Arkiv for August 2009



Dei gløymde debattane

31. August 2009

Sukk. Det er kanskje litt spesielt at to sentrale medier arrangerer debatt om tema ingen debatterer, i staden for å sende ein debatt om dei på TV eller få dei opp på framsida av avisa.

Aftenposten og NRK har hatt debatttmøte på Litteraturhuset om “Temaene som forsvant”. Forskning og utdanning, likestilling, kultur, utenrikspolitikk, klima, norsk krigsdeltagelse er mellom desse vert det hevda.

Eg blir litt oppgitt, fordi

1)Dei er ikkje forsvunne. Dei foregår, alle saman, rundt om kring på ulike stader over heile landet. Det er debattmøte og diskusjonar om dei alle saman. Dei er berre forsvunne frå det nasjonale mediebiletet.

2) Klima er på lista. Dagen etter at ei måling i det same NRK viste at det er den nest viktigaste saka for veljarane, og veker etter at det totalt dominerte dagsorden.

3) Ingen kan vel gjere meir for å reise desse debattane enn NRK og Aftenposten. NRK kunne flytta TV-debatten om arbeid og økonomi til Litteraturhuset i kveld, og sett opp utanrikspolitikk på TV. Jonas og Erik mot Siv og Erna om kva Noreg vil med vårt internasjonale engasjement. Eller eit anna tema som forsvann. Partia hadde heilt sikkert stilt opp. Det kunne blitt ein kanondebatt.



Valkampdag og Nettavisen

31. August 2009

Eg har debattert helse, skule og høgare utdanning på Høgskulen i Akershus i dag. No ber det til Telemark.

Eg var gjesteredaktør i Nettavisen på fredag, og har fått spørsmål her om å linke til nokre saker. Temaet mitt for dagen var korleis klinakrisa påverkar Noreg, og denne saka synest eg illustrerer det på ein god måte. Denne saka handlar om at alle piler peikar i retning av at klimaproblema er verre enn FNs klimapanel har trudd – og at vi kollektivt er ein nasjona av klimaverstingar.

I tillegg skreiv eg ein kommentar som vel er grei nok men kanskje vart i overkant politisk korrekt. Det seier vel sitt at eg kom til å tenke på den då eg høyrde Lillebjørn Nilsen synger “Barn av regnbuen” dagen etterpå:-)



Regina Spektor: Begin to Hope

30. August 2009

Under ligg det ein russisk melankoli som ikkje slepp taket i ei einaste låt, ein einaste lyd. Kanskje ikkje så rart, Regina Spektor er opprinneleg frå Russland men kom til New York som 9-åring. Her lærte ho å spele piano, og vaks opp i eit miljø med både russiske og amerikanske popkulturelle impulsar.

Pianoet er framleis det leiande instrumentet saman med stemma. Ho opererer framleis frå NYC med sine melankolske og undrande popviser. Ho vart først hjelpt fram av mellom anna medlemmer av The Strokes. No er ho heilt på eigen bein, og har bygd seg opp eit publikum både i statane og Europa.

Det er definitivt pop. Aldri ei låt frå ho utan ein fengande melodi. Dei er komponert litt som viser, med sine melodigongar og oft enkle pianoakkompagnement. Samsstundes er det denne russiske kjensla av dramatisk tristesse. På “Soviet Kitch”, den første plata, var det heilt opp i dag. På Begin to Hope ligg det meir under.

Plata er full av fine og triste popsongar og er eit soleklart høgdepunkt i henna karriere. Også samanlikna med nye Far

Her kjem to songar som viser spennet. Den lette og finne popmelodien “Fidelity”, og den triste jazz-inspirerte “Lady”

 




Valkamphelg

30. August 2009

Dei siste dagane har bestått av ei lang rekke husbesøk, torgmøte, paneldebattar, stands, skulebesøk med meir, samt ein rundtur til togstasjonar på Romerike på fredag. Mellom slaga rakk eg å opne Robert Normann-festivalen i Sarpsborg. Det er kome både festival og museum tileigna denne fantastiske jazzgitaristen i heimbyen hans. I dag var det skattejakt på Piratøya.

Slik held det fram i morgon, då eg mellom anna reiser til Telemark.



Sjakk mot Magnus

28. August 2009

 

I går spelte eg sjakk mot Magnus Carlsen, for tida nummer tre på verdsrankingen og ein fantastisk sjakkspelar og representant for norsk idrett.  Høvet var opninga av det nye Sjakkhuset i Oslo. Det er dei tre sterke spelarane Torstein Bae, Silje Bjerke og Torbjørn Ringdal Hansen som står bak.

