Organdonasjon igjen
27. February 2009Mange sterke synspunkt på forslaget mitt om stille samtykke til organdonasjon. Dei fleste synspunkta er kjente, både for og mot. Ei nettavrøysting i VG viste at dei som tok stilling var splitta om lag 50/50. Det er sjølvsagt mykje støtte for eit nytt framlegg, men samstundes eit argument i seg sjølv for at denne debatten må gå langsomt. Dersom ei slik endring skal gjennomførast må det vere brei semje om det.
Eg vil kort seie litt om Pål Julius sin kommentar. Interessant artikkel i The Economist. Det er rett at land med litt ulike system har suksess. Spania er på Europatoppen, dei har eit system som liknar på det norske. Dei to landa i Europa som liknar mest på det eg foreslår, Belgia og Austerrike, ligg også i toppen (men godt bak Spania). To ting er likevel viktig å ha med seg:
1) Uavhengig av kva system ein har for å bestemme seg for om ein vil donere, er det mange andre ting som må fungere. Ein må identifisere eit organ som kan transplanterast, ein må oppbevare og behandle det rett og det må vere orden på logistikken i ein tidspressa situasjon ved ein transplantasjon. Spania er eit forbilde her, men vi har gjort store framsteg i Noreg. Alt dette arbeidet er nausynt, og eg er veldig for det.
2) Belgia og Austerrike har nei-register, men ingen av dei har tatt steget fullt ut slik eg meiner er rett. Dei spør framleis dei pårørande som ein tryggingsventil. Eg meiner det er etisk rett å legge avgjerdsla til oss sjølve medan vi er i livet, og ikkje belaste pårørande med den. Det er også ei ordning eg føler meg trygg på vil gje fleire organdonasjonar.
Pål Julius har forresten eit godt innlegg om fråfall i vidaregåande skule på bloggen sin (Han er fylkesråd for utdanning i Troms).






