Siste akt for tigrane?
17.mai i dag, Melodi Grand Prix i går. På Sri Lanka foregår samstundes eit blodbad som eg har skrive om før. Mykje kan tyde på at regjeringa er i ferd med å vinne ein endeleg siger over LTTE (dei tamilske tigrane). Dei har i følge fleire kjelder lagt ned våpena. Men biletet er uklårt, det vert hevda i VG Nett at LTTE har lagt ned våpena men ikkje overgitt seg.
Som tidlegare omtalt snakkar vi om ein brutal og blodig krig. 75.000 drepne i løpet av 20 år, meir enn 100.000 internt fordrivne. No er titusenvis av menneske sperra inne på eit lite område i ein desperat situasjon. I tida framover vil journalistar og hjelpearbeidarar sakte men sikkert kome inn i området. Vi får vone mange vert redda, og vi får vone at sanninga om det som har skjedd dei siste månedane gradvis vil kome fram.
Taggar: Sri Lanka













17 May 2009 kl. 21:04
[...] This post was Twitted by SriLankaLive – Real-url.org [...]
17 May 2009 kl. 22:28
[...] Siste akt for tigrane? [...]