Organdonasjon igjen
Mange sterke synspunkt på forslaget mitt om stille samtykke til organdonasjon. Dei fleste synspunkta er kjente, både for og mot. Ei nettavrøysting i VG viste at dei som tok stilling var splitta om lag 50/50. Det er sjølvsagt mykje støtte for eit nytt framlegg, men samstundes eit argument i seg sjølv for at denne debatten må gå langsomt. Dersom ei slik endring skal gjennomførast må det vere brei semje om det.
Eg vil kort seie litt om Pål Julius sin kommentar. Interessant artikkel i The Economist. Det er rett at land med litt ulike system har suksess. Spania er på Europatoppen, dei har eit system som liknar på det norske. Dei to landa i Europa som liknar mest på det eg foreslår, Belgia og Austerrike, ligg også i toppen (men godt bak Spania). To ting er likevel viktig å ha med seg:
1) Uavhengig av kva system ein har for å bestemme seg for om ein vil donere, er det mange andre ting som må fungere. Ein må identifisere eit organ som kan transplanterast, ein må oppbevare og behandle det rett og det må vere orden på logistikken i ein tidspressa situasjon ved ein transplantasjon. Spania er eit forbilde her, men vi har gjort store framsteg i Noreg. Alt dette arbeidet er nausynt, og eg er veldig for det.
2) Belgia og Austerrike har nei-register, men ingen av dei har tatt steget fullt ut slik eg meiner er rett. Dei spør framleis dei pårørande som ein tryggingsventil. Eg meiner det er etisk rett å legge avgjerdsla til oss sjølve medan vi er i livet, og ikkje belaste pårørande med den. Det er også ei ordning eg føler meg trygg på vil gje fleire organdonasjonar.
Pål Julius har forresten eit godt innlegg om fråfall i vidaregåande skule på bloggen sin (Han er fylkesråd for utdanning i Troms).
Taggar: Fråfall, organdonasjon













28 February 2009 kl. 18:55
Eh, den litt dumme bloggen sletta heile innspelet mitt av di eg skreiv «seksten». Det er veeeldig vandskeleg å vita kva i alle dagar han meiner med «skriv inn talet 16 med små bokstavar».
Same kva; i korte trekk:
Den britiske planen er veldig god. Det er godt å sjå at Noreg fylgjer med. Veldig bra
NB: Han gjorde det endå ein gong, korleis i alle dagar skriv eg 16 med små bokstavar? «seksten» «16». Eg kjem ikkje på meir. «seisten», det er vel ikkje eit ord?
NB2: Nei feil. «tallet 16», då? (dei som styrer med bloggen burde leggja inn Akismet til søppelpost og i tillegg bruka OpenID)
NB3: Nei, no gjev eg snart upp. Dette vert for dumt.
NB4: Bah. *Irritert*.
NB5: Prøver det mest upplagte, «seksten» ein siste gong.
28 February 2009 kl. 18:56
Sjå der. Eg må ha skrive det konsekvent feil då(?)
28 February 2009 kl. 18:58
Ultraflaut at eg no hadde klart å koma meg til neste innlegg. Eg er ikkje interessert i organdonasjon, fri programvare derimot…
5 March 2009 kl. 0:42
HAHA!
Jeg klarte det på første forsøk!
Men det svaret jeg skrev i sta på den opprinnelige posten om organdonasjon måtte jeg skrive to ganger. Ahrg. På andre forsøk skrev jeg seksten riktig (prøvde først å skrive “16″ men jeg så jo ikke at jeg måtte skrive navn og e-post på nytt. Heldigvis hadde jeg kopiert teksten.
24 April 2009 kl. 12:50
Hvorfor ikke rekruttere donorer gjennom fastlegen vår? Det burde bli en obligatorisk forespørsel til alle pasienter. Mange ville fylle ut et donorkort på direkte forespørsel.