Talk Talk: Spirit of Eden
Talk Talk var ein del av det tidlege 80-talets omdanning av popen. Melankolske men tilgjengelege melodiar, elektronikk blanda med akustiske instrument og litt av haldninga frå post-punken. “It’s my life” var ein stor hit, og fleire plater selde bra. Mark Hollis og Tim Freese-Green var låtskrivarar og dirigentar. I 86 kom singelen “Life’s what you make it”. Fin pop som selde. Den gav også gruppa eit visst stempel som raffinert pop-band. Den nest plata skulle droppe pop og berre stå att som raffinert. Som storseljande popheltar fekk dei boltre seg med masse dyr studiotid. Dei gøymde seg vekk, brukte masse tid og pengar og kom ut av stilla med “Spirit of Eden”. Seks spor, sett saman av stemningar og element av melodiar. Skarpe, sakte rytmar ligg over gitar og piano, eit blåseinstrument i ny og ne og ei stille røyst som kjem inn frå sida.
Plata er for seine nattetimar, eller stille søndagsmorgonar og er blant dei beste frå 1988.
Taggar: 80-talet, pop, Talk Talk, vekas plate














5 December 2008 kl. 17:28
Takk for fint musikktips!
31 January 2009 kl. 17:53
Fet plate, high five for god smak BV!!
27 March 2009 kl. 21:40
bmvdxayo…
bmvdxayo…
1 September 2010 kl. 19:39
Creation site internet Brest…
We tailor web sites to your needs……