Som det går fram av denne rapporten tapte eg (sjølvsagt), men det var veldig moro. Merka at eg saknar sjakken.

Magnus er openbart godt oppdratt, for han skrøyt høfleg av oss sjakkspelande politikarar – utan grunn vil eg diverre seie. Når eg spelar mot han er det som bedriftsserien mot Brasils landslag i fotball.

Det blir i alle fall lettare å vinne valet enn å vinne over Magnus i sjakk.



Svar

27. August 2009

Under kommentarane til posten om kristenfolket ligg eit par spørsmål frå “rygh” som eg vil svare kort på. Han ber meg svare på spørsmålet om å forhandle med Taliban? Ja, eghar lenge meint at det er naudsynt å ha dialog med moderate element innan Taliban, slik den norske utanriksministeren, den britiske utenriksministeren, NATOs generalsekretær og den amerikanske presidenten har teke til orde for.

Han spør vidare om det er verre med LO/AP-kontakten enn kontakten mellom kristenfolket og FrP/KrF. Svaret er nei. Tvert om, eg synest samanlikninga er god. Det såkalla Kristenfolket er FrP sitt LO. Dei stiller partia spørsmål, og informerer så om kven som støttar dei. Etter valet krev dei at desse sakene vert gjennomført. Slik arbeider LO, slik arbeider kristenfolket. Det store spørsmålet blir då: Vil du at det såkalla kristenfolket eller LO skal ha innverknad i Noreg?

Ida og Kristine vil eg berre takke for i dag, det var moro å vere i klassen dokka. Du Kristine svarte jo også på ditt eige spørsmål, før eg rakk å gjere det. Du har heilt rett.

Og til Bjørn Smestad, som har irritert seg kraftig over mi utfordring til Sponheim og kommenterer at det er typisk politikarar å invitere til synspunkt for så ikkje å svare, vil eg svare at du har rett (om å svare, ikkje om Sponheim!). Eg skulle gjerne vore like aktiv som vanleg, men maktar det ikkje no i valkampen. Forsøker alt eg kan!



Barnehagedebatt

27. August 2009

Takk for mange innspel!

La meg begynne med konklusjonen: Etter valet vil eg invitere til eit større dialogmøte om stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen. Der vil eg invitere barnehageforskarar, praktikarar og organisasjonar – men også språkforskarar, spesialpedagogar og representantar for grunnopplæringa.

Det kan vere nyttig etter diskusjonen no, men det er og nyttig fordi vi skal gjere ein ryddejobb i kartleggingspraksisen i barnahegane. Dessutan skal det etter kvart utformast lovframlegg basert på det som ligg i meldinga, og det er viktig å få innspel til det.

Mitt lange innlegg her hadde to formål. For det første å referere tekst direkte frå meldinga, argumentere for mitt syn og gjennom det la folk vurdere det vi skriv/seier betre enn gjennom korte sitat i mediene. Det synest eg eg har gjort på ein grei måte. For det andre ville eg samanlikne det med mediebiletet av det. Eg synest det er langt frå dei framlegga som også blir trekt fram i kommentarane, og “…kunnskapsteste alle barn…”

Det var derimot ikkje eit mål med innlegget å antyde at barnehageforskarar har forstått det slik. Eg forsøkte ikkje å redusere innvendingane. Det var mediene si rapportering eg tok for meg, ikkje synspunkta dei som har lese, forstått og er usamde. Kommentarane til min post viser jo at usemja her går på dei konkrete framlegga i meldinga, og at dokke som skiv har sett dokke gått inn i sakene. Eg vil (sidan nokon antydar det motsette) berre nemne at eg har sett meg litt inn i sakene sjølv og, og mellom anna høyrt på ulike miljø sine synspunkt. Eg høyrer likevel gjerne på fleire og meir.

Eg les elles dette ut av kommentarane: Det er ulike syn på språkkartlegging i barnehagen, men kanskje enno meir usemje om kor store og omfattande konsekvensar det vi skriv i meldinga har. Nokre av dokke skriv om det som eit “systemskifte” i barnehagen, medan eg ser det som tett opp til den praksisen eg ser når eg er rundt i banehagar. I tillegg varslar vi ei opprydding. Eg vil gjerne ha synspunkt i neste runde på korleis vi skal få til det.

I tillegg er det ulike syn på framlegget om å overføre dokumentasjon og kunnskap til skulen. Her tolkar eg det slik at usemja er sterkt ideologisk. Er det “blanke ark” eller “tidleg innsats” som er det rette tankesettet for å hjelpe ungar? Eg trur mest på det siste, men det er lett å sjå at det vil variere og at begge delar har sine sider.

