Blogg


Mindre mobbing

Dei første tala frå Elevundersøkinga 2009 vert offentleg 13.5. Dei viser ein svak nedgang i talet på elevar som svarer at dei vert mobba på skulen siste år. Dei viser også ein svakt positivt trend over fleire år. 300.000 elevar svarer på elevundersøkinga, det er den største og viktigaste årlege undersøkinga av mobbing i skulen. Tala viser at det går rett veg, det blir mindre mobbing. Ambisjonen er å redusere mobbing enno meir.

 

Litt meir om tala (på UDIR finn du enno meir). Den svake auken frå 2007 til 2008 er no redusert igjen. Mobbinga har samla sett gått noko ned i den perioden vi har samanliknbare tal for, tilbake til 2005. Det er også færre elevar i år enn tidlegare som seier at dei opplever diskriminering på grunn av nasjonalitet.

 

·        I 2008 sa 24 prosent at dei vart mobba ein sjeldan gang eller oftare. I 2009 er det 23,3 prosent.

 

 

·        Elevar som opplever mobbing ein eller fleire gongar i veka har gått ned frå 5,36 prosent til 5.19 prosent.

 

Tala for elevar som seier dei har blitt mobba i det heile, inkludert dei som har svart alternativet ”en sjelden gang”, er for åra 2005 til 2009:

·          2005: 24,7 %

·          2006: 23,8 %

·          2007: 23,2 %

·          2008: 24,0 %

·          2009: 23,3 %

 

Elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule svarer på spørsmål om dei opplever å ha blitt diskriminert av ulike grunnar, som kjønn eller nasjonalitet. Frå 2007 til 2008 gjekk talet på elevar som oppgjer å ha blitt diskriminert fleire gongar i veka på grunn av nasjonalitet opp frå 2,2 prosent til 2,7 prosent. I 2009 gjekk det ned til 2,2 prosent. Det er ein nedgang i diskriminering på grunn av kjønn fleire gongar i veka frå 2,99 prosent til 2,60 prosent i 2009.

 

Tala er positive, men må ikkje bli ei sovepute. Difor har vi underteikna eit nytt manifest mot mobbing med ei rekke satsingar for å revitalisere arbeidet mot mobbing.

Share and Enjoy:
  • E-mail this story to a friend!
  • TwitThis
  • Digg
  • Identi.ca
  • del.icio.us
  • Facebook
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • Google
  • MySpace

Taggar: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

4 kommentarar to “Mindre mobbing”

  1. Virrvarr skriv:

    Da vil du kanskje være intressert i Mobbeboka som skrives nå?
    Jeg kan jo nytte høvet til å gjøre litt reklame for den her.
    Jeg har bidtatt med en tekst selv, også.

    NB: Lenken til mobbemanifestet ditt er i stykker.


  2. Virrvarr skriv:

    Wups. Lenke til feil side om Mobbeboka øverst. Nå bør det være riktig.


  3. Unge Høyres ufyselige politisering | Snorre Valen skriv:

    [...] dramatisk under den rødgrønne regjeringen”, skriver Asheim. Hvordan forklarer da Asheim at Bård Vegar Solhjell rapporterer følgende: Mobbinga har samla sett gått noko ned i den perioden vi har samanliknbare tal for, tilbake til [...]


  4. piano sheets skriv:

    piano sheets…

    Megacool Blog indeed!… if anyone else has anything it would be much appreciated. Just wanted to say thanks and keep doing what you’re doing! Great website Enjoy!…


Legg inn DIN kommentar