella i grenseområda mellom dei. Her har dei treningsleirar og våpenleirar. I regionen er det og mange av dei koranskulane som er utgangspunktet for rekruttering til Taliban.

For ei lita veke sidan rykka den pakistanske hæren inn i eit av desse kjerneområda – Sør-Waziristan – med om lag 30.000 mann og eit oppdrag om å slå Taliban tilbake. USA har lenge pressa på for at Pakistan skal gå inn militært her. Det er vanskeleg å sjå krigen i Afghanistan isolert frå dette området. Det er områda som i liten grad er underlagt den nasjonale regjeringa, område der stammar eller klanar styret relativt fritt for innblanding.

Både stabiliteten og demokratiet i Pakistan kan stå på spel med det som no skjer. Meir om det her. Ei langsam radikalisering har foregått over tid i landet, og terror vert meir og meir vanleg. Samstundes har leiarskapen i landet stått utan ein klår strategi for å ta landet vidare. No har dei gjort det dei lenge har vegra seg for, å konfrontere desse militante gruppene med våpenmakt. Det kan få landet til å eksplodere. Det får i alle fall både landet, regionen og verda til å halde pusten.



Søndag kveld

25. October 2009

Her i familien har vi brukt store delar av helga til å vere småsjuke. Men vi har i det minste vore småsjuke i lag.

No er det ny veke med tom dagsorden. Eg har faktisk ikkje hatt så tom dagsorden sidan før eg begynte på skulen i 1978 trur eg. Det er såkalla møtefri veke på Stortinget neste veke. Det betyr at det ikkje er stortingsmøte, komitemøte eller slikt. Desse vekene vert til dømes brukt til reiser og møter i heimfylket. Eg har ikkje fått ordna meg med slikt, då eg nett vart kasta inn i det.

Difor skal eg (mellom anna) bruke neste veke til å ringe enkelte folk (særleg forskarar) eg lenge har hatt lyst til å møte, og forsøke å få til møte med dei der eg kan diskutere ting eg er interessert i. Ein god plan.



Vaksine eller ikkje?

23. October 2009

I dag gjekk helsemyndigheitene ut med råd om at alle nordmenn bør ta influensavaksine (VG  Dagbladet) Først vil dei som er i risikogruppene få tilbod, deretter alle andre. Etter mange rundar med fram og tilbake verkar det no som svineinfluensa spreier seg raskt. Om lag 100.000 nordmenn har eller hatt sjukdomen til no i følge folkehelsa, 10 personar er døde. To av dei var ikkje i risikogruppa vert det rapportert.

Eg kjenner mange som er i tvil om dei bør ta vaksinen. Særleg biverknadane er eit usikkert spørsmål, som gjer mange (meg inkludert) usikre. I tilleg har eg sett at fleire, til dømes professor i medisinsk etikk Jan Helge Solbakk, argumenterer for at vi heller bør tilby overskottet av vaksinar vi har til land som ikkje har råd/tilgong enn å vaksinere oss som er utanfor risikogruppene.

Sjølv heller eg klårt mot å ta vaksinen, også for dei av barna mine som er over den anbefalte aldersgrensa. Sjukdomen er mild i dei fleste tilfelle, men kan potesielt bli alvorleg. Det er i tillegg viktig at mange tar den for å avgrense spreiing.

Les meir om svineinfluensa på pandemi.no



Whitelord Jesus: …Into That Good Night

22. October 2009

Eg døyper med dette ein ny musikksjanger, og eg kaller henne Synth-Hop.

Det mest obskure av alle dei obskure 80-talls synth/goth banda i verda var kanskje Whitelord Jesus. Thomas Robsahm (lyd) og Arvid Skancke-Knutsen (vokal) var ein duo som gav ut ein kassett og spelte nokre konsertar. Dei såg tynne og skumle ut og var syntetiske og gotiske.

Så – etter at den eine er blitt filmregissør og den andre musikkjournalist – gjenoppstår dei 2 tiår seinare. Først gjer dei ut ei fin plate i tradisjonen frå 80-talet, med oppdatert produksjon. Så kjem dette. Bilete, låttitlar og estetikk er goth og synth. Men musikken er …varm og vakker og roleg og balansert og . Ja, det er framleis eit digitalt lydbilete i botn. Men nesten alle viktige musikarar i Noreg er med på plata, med Arve Henriksen i spiss. Ja, den dystre stemma til Skancke-Knutsen er framleis med, men saman med Maja Ratkje, Rebekka Karijord og Haddy N’jie.

