Nettdebatt?
31. March 2009Dei fleste viktige debattar i politikken handlar om politiske saker. I år trur eg likevel at debatten om korleis og kvar vi diskuterer politikk kan bli viktig.
Årsaka er at nettet har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen. Dei fleste store teknologiske gjennombrota i det forrige hundreåret gjorde det lettare for ein person å nå mange. Internett gjer det lettare for mange å nå kvarandre, og lettare for mange å nå den eine. Om vi vågar.
Som eg tidlegare har skrive her, vart eg først frelst under den amerikanske primærvalkampen i 2003-2004. Sidan den gongen har mykje skjedd, men det grunnleggande spørsmålet er det same. Korleis skal vi bruke nettet til å oppnå samtale og demokratisering, ikkje einvegskommunikasjon og hype?
Norske parti har langt igjen. Dei fleste nettsidene ser ut som nettaviser, med vekt på å informere om kva vi gjer og fortelle om kva som står i avisene. Gode politiske nettsider frå USA og Storbritania ber deg delta. Sjekk skilnaden på Obama og FrP, eller Labour (som også har denne) og Arbeidarpartiet. Ingen av dei norske er blant dei dårlegaste hos oss, DNA er vel heller blant dei beste.
Sosiale medier er eit viktig svar. Sjølv har eg vald å delta aktivt på sosiale medier, fordi det gjer eit reellt høve til kommunikasjon. Eg møter langt fleire slik enn eg gjorde på dagens konferanse på Hamar, og eg har betre tid og høve til å svare på spørsmål. Men framleis er det for få politikarar og journalistar som bruker sosiale medier, og alt for få som bruker sosiale medier sosialt. Meir om det på NRKBeta.
Nettdebattar er noko som har frustrert mange av oss. Dei er viktige for å få opp eit offentleg rom, men sjeldan veldig gode. Anders Brenna i teknisk ukeblad skriv viktig og utfordrande om det her. Kor lenge kan vi gå rundt og klage på at det er usakleg og dårleg? Burde vi ikkje heller erobre arenaen. Eit litt slitsomt prosjekt, men eg trur han er inne på noko viktig.

klimaproblema, isen smeltar raskare enn nokon trudde i Arktis, isbreeane i Europa dreg seg attende, Al Gore vert global klimahelt og vår merksemd er retta mot klimaproblema.
Av alle dei små tapa livet gjer, synest eg for min eigen del at tapet av oppmøte på David Byrne sin konsert i oslo forrige veke er særleg tungt å svelge. Eg går jo stort sett aldri på konsert lenger, men likevel. Dette er mannen og bandet (Talking Heads) som eg så utruleg gjerne vil sjå men aldri har sett.