Best på nett
I dag har eg vore i Hurdal i Akershus. Eg besøkte Blindeforbundet sit syns- og mestringssenter, leirstaden Haraldsvangen og transittmottaket Husebyvangen som Hero driv. Lærerik og spennande dag.
NRK har “kåra” SV sin kampanje på nett www.oppavsofaen.no til den beste så langt i valkampen. Fortent syns eg, eg skreiv om den i går og for utruleg positive tilbakemeldingar frå dei eg har sendt den til. Vi har flinke folk på partikontoret vårt som har stått bak idèen, og vi har hyra inn proffe og kreative folk til å sette det ut i livet.
Eg vil også tilrå ein lytt på Venstre sin valkampsong. Den har mange orginale tekstlinjer som “Lykken er en smed med såre hender”. Teksten ligg ute her.
Taggar: Blindeforbundet, Venstre, www.oppavsofaen.no












