Redaktøren i det venstreorienterte vekemagasinet Ny Tid, Dag Herbjørnsrud, skriv i sin siste leiar at SV bør forlate regjeringa. Eg lyttar alltid med interesse når interessante og oppegåande folk til venstre fremmar sitt syn på SV. Det skjer dessutan i den tidlegare partiavisa til SV, som igjen sprang ut av det radikale tidsskriftet Orientering som var eit sentralt miljø rundt stiftinga av SF.
I dette tilfellet har Herbjørnsrud også teke seg plass til å argumentere grundig for sitt syn. Eg er likevel usamd med han. Eg synest argumenta vert for situasjonsbestemte, og perspektivet på venstresida sine mål for smått. Han overvurderer dessutan kor bra det er å vere i opposisjon. Det tør eg seie, som har prøvd det ei stund! Her er mitt svar:
Fornya kraft, ikkje avgang
Av Bård Vegar Solhjell, nestleiar SV
Redaktøren i Ny Tid, Dag Herbjørnsrud, skriv i den siste leiaren sin at SV bør gå ut av regjeringa. Etter mitt syn er det eit dårleg forslag for Noreg, for venstresida og for SV. Perspektivet blir for smått og kortsiktig.
Då Soria Moria-erklæringa kom i 2005 vart den hylla som ambisiøs og radikal. No er den for det meste gjennomført. Den merksemda den har fått på venstresida i andre europeiske land har blitt mindre rapportert her heime. Eg innleia om Soria Moria og den norske raudgrøne regjeringa på ein konferanse for europeiske venstreparti i Nederland i 2007. Gjennomgangstonen var at det var den mest radikale regjeringsplattforma i Europa, og at ein i Europa merka den politiske endringa i Noreg.
Kva merka dei? For det første ein meir radikal utanrikspolitikk. Noreg trakk dei militære styrkane ut av Irak og ut av den amerikansk-leia OEF i Afghanistan etter valsigeren. Vi oppretta kontakt med den palestinske samlingsregjeringa som dei fleste europeiske land ikkje ville ha kontakt med. Vi auka bistanden til over 1 prosent, og vi stilte oss i spiss for gjeldsslette til fattige land. Alt saman kjende SV-standpunkt, som venstresida i andre land ikkje får gjennomslag for. For det andre at Noreg igjen tok på seg leiartrøya i internasjonal miljøpolitikk. Vi har sett oss verdas mest ambisiøse klimamål og vi har eit internasjonalt anerkjent prosjekt for fangst og lagring av CO2. Ikkje minst vert det lagt merke til at vi leiar an i kampen mot nedhogging av regnskog (som står for opp mot 20 prosent av verdas CO2-utslipp) med å satse milliardsummar. For det tredje at den privatiseringsbølja som har gått over Europa, og slått tungt inn i sosialdemokratiske parti, går motsett veg i Noreg. Vi stoppa privatiseringa av skulen og Jernbaneverket, og kjøpte oss opp i viktige industriselskap. For det fjerde har Noreg bygd opp velferdsstaten i desse åra, og gjennomført reformer som venstresida i det meste av Europa arbeider for. Barnehagereforma er den største velferdsreforma i nyare tid, og inneber den kombinasjonen av tidleg innsats for barn og gode praktiske ordningar for foreldre som det meste av europeisk venstreside arbeider for. Satsinga på skule, eldreomsorg og andre tenester i kommunane står i skarp kontrast til den nedbygginga våre naboland opplever. For det femte har vi hatt fordelings- og fattigdomsfokus i ein periode der mange regjeringar ser på aukande skilnadar som naturskapte. Vi har auka skatten til dei med stor formue og redusert den for dei med låg formue. Samstundes er minstepensjonen auka kraftig, sosialhjelpsatsane er justert opp, bustøtta er utvida og kvalifiseringsprogram er innført for å få fleire tilbake til utdanning og arbeidsliv.
Det norske prosjektet spreier seg no. I Island har vi ei raudgrøn regjering. I Sverige og Danmark skal raudgrøne koalisjonar etter norsk modell slåst om valsigeren. I Tyskland vert det same diskutert etter sosialdemokratane sitt nederlag i fjor.
SVs kongstanke frå 90-talet, det raudgrøne samarbeidet, er blitt politisk eksportvare frå Noreg. Den viktigaste grunnen er at det er ein politisk suksess, med ein langt klårare profil enn dei grå sosialdemokratiske mindretalsregima, og at det var ein suksess i valet.
Dette er resultat av at SV sit i regjering. Utålmodige menneske som oss vil likevel alltid ønske å få til meir. Ikkje minst etter tilbakegongen ved valet i fjor haust er det ei tøff oppgåve.
Men løysinga ligg ikkje i at SV går ut av regjeringa.
Det vil vere ei dårleg løysing for Noreg, som vil få ein meir kaotisk politisk situasjon der høgrekreftene får betre spelerom og venstresida mindre innverknad. I miljøpolitikken vil det vekke til live det sovande fleirtalet av AP, H og FrP i Stortinget.
Det vil vere ei dårleg løysing for venstresida nasjonalt og internasjonalt. Vi treng sentrum-venstre regjeringar som kan prestere endring over tid.
Det vil også vere ei dårleg løysing for SV. Vi har ikkje meir enn våre 6.2% då heller. Men vi vil ha null innverknad over politikken. Gjentekne undersøkingar frå førre periode viser at SV sine veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa, og at dei vil ha SV med der. Vi tapte heller ikkje våre veljarar til Raudt (dit frustrerte anti-regjeringsrøyster kunne tenkast å gå), men til Ap – som jo sit i regjeringa.
Det SV oppnår med å forlate regjeringa er mindre innverknad for venstresida og miljørørsla, samt å svekke den nordiske trenden mot raudgrøne samarbeid.
Løysinga ligg i å styrke og ta leiinga i det raudgrøne samarbeidet, ikkje i å bryte ut av det:
* Vi må gå nye skritt i miljøpolitikken, og ikkje minst vise at vi vil gjennomføre radikale grep i Noreg i mange år framover.
* Vi må styrke barnevern og førebygging, få bukt med fråfallet i vidaregåande skule og trappe opp kampen mot fattigdom enno meir.
* Vi må bli ein klårare debattskapar og politisk nytenkar samstundes med at vi sit i regjering.
* Vi må få fram dei mange endringane vi gjennomfører som regjeringsparti, og utfordre høgresida langt sterkare.
For litt over eit år sidan hadde Høgre 13 prosent på meiningsmålingane, og alle du møtte hadde noko negativt å seie om Erna Solberg. No er ho helt og Høgre har 25 prosent på siste måling. Stemningar snur fort i politikken. Det gjeld å halde fast på det som er politisk riktig over tid.