Til sist: takk for mange gode innlegg. Det er godt å ha så mange gode og kritiske lesarar av melding og blogg. Vi sjåast til dialogmøte når valet er vunne – og taper vi skal eg forsøke å gjennomføre det før skiftet:-)



Tidsklemma – og tips som redaktør av Nettavisen

25. August 2009

Tidsklemma tar meg for alvor. Eg skulle svart om barnehagar, kristenfolk og Sponheim men med program frå 8-22 har eg ikkje makta dei siste dagane. Skal svare om barnehagar så raskt eg kan, deretter spørsmål om LO-kristenfolk. Det andre får kanskje passere no? Eg slit med å halde tritt slik det er no, for å seie det som det er.

Ellers alt bra! Rundt forbi i Akershus på dagen i dag, Litteraturhuset om klima på kvelden. I morgon er det Kristin på politisk kvarter mot Sponheim og god måling for SV og raud-grøne.  Eg skal i nokre debattar med Ine Eriksen Søreide.

På fredag skal eg vere gjesteredaktør i Nettavisen. Eg har valgt meg ei tema, som er klimaendringane og Noreg. Under den paraplyen har eg tenkt å undersøke ulike ting. Kva kan faktisk skje her på berget som følge av klimaendringane? Korleis kan du hindre oljeboring i Lofoten? Kvar bruker vi dei beste forskarane våre i dag, fossilt eller fornybart? Kva er biletet av Noreg internasjonalt?

Men eg treng fleire tips! Har du forslag til saker under denne headingen, eller litt i ytterkanten, så legg igjen kommentar!



Den manglande garantien

25. August 2009

Såg du utspørringa av Lars Sponheim på TV2 i kveld? Og intervjuet med han i VG i dag? Kva er det eigentleg Lars Sponheim seier? Vil han hindre at det blir danna ei FrP-regjering, eller kan han la det skje og så vere i opposisjon til den på politisk grunnlag?

I VG seier han at dersom V skal felle ei regjering blir det på politisk grunnlag, men han avviser ikkje budsjettforhandlingar med FrP. Det er det som har gitt seks år med FrP-styre i Oslo med Venstres velsignelse.

På videosnutten under utfordrar eg Lars Sponheim til å svare meg. Det er litt utradisjonelt, men det gjer eit godt høve til å framføre ein kompleks bodskap samanhengande. – Bare kom med den erklæringen så skal jeg gjerne undertegne den en gang til, seier Sponheim. Men i den erklæringa står det ingenting om at han vil forhindre FrP å danne regjering eller la vere å lage budsjett med dei, han vil berre ikkje støtte regjeringa.

På videoen forklårer eg så presist eg klarer kvifor eg meiner ei stemme på Venstre med borgarleg fleirtal kan gje FrP i regjering. Det er ikkje for å belære Lars Sponheim eg går i detalj, han kan det til fingerspissane. Eg forklarer i håp om at flest mogeleg skal følje argumentasjonen min, og kunne vurdere den.

Nettopp det at Lars Sponheim kan dette så godt gjer at eg mistenker han for å vere bevisst uklår. Han garanterer ikkje at FrP skal haldast utanfor regjeringskontora, men det er inntrykket som sit igjen. Vurder sjølv!



Robert Wyatt: Rock Bottom

23. August 2009

Tidleg på 70-talet fell songaren og trommeslageren i Soft Machine, Robert Wyatt, ut av eit vindu i 5.etasje og blir lam. Han legg innspelinga han driv med på hylla, og må gjennom eit lengre opptreningsopplegg. Under dette veks låtane og det luftige lydbiletet på “Rock Bottom” fram.

Han samlar ei gruppe fine musikarar (m.a Alfreda Benge, som skulle bli kona hans) og brukte tid på innspelinga. Resultatet er eit av dei finaste og mest tankefulle albuma frå 70-talet.

Det går sakte framover, med lange og langsame spor. Melodiane er vakre og komplekse, litt prog-aktige, men openbart det berande elementet på plata. Lydbiletet er luftig – her er det ikkje noko tett rockebeat. Kvart instrument skal ha plass til å vise seg fram.

Rober Wyatt har i tiåra etter dette gjeve ut ei rekke flotte plater, med ujamne mellomrom. Cuckooland frå 2003 er ei av dei beste. Under er ein versjon av opningssporet på Rock Bottom, Sea Song. Det er ei nyare innspeling med trombonist Annie Whitehead.