Det er ei reell nyorientering. Eit nytt uttrykk. I seg sjølv spennande. Og det er ikkje minst veldig bra. Filmatisk og innsmigrande. Vakre songar med sjel og retning. Det er Synth-Hop rett og slett.

Sjekk ut eit par døme her, med film til. Først Enigma med den fantastiske Maja Ratkje på vokal og den like fantastiske Arve Henriksen på trompet, platas høgdepunkt. Så Litterchurch med Haddy på vokal.

 



Til Stortinget frå Slottet

21. October 2009

I dag tok eg sete (som det heiter) i Stortinget. Det blir nok morosamt. I kveld nøyer eg meg med eit par bilete eg tok med telefonen medan eg stod og venta før mit siste statsråd (så langt) på Slottet.

  



Ny jobb

20. October 2009

Eg har nett gått av som kunnskapsminister. Det er litt vemodig. Det har vore to fantastiske år, eg har elska kvart sekund av det (det er vel ikkje heilt sant – spør kona og resten av familien). Eg kan ikkje tenke meg ein viktigare jobb.

Å vere kunnskapsminister er å arbeide med vår største formue. Det er det viktigaste verdiskapingsdepartementet vi har, og det er dagar fullt av liv og røre og masse flotte besøk i barnehagar og skular. Det er dessutan eit særs godt leia departement, med ekstremt flinke og engasjerte medarbeidarar. Det ligg ei rekke viktige prosjekt og planar i loopen her som skal gjennomførast dei neste åra.

Fekk eg velge på øverste hylle skulle eg gjerne helde fram som kunnskapsminister, men Kristin Halvorsen er den beste etterfølgaren eg kan få. Det er ingen andre eg heller vil overlate departementet til enn ho.

Om eg ikkje fekk førstevalet, ser det ut til at eg får andrevalet. Eg er foreslått som ny parlamentarisk leiar i SV, og blir det dersom gruppa vel meg i ettermiddag.

Eg sa relativt tidleg i prosessen at dersom eg ikkje skulle halde fram ville eg gå til Stortinget og blir parlamentarisk leiar. Stortinget er den viktigaste arenaen for politisk debatt i Noreg, og ein kvar politikar må kunne og forstå Stortinget. Eg har aldri sete der, og treng å lære meg det.

Det viktigaste for SV dei neste åra er å gjenreise oss gjennom ny politikk, få fram nye folk og å ta ein brei stemme i den politiske debatten. Den nye og dyktige gruppa vår er eit godt utgangspunkt for det. Eg trur SV vil ha stort utbytte av mine fire år i regjeringsapparatet når eg skal leie gruppa, og at eg kan tilføre mykje til den rollen.

Eg er eigentleg ein heilskapspolitikar, med eit særs breidt interessefelt. Det kan eg få brukt mykje betre som parlamentarisk leiar. Eg har dessutan aldri vore der før, og føler at eg vil lære meg Stortinget.

Eg må også innrømme at tanken på å skulle byrje på i eit nytt department med å lære meg feltet, tøft arbeidspress og tre små barn var litt tung. Dagane blir sikkert ikkje korte no heller, men like pressa som ein statsrådsjobb kan det neppe vere. Argumentet med å halde kontinuitet og å gjere ferdig den jobben eg har starta på forsvann også då.

Takk for meg her. Gler meg veldig til den nye jobben.

Denne bloggen og mi øvrige deltaking i sosiale medier forsvinn ikkje. Tvert om, det har berre så vidt starta!



Til fjells

16. October 2009

Eg tek med meg dei to eldste ungane på fjellet i helga, og satsar på ei tilnærma nettfri helg. Berre så det er sagt. Så får vi sjå om det held!



Svar om budsjett

16. October 2009

Det ligg diverse spørsmål i kommentarfelte om budsjettet.

Hans Karpe poengterer at heilt rett at “all” forsking tyder på at lærarane er det viktigaste for elevane i skulen. Han er så skuffa over det han kallar manglande satsing på det. Det siste er eg heilt usamd med han i. Vi står midt i ei storstilt lærarsatsing i norsk skule.

