Blogg


Tysk val

Resultata frå valet i Tyskland er i ferd med å bli klårt, og biletet frå valdagsmålingane ser ut til å slå inn; Angela Merkel vil halde fram som kanslar. Henna parti CDU går noko tilbake, men med støtte frå fridemokratane (som går sterkt fram) dannar det seg eit nytt høgrefleirtal.

SPD  får ein dramatisk tilbakegong (om lag 11%), medan både venstrepartiet Die Linke og Dei grøne går kraftig tilbake. Dei to partia ser ut til å bli om lag like store som SPD.

Den tyske situasjonen er spesiell, og vanskeleg å samanlikne med den norske (sjå til dømes denne analysen). Det er likevel interessant å samanlikne litt med det norske valet.

Det tyske valet viser kor vanskeleg det kan vere å vere juniorpartner i ei Regjering utan å ha topposisjonen. Sjølv eit stort sosialdemokratisk parti slit i ein sånn situasjon, ikkje berre SV. Men SPD sin tilbakegang er ulik SV sin.

SV tapte til AP, ikkje til utfordrarane på utsida (Rødt og Venstre). SPD tapte derimot til den raudare og grønare opposisjonen. Det ser ikkje ut som det er mykje å hente for eit sosialdemokratisk parti som samarbeidar mot høgre. Ein raudgrøn koalisjon er eit av alternativa som kan presse seg fram i Tyskland.

Den venstreorienterte norske regjeringa hadde ein klår motstandar til høgre, var rimeleg populær og haldt på si oppslutning. Den tyske storkoalisjonen tapte over 12% til samaan. Oppsummert; den raud-grøne regjeringa klarer seg veldig bra samanlikna med den tyske, og både SV og (særleg) AP klarer seg relativt sett betre enn juniorpartnar SPD.

Share and Enjoy:
  • E-mail this story to a friend!
  • TwitThis
  • Digg
  • Identi.ca
  • del.icio.us
  • Facebook
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • Google
  • MySpace

Taggar: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

2 kommentarar to “Tysk val”

  1. Tyskland mot høgre – som resten av Europa? skriv:

    [...] Vegar Solhjell skriv på bloggen sin: Det tyske valet viser kor vanskeleg det kan vere å vere juniorpartner i ei Regjering utan å ha [...]


Legg inn DIN kommentar