Vi skal innføre ei ny lærarutdanning i 2010, med meir spesialisering og større vekt på pedagogikk. Det ligg 100 millionar kroner til å forbetre den i budsjettet.

Det skal frå neste år vere på plass ei ordning mentor/rettleiar for alle nytilsette lærarar i skulen. Vi har inngått ein avtale med KS om det, og det ligg pengar i budsjettet.

I år har vi sett i verk ei varig ordning for etter- og vidareutdanning i skulen. Vi brukar 400 millionar kroner i år, det same neste år; det gjev rom for om lag 2000 lærarar på vidareutdanning i året. Problemet her er ikkje for lite pengar, men at mange kommunar ikkje har prioritert sin del, at skular vegrar seg for å sende folk på EVU når dei manglar vikarar. Vi har ikkje fått fylt opp alle studieplassane, difor må vi forbetre EVU-satsinga før vi løyver meir til den.

For å gje rom for meir EVU må vi rekruttere fleire lærarar. Difor vidarefører vi den sterke satsinga på rekruttering gjennom GNIST-kampanjen, avskrivingsordningar for studielån og alternative vegar inn i skulen som lektor2-ordninga. Sidan det trengs fleire lærarar ligg det og inne over 600 millionar kroner til fleire lærarar i norsk og matte i 1.-4. klasse.

I tillegg til dette vil eg nemne at eg for få dagar sidan opna den nye norske rektorutdanninga, som er eit tilbod til alle nytilsette rektorarar i skulen. Om nokre månedar kjem tidsbrukutvalet med si innstilling. Då skal vi arbeide med korleis lærarane si tid kan frigjerast til elevane, og i mindre grad bli brukt til byråkrati.

Eg meiner dette er ei sterk lærarsatsing. Den må ikkje bli eit eingongsløft, men eit varig løft for skulen.

Så fekk eg spørsmål om den nye undervisningstimen er øremerka. Svart er at den blir lovfesta. Så går kommunane overført pengar som dei må bruke til å innføre den.



Monarki eller republikk?

15. October 2009

Dette er ikkje det mest dagsaktuelle spørsmålet i norsk politikk. Det er heller ikkje det som vil påverke  folks daglegliv mest.

Det er imidlertid eit av dei store prinsippielle spørsmåla som fortener å bli diskutert med jamne mellomrom. Det er grunnen til at SV ein gong kvar stortingsperiode legg inn eit grunnlovsforslag om å endre statsform. Vi veit vi ikkje får fleirtal, men vi meiner forslaget skal reisast.

Debatten blussar også opp i mediene med jamne mellomrom. NRK2 sitt program Spekter har også sett det på dagsorden, og eg medverkar saman med ei rekke andre politikarar.

Det er eit godt argument for monarki: Det vi har verkar bra. Vi har eit bra kongehus, og det er få problem med monarkiet. Noreg er eit demokrati uansett om vi kallar oss monarki eller republikk. Kvifor endre på noko som fungerer? Det er nok også grunnen til at debatten er så lite oppe.

Andre argumenterer med at det står så sterkt i folket, at det representerer tradisjon og historie og at det er samlande. Det synest eg ikkje er så gode argument. Tradisjonen og historia knytt til Kongehuset ville vere der sjølv om vi endra statsform. Samlande symbol og verdiar er ikkje berre noko land med Kongehus har. Eg meiner dessutan at ein politikar skal seie korleis ting bør vere. Kva vi vil ha, ikkje berre kva vi har og kva folk vil ha.

Då meiner eg svaret er openbart. Det prinsipielt riktige er at vi skal velje vårt statsoverhode, ikkje at funksjonen skal gå i arv.

Enkelte seier at vi aldri vil få endra dette. Det trur eg kan vere feil. Det same sa alle om statskyrkja for eit tiår eller to sidan. No er den i ferd med å bli avvikla, sakte men sikkert.

Ei avvikling av monarkiet ligg langt, langt  fram i tid. Det må ha rimeleg brei støtte, det må skje gjennom ei folkerøysting og ein styrt prosess. Dersom det skal skje. Eg trur mitt syn vil vinne meir og meir støtte. Den største hindringa for det er nok at vi har eit kongehus som er dyktige, folkelege og som mange respekterer og ser opp til.